
Bærum bibliotek har laga ei leseliste for ungdom om BLM. Klikk og kikk.
I Washington Post finn vi to urovekkjande oppslag om bibliotek denne veka: I hovudstaden har folkebiblioteka opna igjen, men raskare og meir uforsiktig enn dei fleste andre stader. Trass i fleire klagar er ikkje biblioteksjefen einig i dette. Blant anna meiner han det ikkje er naudsynt å informere personale eller publikum når ein tilsett har fått påvist smitte, fordi «tilsette ikkje er meint å kome nærare enn seks fot frå kundene meir enn ein augneblink». I tillegg viser han til dei tilsette sitt personvern. Han seier han «forstår uroa blant dei tilsette, men meiner innbyggjarane må kunne kjenne seg trygge når dei kjem for å låne bøker».
Og i Douglas County, Nevada, vil ikkje sheriffen svare på eventuelle naudtelefonar frå biblioteket, fordi dei har erklært at dei stør #BlackLivesMatter….
Leave a Reply