Kult, men (låne-)kortsiktig

Det nasjonale lånekortet anno 2005, but still going

Lesarar av bloggen vil ha oppfatta at underteikna ikkje er særleg entusiastisk til dei mange identitetspolitiske strøymingane i samtida. Likevel fekk vi i dag spontan sympati for eit prosjekt ved Brooklyn Public Library, NYC, der dei no utlyser ein konkurranse om design av eit SVART lånekort, i høve «celebrating Black American culture and history». Og vidare: «This card is the first in a series of future ‘Celebrating Heritage’ library cards».

Vel og bra, men kva med timinga?

Då det norske såkalla nasjonale lånekortet blei lansert i 2005 fekk det svært lite skryt for designen, snarare tvert imot. På fagforumet biblioteknorge meiner vi å hugse solid nedsabling av det klysegrøne Noregskartet overstrødd med mikroskopiske symbol, umulege å tyde, jamfør fotoet av bloggarens eksemplar (debatten skulle vi gjerne ha stadfesta og referert, men dette har Nasjonalbiblioteket gjort umuleg då dei i august fjerna heile forumet frå internettets overflate). Men initiativtakarane, alliansen «Biblioteksystemleverandørene i Norge», var uthaldande og valde å ikkje lytte til …

… den estetiske snobbismen når det gjaldt design. Det einaste vi har registrert er at teksten nede til høgre, «Norsk digitalt bibliotek», no er fjerna, for dette prosjektet fekk inga lang levetid (jo, vi har tildelt dette innlegget kategorien «Bibliotekhistorie», saman med p.t. 44 andre).

Og det er først og fremst det funksjonelle ved kortet som mange land, blant anna Sverige, misunner oss. Underteikna fekk seg kortet så snart det var lansert, og framleis fungerer det både i utlånsautomatar og til meir-oping av det lokale biblioteket. Sjølv om det er slite; klikk på illustrasjonen for å sjå detaljane.

Men no har vi også fått oss den digitale varianten, utan verken fram- eller bakside i plast, som det lokale biblioteket eventuelt kunne utnytta til kampanjar eller som vi kunne personleggjort med foto av barnebarnet eller av solnedgangen ein sommarkveld på balkongen. Til skilnad frå den lenge dødsdømte LP-cover-kunsten, som no er på trygg veg tilbake, vil nok ikkje plastkortdesign ha så lyse framtidsutsikter.

OBS: Biblioteksystemleverandørene i Norge var altså verkelege pionerar på samarbeid om ny teknologi og effektivisering, men når du i dag googlar etter det norske nasjonale lånekortet kjem du til ei side som sist blei oppdatert i 2005 (!) og der det blant anna framgår at «Prosjektet er støttet og styrt av ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum» … Kan nokon finne delete-tasten?!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

<span>%d</span> bloggere like this: