Budsjetthausten i eit nøtteskal

Moss bibliotek 2006

På nyåret kan nedoverbakken ved Moss bibliotek bli ekstra bratt

Formuleringar som denne i Moss Avis i dag kjem vi dessverre til å høyre og lese i mange lokalaviser denne hausten: «De eneste lovpålagte tjenestene innenfor kultur er at kommunen må kunne tilby et bibliotek- og kulturskoletilbud. … Hvor godt dette tilbudet må være, sier imidlertid lovverket lite om … » (vår utheving).

Etter kommune- samanslåinga har Moss to bibliotek, eitt i sentrum og eit, nytt og flott eitt, i tidlegare Rygge, men i eit område med enormt stor bustadbygging, faktisk ein heil ny bydel i eit tidlegare fabrikkområde. Og med trange gater mot sentrum.

Eitt scenario er at dei må … … leggje ned det sistnemnde biblioteket og gjere det til berre skolebibliotek, som det også er. Eitt anna er store reduksjonar i bemanninga og dermed også i opningstidene. Begge stader.

Frå før kan Moss dokumentere altfor lita statleg dekning av utgifter ved  kommunesamanslåinga, og som dei fleste andre kommunar har dei fått altfor lite kompensasjon for korona-utgiftene.

Om ikkje bibliotek og frivillig kulturliv får ei verkeleg krisepakke frå staten. Jamfør blant anna Bernhard Ellefsen her om dagen.

 

One Trackback to “Budsjetthausten i eit nøtteskal”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: