Kva med opning av biblioteka?

Skjermbilde 2020-04-08 21.21.38
Lukka bibliotekdør i Vilnius. Foto: Mantas Indrašius (CC BY-SA 2.5)

Vi er jo vane med at biblioteket blir utegløymt i offentlege utgreiingar osv., men no når helsa til både lånarar og tilsette står på spel, burde vi kunne krevje noko meir. For no er «opninga av samfunnet» blitt temaet i alle kanalar. Men når må og kan biblioteka førebu seg på å opne? (I USA meiner nokre det bør ta ekstra lang tid).

I Danmark står biblioteka i alle fall på ei liste over framtidige opningar. Men det har alltid vore eit heilt anna bibliotekland. Med dei svært mange små norske folkebiblioteka er opning på kommando på éin dato vanskeleg å tenkje seg, for om det i alt er t.d. tre tilsette og éin har symptom og éin er i karantene …

Og dei fleste biblioteka fekk vel ikkje tid før 12. mars til å sjå på skjerming, reingjering og andre tiltak mot smitte (her får vi spørje svenskane, der mange framleis held ope. Dei har ei eiga Facebookgruppe for sånt, men fann henne ikkje i farta).

Og kva med skole- og UH-bibliotek? I det nyaste dekretet frå Erna & co. heiter det at «Fagskoler, høyskoler og universiteter åpnes delvis fra mandag 27. april». Og vidare: «Åpningen gjelder kun for de som trenger tilgang til øvingslokaler, laboratorier og ferdighetsrom for å fullføre denne våren.» Men bibliotek treng dei ikkje?

Leave a Reply