Bokbål i Trumpland?

Det har enno ikkje skjedd, men magasinet The Week melder at ein medlem av eit skolestyre i Virginia har foreslått å brenne bibliotekbøker med LGBTQ+-innhald. Ei slik bok hadde dukka opp i bibliotek-appen, og det kan jo ikkje vere slik at skolen rår ungane til «å lese homse-porno heller enn bøker om Jesus», meinte representanten. Ein annan styremedlem meinte dei burde lese bøkene først, så dei kan stå sterkare når dei skal «utrydde slikt stoff».

The Week viser også til Aaron Blake i The Washington Post som meiner dette ikkje er eit eineståande døme (saka i TWP er bak betalingsmur, men CBS skriv om det same). I Kansas, Pennsylvania og særleg i Texas har bøker blitt fjerna, og då har det ofte handla om rasisme. Særleg Nobelprisvinnar Toni Morrisons «Beloved» har vore skyteskive for dei konservative republikanarane. Boka inneheld seksuelle skildringar, men Blake meiner at folk i den konservative rørsla «vil generelt ekskludere emne som involverer rasismens historie og korleis dette kan påverke samfunnet i dag».

2 Trackbacks to “Bokbål i Trumpland?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: