Prinsippa om offentleg innsyn, open informasjon og debatt er nært knytte til heile ideen om biblioteket. No har vi ein diskusjon om appen Smittestopp som skal overvåke oss, men til fellesskapens beste, heiter det. Og på Nrk.no i dag handlar det om at dei har fått tilgang til dei hemmelege rapportane om konsekvensane av koronaen, men det meste er sladda «av hensyn til rikets sikkerhet».
Bibliotekarar og bibliotekorganisasjonar må framover alliere seg med andre krefter som som «i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati» (frå «Sju forslag for den nære framtida»).
Leave a Reply