Den frigjerande bokbåtnedlegginga!

Skjermbilde 2020-06-25 23.24.26

Sidan 1982 har Klovnen Knut, til dagleg Knut Berntsen, vore med på Epos. 

Måndag skreiv vi om Audun Lysbakken sitt forsøk på å få bokbåten Epos opp på rikspolitisk nivå i Stortingets spørjetime. No har Kjersti Toppe frå Senterpartiet forsøkt seg i same forum, med omtrent same vri. Svaret frå kulturminister Abid Raja blei sjølvsagt like negativt.

Men som sist har Raja interessante signal i svaret sitt. Han avsluttar slik: «Jeg finner det lite hensiktsmessig at staten skal overta driften av lokale bibliotekoppgaver som de lokalt ikke finner det formålstjenlig å videreføre. Dette vil ikke bare svekke det lokale selvstyret, men også undergrave muligheten for bibliotekutvikling lokalt ved å holde fast på eksisterende infrastruktur».

Det var neppe eit varmt ønske frå fylkespolitikarane å fjerne tilbodet. Det einaste «formålstjenelige» ved nedlegginga var nok å redde andre, viktige postar på eit skrantande budsjett.

Men i og med nedlegginga har fylka og kommunane i alle fall fått eit eineståande høve til å … … drive innovativ bibliotekutvikling i dei minste lokalsamfunna, og no heilt fritt for hemmande «eksisterande infrastruktur». Rett nok er det vel berre skrantande kommunebudsjett i regionen også, særleg etter koronaen, men ein skal ikkje ta sorgene på forskot.

Og samtidig tar dette verkeleg til å svinge! I kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup si nye stortingsmelding «En innovativ offentlig sektor» finn vi faktisk godord om biblioteka i kapitlet om «Skrittvis og radikal innovasjon». Og biblioteket nemnast ikkje blant dei skrittvise innovasjonane, men saman med «Airbnb … i hotellmarkedet, og Vipps i bankmarkedet»!

Då kan vi ikkje la slike som Klassekampen-redaktør Mari Skurdal ta motet frå oss.

 

Leave a Reply