Bibliotekmat!

TV-serien «Frontkjempere» som kjem på NRK frå i dag har skapt mykje debatt lenge før han er offentleg, jamfør blant anna Khrono.no i dag. Her har vi eit godt døme på ei sak der «debattbiblioteket» kan og må spele ei rolle. Biblioteka har til dømes bøkene til Bjørn Westlie, som i dag er intervjua av Khrono. Men før ein kan ha fysiske utstillingar kan ein lage nettutstilling basert på Biblioteksøk og Nasjonalbiblioteket (begge stader emnesøk på «frontkjempere»).

Her er det nok av både for og imot, men blant dei som er opne for alle på nb.no, altså eldre enn 2001, synst bøkene frå nazisympatiserande forlag og typiske «eigne» i større grad enn vi hadde trudd.

Norske seriøse tidsskrift på Idunn.no har 18 artiklar på ordet i fulltekst. Sjå også bokmål Wikipedia og Lokalhistoriewiki.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: