Nettstaden Vårt Oslo hadde i går eit debattinnlegg av to studentar: «- Som studenter må vi på kafé for å lese fordi Deichman Bjørvika er full. Byen trenger et bedre bibliotektilbud!» Dei vil ha «flere biblioteker med lengre åpningstider».
>> Dette blogginnlegget er litt omskrive 7.4.
Og det er ikkje urimeleg, til dømes samanlikna med den finske hovudstaden som, med sine 650 000 innbyggjarar, «har 37 bibliotek och två bokbussar». Mens Oslo, med 699 000 sjeler, har 19 bibliotek, og dei skrota vel den siste bokbussen for tjue år sidan eller meir.
Men så trur du kanskje at etter opninga av Nye Deichman har Oslo mykje større areal? Neida, for tre år sidan stod det ferdig eit nytt hovudbibliotek i Helsingfors på 17 000 kvadratmeter. Mens biblioteket i Bjørvika er på 8 340 (det kunne vore 13 900).
Men til dette med studentane på Nye Deichman: Vi har vore der to gongar sidan den siste opninga, og vi har sett nesten berre …
… typiske studentar der, solid nedsenka med laptoppane sine i ulike typar sitjemøbel. Sist var vi der ein times tid og talde berre eit ti-tal gråhåringar mens vi gikk rundt, og det var på føremiddagen, i aller beste «pensjonisttid».
Det er jo flott at biblioteket blir brukt mykje. Og ingen kan nekte unge menneske å studere der, så lenge og så ofte dei vil.
Men dei to lesarbrevforfattarane vil altså ha fleire bibliotek. Like kule bibliotek, meiner dei vel då. Med fjordutsikt.
Neste gong vi er der inne skal vi gå på eit par «ordinære» filialar og ein tur på ulike lesesalar på universiteta. Vi har høyrt at det ikkje er like fullt av studentar der lenger?
>> 7.4. på Twitter: «Universitetsbiblioteket ved @OsloMet har masse ledige studieplasser, og vi blir veldig glade når studentene ønsker å sitte hos oss»
I den ferske boka «Deichman Bjørvika» (Pax, 2022) skriv tidlegare biblioteksjef i Oslo, Liv Sæteren, i eit viktig essay om dette nye biblioteket, som ho har mykje av æra for (ho gikk i pensjon i 2014):
«Nye lokaler gir resultater. Til nå er det hovedsakelig attraksjonsfaktoren som er utviklet. lnviterende bygg og rom som er utformet med innsikt om preferansene hos ulike brukargrupper. Neste trinn som bør gis større vekt er utformingen av rom som virkemiddel i fortellingen om innholdet. Det vil si bruk av utstillingsarkitektur og scenografi, vel så mye som interiørarkitektur. Skal biblioteket iscenesette møter mellom innhald og brukere, krever det scenografisk tenking rundt utformingen av interiører».
Ser vi teksten hennar i samanheng, er ho likevel ikke skarpt kritisk til verken den noverande leiinga eller arkitektane, og dette «neste trinnet» hennar er det håp for i dei nye lokala. Korleis iscenesetje møtet mellom studentane og gråhåringane, dei ulike fleirkulturelle osv osv.?
Vi kjem snart tilbake med omtale av heile denne boka.
Leave a Reply