På ein laurdag må ein bibliotekpolitisk bloggar ha lov til å gå lite grann off topic: Amanda Gorman si diktlesing under presidentinnsetjinga av Joe Biden blei ei stor mediesak også her i landet (146 treff på namnet hennar i Atekst etter 14.1.). Blant anna i hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen 25. januar, der ymse norske lyrikarar fekk uttale seg om dei «Savner poesi i politikken».
Éin av dei nemner at: «I den grad poesien har vært i Stortinget, har det vært til spott og spe, som da Arild Nyquists dikt ble lest med tullestemme i 1972, for å vise det uforklarlige og nytteløse ved poesien».
Men i Klassekampen i dag, 30. januar (ikkje på ope nett), startar Kristoffer Jul-Larsen, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, eit lesarinnlegg om dette slik:
«I Klassekampens sak om at norske poeter «Savner poesi i politikken» gjentas fortellingen om at Arild Nyquists «Nå er det jul igjen! og andre dikt» ble latterliggjort fra Stortingets talerstol. Historien har blitt emblematisk for den brede offentlighetens forhold til absurdistiske poeter som Nyquist spesielt, og modernisme og postmodernisme generelt. Den har blitt så viktig at fortellingen til og med gjentas av flere litteraturhistoriske fremstillinger. Dessverre er denne gode historien ikke sann».
Kva som er sant og Jul-Larsen si poengrike fortsetting (blant anna om kva for eit dikt (av ein bibliotekar, kan vi leggje til!) som faktisk blei hetsa på Stortinget) kan og bør …
… KK-tingarane lese (no som biblioteket er stengt mange stader (vi har respekt for sitatretten sine grenser, sjølv om vi er tilhengar av fri bruk av forskingsartiklar)).
PS 1: Tilfeldigvis kom vi over at det elles utmerka tidsskriftet «Bok og bibliotek» faktisk er blant dei som har gjentatt denne falske historia, i nummer 6, 2014. Her skriv ein litteraturvitar skråsikkert om opplesinga på Stortinget og i tillegg at dette blei ei forside i VG med krigstypar: «Vekk med skrotet». Men så finn vi at denne VG-forsida og overskrifta i staden peikar til litteraturmeldar Bjørg Jønsson si nedsabling (på side 12) av Nyquist, forlaget hans, Pax, og Kulturrådet som kjøper inn slik «stinkende talentløshet» til biblioteka (TAKK for at vi har nb.no sitt Nettbibliotek! Sorry, Norwegians only! Og noko av dette må du på biblioteket sine maskiner for å kunne lese).
PS 2: Bloggaren si største Arild Nyquist-oppleving må ha vore på årsmøtet til Moss biblioteks venner for mange år sidan, der han skulle lese opp, men kom to timar etter skjema. Frå heimen i Asker hadde han køyrt feil i eit vegskilje og skjønte det ikkje før han var på god veg til Tønsberg. Men bibliotekvenar er tolmodige.
Leave a Reply