Full ominnreiing av Nye Deichman?

Skjermbilde 2020-05-28 23.59.54Dei fleste lesarane av denne bloggen kjenner godt til historia om korleis det nyleg stengde hovudbiblioteket på Hammersborg i Oslo var blitt «umoderne» før det opna i 1935. Det bygde på ein elitistisk og lite fleksibel trapp-og-søyle-dominert bibliotekarkitektur som elles var forlate, til dømes fjorten år før i Stockholm då dei opna det nye hovudbiblioteket sitt.

Men no kan det vise seg at dei mykje omtalte opne løysingane i det nye biblioteket i Bjørvika som opnar 18. juni er så smitte- og helsefarlege at det vil haste med større endringar der også. Og ikkje berre der, men i svært mange, for ikkje å seie alle moderne bibliotek som har som prinsipp å få flest muleg innbyggjarar til å bruke lokala.

Bakgrunnen for denne påstanden vår er blant anna ein artikkel i dag i Khrona: Smitteekspert trekker fram åpent kontorlandskap som høyrisiko. Som byggjer på ei sak i Dagsavisen om tilsvarande utfordringar i det nye regjeringskvartalet. Ordet bibliotek finst ikkje i artiklane, men begge illustrasjonane til saka i Khrono viser bibliotekrom, ei arkitektteikning av eit myldreareal og typisk «møteplass» og eit foto frå ein lesesal.

« … koronaviruset ser ut til å ha spredt seg svært raskt nettopp i kontorbygninger der det finnes åpne kontorarealer og fellessarealer hvor mange oppholder seg». Dette seier professor i smittevern Bjørg Marit Andersen, tidlegare smittevernoverlege ved Oslo universitetssykehus Ullevål, og ho konkluderer med at:

Skjermbilde 2020-05-29 09.23.01

Ikkje akseptabel hylleavstand når vi i framtida skal ta omsyn til pandemifaren. Men det løyser seg jo når e-bøkene overtar for p-bøkene? Men om forlaga ikkje opnar for meir bibliotekutlån av e-bøker … så har dei die Endlösung på heile bibliotekproblemet. Foto frå Dokk1 i Århus.

«Kontorer med åpne landskap er ikke fremtidens løsninger når vi ser hvordan koronaviruset har spredt seg. Pandemien må få konsekvenser for hvordan kontorbygg og arbeidsplasser utformes». Og andre som blir intervjua med tilknyting til UH-institusjonar med byggjeplanar er stort sett einige i behovet for å tenkje nytt.

Det interessante for biblioteka sin del er ikkje berre kontorløysingane for bibliotekarar og andre tilsette, men «arbeidsplassane» til dei hundrevis lånarane som har behov for biblioteket som noko mykje meir enn til henting og levering av bøker.

For fem dagar sidan omsette vi delar av ein tekst frå heimesidene til ALA, den US-amerikanske bibliotekforeininga, der dei stiller opp fleire utfordringar og scenario når biblioteka skal opne igjen, blant anna desse:

    • Som møteplass på campus, korleis vil biblioteket tilpasse retningslinjer og tenester for å tene studentane når dei har redusert rørslefridom?
    • Vil bibliotek kunne omorganisere areala sine for å tilby færre sitteplassar og arbeidsområde?

3 Trackbacks to “Full ominnreiing av Nye Deichman?”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: