
Bloggaren har aldri hatt hjarte til å fotografere i triste norske bibliotek, derfor dette frå Rostock, DE
Etter den brutale senkinga av bokbåten Epos 9. juni leverte Audun Lysbakken (SV) straks eit skriftleg spørsmål til kulturminister Abid Raja (V) «om han i statsbudsjettet for 2021 vil gjeninnføre et statlig, øremerket tilskudd til mobile bibliotek, som blant annet bibliotekbåten Epos vil kunne få støtte av?».
Raja svarer først at dette er det for tidleg å svare på, men i resten av svaret, som er eit ganske klart nei, grunngir han det slik: «Selv om antallet mobile bibliotekavdelinger har gått ned i perioden etter at øremerket driftstilskudd ble avviklet, er det lite som tyder på at bibliotektilbudet i kommunene har blitt dårligere. I forbindelse med evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2015-2018 oppgav hele 54 prosent av befolkningen at de hadde brukt folkebiblioteket det siste året» (våre uthevingar).
Logikken må vere: Bruken på landsbasis aukar, og vi må då tru at folk med lang veg og/eller dårlege offentlege kommunikasjonar til biblioteket, blant anna også ungar, eldre og sjuke, får det dei treng. For regnar det på presten osv.
Så enkelt er det ikkje, men Raja skal kanskje ikkje klandrast, for han veit sjølvsagt ikkje … … meir enn det den offisielle bibliotekstatistikken fortel han. Og ei sterk slanking av analysane dei siste åra gjer at skilnader mellom bibliotek i små og store kommunar er blitt usynlege.
Før var skilnaden etter kommunestorleik alltid eit viktig poeng i den statlege analysen av den årlege bibliotekstatistikken, til dømes i 2006, då bibliotek- og museumsstatistikken fylte eit hefte på 93 sider. Men då Nasjonalbiblioteket overtok ansvaret slutta dei etter kvart å rekne på dette. Analysane er no reduserte til tre sider (med fleire grafar og mykje luft) i SSB sine årlege utgåver i serien Kulturstatistikk. Der er ingenting brote ned meir enn til fylkesnivå. Skal vi i dag finne skilnadene etter kommunestorleik må vi bale med dei svære, uhandterlege reknearka til NB.
Når Deichman når målet sitt om å femdoble bibliotekbruken med den nye storstova i Bjørvika, vil nærmare 60 prosent av folket vere bibliotekbrukarar (24,9 millionar brukte biblioteka i 2018, og Oslo stod for over 11 prosent av dette). Men hjelper det ungane på til dømes Bruntveit på Reksteren i Tysnes?
PS 1: Eit godt inntrykk av stoda for dei små biblioteka i landet får du i boka «Det norske biblioteket» med Jo Straube sine fotografi og Frode Grytten sin tekst. Årets vakraste foto-/kunstbok i 2018, men fotoa er ikkje berre av staselege bibliotek.
PS 2: Elles var det partiet til Abid Raja som for få år sidan gjekk inn for ein øyremerka bibliotekmilliard til biblioteka, også kalla bibliotekløft.
Leave a Reply