Oppsnappa

Boklukt

I overgangen frå papirboka til e- og lydbøkene går blant anna også lukta tapt; lukta av papiret, limet og trykksverta. Som mange, med god grunn, assosierer med bibliotek. Ifølgje Svt.se har ein svensk luktforskar også kome til at «många förknippar doften av ny bok med att få en present».

Eit søk i Oria.no viser at av bøker om lukter i norske bibliotek er 110 av 159 trykte. Enn så lenge.

Bakka

Vi ser ikkje mange riksavisomtalar av pensjonerande bibliotekarar, andre enn éin og annan på direktørnivå. Men i Klassekampen i dag skryt journalist Anne Kari Hinna uhemma av Pål Hermod Bakka på SV-bibl på UiBergen, som nyleg gav seg som lønsmottakar. Hinna, forstår vi, er ei av dei som har hatt han som «sin bibliotekar». For han har hatt like stor omsorg for studentane som for å halde liv i faglege debattar i bibliotekmiljøet pluss pluss. Hinna baserte seg også på eit lengre intervju med han i Studvest.

Brødskive

Minst like sjeldan som riksavisomtalen ovanfor er nok intervju i US-amerikanske riksmedia med sosialistiske (det har aldri skjedd før) presidentkandidatar til bibliotekforeininga ALA med deira 50 000 medlemmar. No snakkar vi ikkje om hovudstraums media, men Jacobin er ein av dei klart mest lesne blekkene på venstresida over there. Kandidat Emily Drabinski har røynsler frå lønskampar og fagforeiningsverksemd, budsjettnedskjeringar og kampen mot ytre høgre sin sensur av «uønska» litteratur i biblioteka. Kjend Drabinski-sitat: «Labor struggle is a struggle. It is not a sandwich». Les og forstå samanhengen (valet vil vere avgjort når du les dette).

>>PS 11.4.: Denne siste parentesen er feil. Fristen for å stemme var 7.4., men som ved andre val i USA Tar Teljing Tid.

 

One Trackback to “Oppsnappa”

Leave a Reply