Bok-rens og -karantene IKKJE naudsynt

Skjermbilde 2020-04-23 11.57.07

Reingjering av bøker i 1709

Bibliotekarforbundet skriv på heimesida si at dei har vore i kontakt med Folkehelseinstituttet (FHI) og fått ein del generell informasjon om smittefare og kor lenge viruset overlever på ulike overflater.

Sjå også «Sju forslag for den nære framtida».

Av konkret interesse for bibliotekdrift er det at «Den indirekte smitten av SARS-CoV-2 fra bøker vurderes som svært begrenset». Dette er vel også andre nasjonars bibliotekorganisasjonar kjende med, men der står likevel karantene for bøker sentralt i det vi har funne til no. Utan at karantenetid er fastslått.

>> Nytt 22.4.: Etter kontakt med FHI vurderer Nasjonalbiblioteket «det slik at risiko for indirekte smitte fra bøker er lav. Det å iverksette spesielle tiltak som å sette bøkene i karantene eller rengjøre bøkene på grunn av covid-19 er ikke nødvendig» (vår utheving)

Ein annan ting er om folk, særleg dei i risikogruppene, vil stole på dette.

BF presiserer at … «Det er myndighetene, ved Utdanningsdirektoratet i samarbeid med FHI, som er ansvarlig for de nasjonale retningslinjene. Vi vil understreke at BF ikke kan komme med egne anbefalinger på området».

Men vi må håpe at desse instansane, når dei skal lage rettleiing for opning av bibliotek, har nær kontakt med bibliotekfaglege miljø.

I Danmark har Forbundet Kultur og Information (tidlegare Bibliotekarforbundet) gått saman med Bibliotekschefforeningen og Danmarks Biblioteksforening om heilt konkrete tilrådingar til kulturministeren.

One Trackback to “Bok-rens og -karantene IKKJE naudsynt”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: