Archive for ‘Kunnskapsorganisering’

juli 14, 2022

Sommarreprise

Ikkje bibliotek, men bøker. Og sommar. Frå Kaholmen på Kråkerøy i Fredrikstad

Då må det vere noko kosjli og som vi kan slaffe godt av med. Til dømes eit fun-fact-oppslag frå i fjor om kor vanskeleg det er å søkje og finne litteratur om bibliotek – særleg i landets største bibliotek! Det er faktisk blant dei mest håplause søka som finst. Ikkje fordi det er lite skrive om bibliotek, men fordi digitalisering og fulltekst ikkje er superløysinga på alt.

juli 6, 2022

Fulltekst versus katalogisering og metadata?

Frå Nasjonalbiblioteket

Etter Nasjonalbiblioteket si nedlegging av artikkelbasen Norart kom det kritikk og skepsis i fleire forum, blant anna på NBs eige Bibliotek-Norge (PS: Det skal ha kome fire fleire innlegg ifølgje e-postvarsla, men av ein eller annan grunn kjem dei ikkje fram her? Kan nokon forklare?).

Underteikna har ikkje katalogisert noko som helst sidan juni 1990 (i Polydoc på «Tune-tekniker’n» i Sarpsborg), og var heller ikkje då nokon virtous. Men har oppfatta at det har gått faglege debattar oppigjennom om fulltekstsøk i motsetning til «tradisjonell» katalogisering. «Google-metoden» har sjølvsagt sine sterke sider, men bibliotekfolk har meint at han berre duger som eit ekstra hjelpemiddel. Vi ser også at under årets Kunnskapsorganisasjonsdagar handla eit fleirtal av foredraga om, ja, kunnskapsORGANISERING.

Men er Norart-vedtaket eit signal om at fulltekst kjem til å overta?

juni 23, 2022

Norart-nedlegginga: Bekymring i Emnedatakomiteen

1949: Katalogkort med analyttar. Frå Hedvig Schaanning: «Eksempelsamling til hjelp ved katalogisering».

Ei mykje lesen og debattert sak dei siste vekene, blant anna her på bloggen og på lista Biblioteknorge, er om Nasjonalbiblioteket si nedlegging av dei nasjonalbibliografiske tidsskriftanalyttane i basen Norart. No har NB sin eigen rådgivande komité, Emnedatakomiteen, sett på saka, og i referatet frå møtet deira 14. juni heiter det om «Avvikling av Norart»:

Medlemer i Emnedatakomiteen uttrykte bekymring for korleis informasjonsbehova Norart i dag bidrar til svar på, skal dekkast framover ved avvikling av tenesta. Den nye løysinga Nasjonalbiblioteket skisserer framstår som uferdig. Sjølv om delar av datamaterialet kan vera tilgjengeleg i andre former, vil metadata med blant anna klassifikasjonskodar knyta Norart-materialet saman med andre databasar der Dewey er i bruk, både nasjonalt og internasjonalt.
Det at Norart etter kvart ligg i Alma, gjev god tilgang framover. Og fulltekstbaserte søk har potensiale for å møta mange behov. Men det vil vera behov for i det minste grunnleggande metadata knytt til artiklane og innhaldet i dei, og det er behov at nytt materiale vert registrert og lagt til også før ei fornya løysing er på plass.

Norsk komité for emnedata (tidlegare NKKI) «skal fungere som rådgivende organ for Nasjonalbiblioteket og bibliotekmiljøet i saker innenfor det kunnskapsorganisatoriske området». Komitten har blant anna representasjon frå Biblioteksentralen, Bokbasen AS, ABI ved OsloMet og BIBSYS.

juni 9, 2022

Nasjonalbibliografisk fiks?

Plutseleg kjem det frå NB på Bibliotekutvikling.no at Norart er ute av soga, ein viktig del av nasjonalbibliografien, med 660 000 tidskriftanalyttar. Det vil seie, dei skal integrerast i Oria.no, men registreringa og oppdateringa opphøyrer. Og bakgrunnen?: «Nasjonalbiblioteket vil fremover satse på økt tilgang til digital fulltekst og se på nye muligheter for å øke presisjon og treffsikkerhet for å sortere i den stadig økende tekstmengden».

Dette har nokre høgt kvalifiserte fagpersonar forsøkt å engasjere seg kritisk imot, både på Facebook og på postlista Biblioteknorge. Vi vil foreslå å konsentrere debatten om lista. Bli medlem og sjå etter starten på tråden 3. juni, posta av Unni Knutsen.

>> PS 1: I den same tråden på lista Biblioteknorge siterer underteikna 11. juni eit svar som har kome frå NB, men der eg kjem med nye spørsmål og innspel.

>> PS 2: per 15. juni har visst debatten flytta seg til Bibliotekutvikling > Forum > Bibliotek-Norge. Denne lenka dit fungerer vel berre om du er registrert som medlem.

august 21, 2021

Dritlei Dewey?

The Warburg Institute by Philafrenzy  (CC BY-SA 4.0). Utsnitt

Underteikna har leia to studieturar for bibliotekarar til London, men las først i dag om eit bibliotek der borte med ein «attraksjon» som verkeleg må inn i programmet om det blir fleire slike turar. Det er snakk om the Warburg Institute Library (sjå videoen!) ved University of London, i Bloomsbury, heilt sentralt i hovudstaden. Éin spesiell ting er at samlingane «flykta» frå Hamburg til London i 1933 (grunnleggjaren var tysk jøde), ein annan at dette er eit fleirkulturelt kulturhistorisk bibliotek med vekt på illustrasjonar, men for det tredje at samlinga er oppstilt for å oppnå maksimal serendipitet. Eller det vi tidlegare har kalla det lykketreffsikre biblioteket.

Visstnok skal også Biblio Tøyen, der vi dødelege vaksne aldri får sleppe inn, praktisere noko liknande.

juni 23, 2021

FBI

Sikkert innhaldslister i desse

På dansk vil FBI seie Fælles Biblioteksinfrastruktur. Dei har eit nyheitsbrev, og denne veka handlar det om «Flere indholdsfortegnelser på faglitteratur». Meir konkret: «Vi har indtil nu primært udarbejdet en indholdsciterende note på samlingsværker, hvor kapitlerne har karakter af artikler og ofte er skrevet af forskellige forfattere. Dette fortsætter som hidtil, men vi udvider nu også med at gengive indholdsfortegnelser på udvalgte almindelige bøger bestående af kapitler».

Underteikna har ikkje støtt på at slikt inngår i nokon norsk bibliotekbase, men det kan kanskje liggje der ein stad i bakgrunnen?

Finst det planar om å gjennomføre slikt over heile fjøla? Vi kunne ha spurt dei rette instansane, men dei kan også bruke kommentarfeltet nedanfor.

mars 31, 2021

Frå amerika- og hyrdebrev til gåter og grøssarar

Frå Nasjonalbiblioteket fekk vi i februar noko nytt og nyttig: Norsk tesaurus for sjanger og form. For dei som jobbar med katalogar: Dette «publiseres som åpne lenkede data i henhold til SKOS-ontologien». Osv osv.

Skal vi vere litt vanskelege, så testa vi tesaurusen og fekk null treff på «manifest». Kan hende er dette uttrykk for at ein viss ABB har øydelagt denne sjangeren for all framtid, men i til dømes Oria.no førekjem likevel ordet 3354 gongar knytt til titlar i norske bibliotek. Også nokre gongar som sjanger/form.

Éin ting er at Karl Marx ville blitt sur, men det same med mangfaldige kunstnarretningar, arkitektkollektiv osv. I Wikipedia ser vi at religiøse manifest heller går som «trosbekjennelser». Og dette finn vi faktisk i NBs nye tesaurus.

Der som «trusvedkjenning» på nynorsk. Mens det i den offisielle Nyorskordboka heiter «truvedkjenning» utan genitiv-s, sjølvsagt. Prøv igjen, NB 🙂

oktober 20, 2020

Fredsprisen – og Biblioteksøk

A. Nobel, Slett ikkje heilt nedsnødd

>> Nytt kl. 14.29: Sjå «retting» under saka

I Klassekampen i dag handlar kronikken til Birgit Brock-Utne om Bertha von Suttners banebrytande bok «Ned med våpnene» (1899, på norsk først i 1954). Brock-Utne minnar om at Nobels oppretting av fredsprisen «hadde å gjøre med hans beundring for den østerrikske fredskjemperen og pasifisten Bertha von Suttner (1843–1914). Uten hennes stadige brevveksling med og innflytelse på Nobel hadde det ikke eksistert noen fredspris. Det er en skam at det ikke finnes noen byste eller statue av Bertha von Suttner i Nobelinstituttet i Oslo».

Noko anna som ikkje finst der er von Suttners bok! Biblioteksøk avslører:

«Det Norske Nobelinstitutt: Biblioteket har 0 av 0 ledig» …

Noko som pensar oss over på det andre poenget i overskrifta:

read more »
august 20, 2020

Så seier emneordsoga?

På Biblioteksentralen sin kanal Bibbi-nytt klinte dei nyleg til med tankevekkjande sommarunderhaldning i form av ein tekst om «Emner i skjønnlitterære sjangre». Det handlar om statistikk i tabellform over bruken av emneord til bøker i sjangrane «kriminal, spenning, science fiction, fantastisk, grøsser, kjærlighet eller chick lit». Til dømes: Når emneorda i kriminallitteratur er namn på fiktive personar kjem Hercule Poirot klart på topp føre Sherlock Holmes og med Varg Veum hakk i hæl. Mens «Vampyrer» er like suverene når det gjeld fantastisk litteratur, med «Trolldom» på andreplassen.

Men så skriv dei at statistikken omfattar «de siste seksti årene». Men nokre av oss som har vore med ei stund, om enn ikkje seksti år i yrket, vil hugse debattar på midten av 1980-talet om emneord i det heile tatt burde brukast på skjønnlitteratur. Underteikna var på eit møte der representantar for særleg barnebokforfattarane var verkeleg opprørte over dette. Argumenta imot var at skjønnlitteraturen ikkje måtte setjast i båsar og at katalogbrukarane då berre ville bli informerte om eit subjektivt utval av kva bøkene handla om.

Tenkjer nokon slik i dag? Mange som er interesserte i bibliotekhistorie vil i alle fall finne dette skiftet interessant. Men har nokon der ute meir å melde om debatten? Til dét formålet har vi eit kommentarfelt nedanfor.

Når det gjeld omtrentleg tidspunkt …

read more »
juni 22, 2020

Yess!

Å lese på NB.no 17. juni: «Nasjonalbibliografien er nå igjen tydelig tilstede på Nasjonalbibliotekets nettsider, det vil si den den delen av Nasjonalbibliografien som er registrert i Alma (BIBSYS-konsortiets felles biblioteksystem). I praksis betyr dette bøker, e-bøker, lydbøker, kart, periodika, innspilt musikk og noter. Tidsskriftsartikler og Samisk bibliografi er også med».

Den første lenka er rett nok dau, men prøv den andre.

PS: Nokre seier dei ikkje får nyheits-mailane dei har tinga kvar gong det er noko nytt på denne bloggen. Vi set pris på om du skriv dersom dette også gjeld deg: frilanders @ gmail.com.

februar 23, 2020

Skei Grandes «ISBN-flause» for tredje gong

Her på bloggen har Trine Skei Grande fått gjennomgå for mykje, og det meste har vore vel fortent, men her og no skal ho berre få ein streng peikefinger om å hugse å be om sitatsjekk og gjennomlesing av alle intervju.

Den tidlegare kultur- og no kunnskaps- og integreringsministeren må ha gløymt å be om dette då både Vårt Land og Dagbladet i kvart sitt intervju for to år sidan gav inntrykk av at ho ordnar boksamlinga si etter ISBN-nummer, «for å ha oversikt». Bibliotekarar og andre bokfolk ser då føre seg bøkene oppstilte etter desse ganske uinteressante nummera, i praksis blir det etter nasjonalitet og forlag. Og gjenfinning etter ISBN-nummer er for folk med Magnus-Carlsen-minne.

Men først i dag, i eit større heime-hos-intervju på Nrk.no, får vi forklaringa på samanhengen mellom ISBN og å halde oversikt over samlinga:

read more »
januar 14, 2020

Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar

Skjermbilde 2020-01-14 12.29.07Bloggaren har på ny gjort eit intervju for tidsskriftet Bibliotekaren, med bibliotekprofessor Joacim Hansson ved Linnéuniversitetet i Växjö. Det kan lesast i nummer 4, 2019 på papir og på pdf. Og i ein litt lengre versjon her:

Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar

I Sverige har ytre høgre starta ein målretta kamp mot bibliotekpolitikken. Utviklinga krev meir sjølvmedvitne bibliotekarar, meiner den profilerte bibliotek- og informasjonsvitskapsprofessoren Joacim Hansson.

Tekst og foto: Anders Ericson, frilansjournalist og bibliotekbloggar

Om du høyrer til den litt aparte rasen som tingar siteringar i Google Scholar, kjem svenske Joacim Hansson på sitat-toppen blant bibliotekforskarane, med nær nitti hittil i år. Så har han då vore svært produktiv i sine tjue år som bibliotek-doktor, med 12-13 bøker og rapportar på tre språk i Libris, den svenske nasjonalbibliografien. Pluss ei mengd artiklar. Og mykje handlar om bibliotekarrolla, -identiteten og -etikken. 

Bibliotekaren drog til Linnéuniversitetet i Växjö for å høyre meir om dette temaet, som litt uforskyldt har kome i aktuelt fokus i Sverige, også fordi ytre høgre har starta ein målretta kamp mot kultur- og bibliotekpolitikken. 

read more »

april 5, 2019

Nye og gamle nål-i-høystakken-metodar

M24 skriv NRKs Lars Kristiansen relativt utfyllande om kunstig intelligens (KI) innan journalistikken. Om det kjem brått på kor mykje robotane alt bidreg med til nyhetsbiletet må dei meir kjenslevare gjerne ta sentralnervestimulansar og/eller gode pausar under lesinga. Og dei med datasystem som slit med å navigere blant nokre tusen bøker i eit bibliotek kan få anfall av avundsjuke på journalistar som no bruker KI til å søkje i verkeleg store datamengder, og som finn resultat med stor presisjon.

Samtidig les vi på forskning.no om bruken av digitale visualiseringsverktøy i høgare utdanning og forsking. Vil dette overta …

read more »

september 7, 2018

Teoretiker og praktiker

hegna_forskningsbiblioteket-214x300Et anmeldereksemplar vi har hatt liggende altfor lenge er Knut Hegnas

Forskningsbiblioteket fra kortkatalog til Twitter – 45 tekster på 37 år (gratis pdf). Vi har sitert fra boka tidligere, men nå våger vi å sammenfatte de nærmere 400 sidene med alt fra innlegg på postlister via tidsskriftartikler og foredrag til kapitler i bøker der han har bidratt.

Boka blir altså ei oppsummering av den lange karriera hans innen kunnskapsorganisering og bibliotek-IKT i stor bredde. For ikke å si bibliotek-EDB, for han var en kapasitet alt i 1980, da han holdt et foredrag, den første teksten i boka, på Statens bibliotekhøgskole, og der han blant annet spådde:

«Philips har utvikla et nytt system som baserer seg på en slags grammofonplate som kan leses ved hjelp av en laserstråle. En slik plate kan inneholde minst 50 vanlige bøker og koster så vidt jeg vet ikke mer enn 50–100 kroner.  … Jeg kan ikke tenke meg at det skulle være umulig å produsere en skjerm så stor og så tykk som en vanlig bok og batteridrevet som kan inneholde 50 bøkers tekst».

Alt i alt er dette ei skattkiste for data-, og bibliotekhistorikere, i den grad det sistnevnte finnes. Men boka rommer også noen lengre analytiske tekster om forholdet mellom bibliotek og teknologi som ikke bare står seg flere år seinere, men som er sjelden vare på norsk og som bør trekkes fram igjen og brukes. Og mye i boka har relevans for flere bibliotekslag enn forskingsbibliotek.

I utvalget av tekster finner vi også frisk polemikk mot både etablerte og sjølbestalta autoriteter, for eksempel i debatten om …

read more »

august 7, 2018

Kulturministerens bibliotek – del 2

gult påske fjell bibliotek
Ordning etter farge. Fjell folkeboksamling

>> 12.3.2020: Ny og viktig utvikling i denne saka.

For et par uker siden måtte vi, basert på et intervju i Vårt Land med Venstres nestleder Terje Breivik, spørre oss om det kan stemme at kulturministeren vår har ordna det private biblioteket sitt etter ISBN-nummer, Vi maila også Breivik, men forgjeves.

Men lørdag var Trine Skei Grande gjenstand for det store portrettintervjuet i Dagbladet. Og her kan vi lese følgende (ligger ikke på nett):

read more »