Biblioteka i 2021: Fare for ny, låg «normal»

Skjermbilde 2020-05-13 12.03.31Sjølvsagt stod det ingenting om bibliotek i det reviderte nasjonalbudsjettet, men det har det vel heller aldri gjort (og det einaste som står om kultur er om kompensasjonsordninga for inntektsbortfall. Så dei som framleis tar overdagspengar og sel berenett og kaffi kan jo søkje 🙂 ). 

Men det står mykje om kommuneøkonomi, og det regjeringa vil bidra med her er det fleire meiningar om, sjå illustrasjonen og klikk for å sjå eit nyheitssøk om dette.

Så vil sjølvsagt bibliotek-kampane stå i kommunestyra til hausten. Men det skumle no, er at biblioteket ikkje gjer seg synleg, til dømes verken fremst eller bakarst …

… i flokken rundt kulturminister Abid Raja når han møter pressa. Og heller ikkje i lokalavisene. Då er det idrett, frivillige, film og kino, korps og kor og alt anna kult enn bibliotek. Det einaste vi fann i riksnyheitene var leiaren av Riksmålsforbundet som i ei opplisting også nemner «Midler til bibliotekene for å øke aktiviteten i en nedstengningstid».

Alle kommunale sektorar, også dei klårt prioriterte, altså helse og omsorg og skole, vil måtte kutte i åra som kjem. Sjølv om biblioteket er lovfesta, vil vi no sjå tydelegare enn før at det einaste kravet frå lovgjevarane som vil vere urokkeleg er at det skal vere eit bibliotektilbod i kvar kommune. Etter kommunereformen kan det til dømes føre til at 72 tidlegare hovudbibliotek blir truga.

Om ein ikkje så snart som råd får nasjonal og lokal merksemd om behova til biblioteka etter koronen, kan biblioteka lokalt, i kommunebudsjetta, havne på minimumsnivå fleire stader. Og derfrå må ein kjempe verkeleg hardt for kvar einaste forbetring.

Då siterer vi oss sjølve for eit par veker sidan: Alliansar må byggjast med personar og grupper som i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati.

One Trackback to “Biblioteka i 2021: Fare for ny, låg «normal»”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: