I USA arrangerer bibliotekforeininga ALA «Banned Book Week» kvart år på denne tida. Altså ein kampanje der dei gjer omverda klar over sensur og forsøk på sensur av det bibliotek har i samlingane sine. I desse tider kan vi ikkje unngå å bli minna om skilnader mellom USA og Noreg og Norden, for ikkje å seie det meste av Europa, men her er altså endå eit felt med store kontrastar. Men slik har det ikkje alltid vore.
Først USA: I år har ALA i kampanjeveka si oppsummert dei hundre mest «fordømte» bøkene i ti-året som gjekk. Dei tre viktigaste grunnane til fjerning eller forsøk på fjerning var:
- the material was considered to be “sexually explicit”
- the material contained “offensive language”
- the materials was “unsuited to any age group”
Dei fleste titlane er lite kjende her i landet, men blant anna ser vi kjende, aktuelle titlar av Toni Morrison og Khaled Hosseini høgt oppe. Vi finn også Harper Lee. Romanen hennar «Drep ikke en sangfugl» kom i 1960 og blei heilt sentral i kampen mot rasefordomar, noko mange ikkje likte. Men i dag har n-ordet, sjølv om ho legg det i rasistanes munnar, også skapt fordøming frå den motsette kanten. Noko liknande gjeld vel John Steinbecks «Om mus og menn».
Men lat oss sjå nærmare på 26. plassen: «Vidunderlige nye verden» av Aldous Huxley. Denne framtidsromanen har faktisk vore forbode her i landet også! Dette er ei sak med fleire interessante sider:
Nazistane dreiv omfattande sensur under andre verdskrigen, både av presse, kringkasting og forlag. I arkivet i kjellaren på Statens bibliotektilsyn fann underteikna for mange år sidan den 24 sider lange lista «Beslaglagte bøker», som den nazifiserte etterkomaren etter det statlege «Kontoret for folkeopplysningsarbeid» gav ut under krigen (dette nazistiske «Litteratur- og Bibliotekkontoret» var faktisk underlagt landets første «Kulturdepartement»! Før og etter krigen heitte det «Kirkedepartementet» og først i 1991 fekk landet eit eige Kulturdepartement).
Biblioteksentralen fekk låne heftet og gav det ut i faksimile i 1995.
Men her finn vi ikkje Huxley sin dystopiske sivilisasjonskritikk frå 1932 blant dei uønska bøkene, trass i at dei fleste i samtida såg likskap mellom det nazistiske regimet og folkemasse-manipulasjonane i Huxleys «Verdensstat» (ein likskap Huxley sjølv påpeika i boka «Gjensyn med den vidunderlige nye verden» i 1959). Grunnen må ha vore at romanen først kom på norsk i 1948, for i Tyskland var ho ulovleg.
Derimot konfiskerte dei den langt mindre kjende novellesamlinga til Huxley: «Brief Candles». I ei novelle her er det nærmast i ei bisetning snakk om ei britisk kvinne som giftar seg med først ein jøde, og så med ein mann av eit meksikansk urfolk. Dette må vel ha vore grunnen til bibliotek-forbodet. Sjølv om denne boka aldri kom på norsk. Så ikkje frå nokon ståstad bør ein la seg imponere av litteratur-overvåkarane under okkupasjonen.
I dag ville ei norsk Banned Book Week heldigvis ikkje blitt spesielt innhaldsrik eller spanande. Til dét har vi vore heidningar og relativt seksualliberale i for mange generasjonar.
Sjølvsensur var ein del av dette.
Men når vi først held på med dette: Fram til 1950-talet og endå litt til var litterære skildringar av intimt kjønnsliv eit verkeleg stridsspørsmål både i og utafor biblioteket. Og faktisk spelte biblioteka ei rolle i den største av desse debattane; nemleg i saka om «Sangen om den røde rubin» av Agnar Mykle, som gjekk heilt til Høgsterett. Biblioteka og Statens bibliotektilsyn, som gjennom fleire ti-år utgav lister over godkjende bøker til biblioteka, kom i ein skvis mellom liberale og konservative, både lånarar, bokmeldarar og politikarar i lokale bibliotekstyre (som var vanlege den gongen og som fleire stader styrte bokvalet). Sjølvsensur blei då ein del av dette. Nokre bibliotek nekta eller våga ikkje å kjøpe boka, andre kjøpte fleire eksemplar og fekk stor pågang.

Heilt til boka, trass i frikjenninga av Mykle, blei konfiskert. I soga om Statens bibliotektilsyn, «Bok over land» er dette skildra i eit eige kapittel. I Mykle-biografien sin nemner Anders Heger at politiet konfiskerte bibliotekeksemplar til og med heime hos lånarar. Elles nemner han ikkje biblioteka sin vaklevorne «innsats» i denne kulturkampen.
Det nyaste norske vi har notert oss i denne gata er frå 2006. Det er frå Kristiansand, ein av stadene der Mykles «Rubinen» hadde møtt sterk bibliotekmotstand på 1950-talet. I artikkelen «Når publikum og politikere engasjerer seg» skriv Anne Kristin Undlien, byens noverande biblioteksjef, både om Myklesaka og denne frå 2006 (I Bibliotekforum nr. 7, 2010, sjå heimeskanna pdf, så lenge NB ikkje har digitalisert NBF sitt (tidlegare) tidsskrift. Men NB skal ha planar).
Undlien siterer Fædrelandsvennen, der eit foreldrepar er «Sjokkert av vold og banning [og] reagerer sterkt på verdiene som formidles til de unge gjennom skolelitteraturen i Kristiansand». Dei ønska å fjerne bøker av blant anna Arne Berggren og Gro Dahle frå skolebiblioteka. Men etter ein del avisoppslag gjekk det over etter kvart. På leiarplass oppfordra avisa politikarane «om å høre på fagpersonene (bibliotekarene) når de skal vurdere hva som skal finnes i skolebibliotekene». Undlien var også innbydd til å «vitne» då saka var til politisk handsaming, og ho forsvarte bokvalet. Eit PS: Berggren sjølv gjekk ut med støtte til foreldrane: «Han støttet altså de som ville sensurere hans egen bok fra skolebibliotekene».
Når alt dette er sagt, vil eg for første gong publisere ei sjølvopplevd historie frå dette «annleislandet», men likevel berre drygt førti år sidan:
I 1977, fram til kort tid før underteikna overtok som (første høgskoleutdanna) biblioteksjef i Vestby kommune i Akersh … Viken, måtte styraren av bibliotekfilialen i tettstaden Hvitsten rutinemessig levere frå seg kartongane med nye kulturfondbøker til leiaren av det lokale menighetsrådet. Så las ho gjennom alle bøkene og returnerte berre dei som ikkje inneheldt bannord og det minste ymt om kjønnsliv. Men ordninga fortsette ikkje under etterfølgjaren hennar i dette vervet. Filialstyraren fortalde meg dette uoppfordra. Då han blei filialstyrar måtte han berre akseptere dette som ei hevdvunnen ordning.
Leave a Reply