Siste: Kjem Kulturdepartementet med ny rettleiar?

Skjermbilde 2020-05-13 14.42.19I førmiddag kom ei litt uklar melding frå regjeringa om «Bransjestandarder på kultur-, idrett-, frivillighet- og mediefeltet». Her får vi vite at «Henvendelser om bransjestandarder på ulike fagområder håndteres nå av sektordepartementene for å avlaste helsemyndighetene»

>> Sjå kommentar og ordveksling nedanfor

Etter røynslene til biblioteka er dette eit framsteg. Men NBF og BF har jo alt laga ein Smittevernveileder for bibliotek. Denne blir også lista opp av regjeringa, men som eit døme på «utkast til smittevernsveiledere». Og dei skriv at «Det jobbes nå med å avklare spørsmål i forbindelse med disse». Så då kjem det likevel noko nytt derfrå?

Det hadde nok ikkje skada. Av ting vi les på nettet får vi mistanke om at …… nokre kommunelegar ikkje tar NBF/BF sin rettleiar heilt alvorleg.

Og vi repeterer at vi i denne saknar behovet for informasjon på fleire språk på plakatar og nettsider. Info til «barn eller personer med kognitive svikt» er nemnde, men ikkje andre minoritetar. Ein kunne kanskje også nemne døme på differensiering etter kor store bibliotek vi snakkar om. På hovudbiblioteket i Tromsø set dei til dømes grensa for opphald i maks 15 minutt etter kva for avdeling folk oppheld seg i.

3 Responses to “Siste: Kjem Kulturdepartementet med ny rettleiar?”

  1. Hei, biblioteka sin standard står i lista over dei som er ferdige og kan vera til inspirasjon for andre.

Trackbacks

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: