«Hvis noe liknende skjer igjen …»

Skjermbilde 2020-06-25 19.29.38Dette er eitt av spørsmåla i ei fersk spørjeundersøking retta til norske bibliotektilsette om arbeidssituasjonen under koronaen: «Hvis noe liknende skjer igjen med samme konsekvenser, hva er de viktigste erfaringene biblioteket bør ta med seg?» Svarfristen er 15. august.

Eit anna viktig spørsmål går på vurdering av «bibliotekets digitale tjenester for brukerne pr. 12. juni» samanlikna med situasjonen 12. mars, altså før regjeringa si «krisepakke», Universitetsforlaget si opning av Idunn.no osv.

Undersøkinga og forskinga på dette er viktig med tanke både på nær og fjern framtid. Dei siste par dagane har ekspertar og myndigheitspersonar snakka stadig høgare om faren for nye smittebølger. Og ein må hugse at omlag kvar femte innbyggjar er i ei riskogruppe, noko biblioteka må ta omsyn til i lang tid framover.

Forskarar ved institutt for arkiv, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet gjennomfører undersøkinga. Tilsette i fag- og folkebibliotek har kvart sitt skjema til utfylling.

PS: Kan det stemme at det er heile førti år sidan førre større arbeidsmiljøundersøking for bibliotektilsette!? Nemleg forskingsprosjektet Biblioteksarbeid, arbeidstakerinteresser og EDB, initiert av dåverande Kommunale bibliotekarbeideres forening?

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: