Oppsnappa veke 25

Vinyl og cd-ar på Kulturbiblioteket i sentrale Stockholm

Om marknadsføring eller ikkje av vinyl i bibliotek, om talekonkurransar på bibliotek i 1935, om ein ny digital scene for bibliotekarrangement og om dei internasjonale twitterkunstutstillingane, som aller første gong fann stad på Moss bibliotek. Les meir:

Marknadsføre musikk? Ifølgje Sveriges Radio og Aftonbladet har svenske bibliotek (minst) to vinklingar til vinyl, anten magasinering og ikkje-bruk av den stöldbegärliga samlinga (Karlskrona) eller full eksponering, men berre for avlytting i biblioteket (Kulturbiblioteket i Stockholm). Korleis er stoda i Noreg?

Talekonkurranser. I boka «Østenfor sol- : lesebok for Bydel Sagene Torshov» (2000) skriv Ingvil Falch om Deichmanfilialen på Soria Moria på Oslo Øst: «»Unge Deichmann» var en lese- og diskusjonsklubb stiftet 11. februar 1935 av 50 gutter mellom 14 og 17 år. Medlemmene møtte hver 14. dag til kåseri, lesing og konkurranser. «Talekonkurranser» var populært. Guttene konkurrerte i å holde improviserte taler over et gitt emne i løpet av fem minutter». Klubben arrangerte også skøytemeisterskap og besøk i Arbeiderbladets redaksjon.

Nasjonal (svensk) bibliotekscene på nett. I Biblioteksbladet i dag: Førehandslansering av Biblioteket Play, «en plattform där biblioteken tillsammans kan tillgängliggöra de digitala programmen. Jag hoppas att Biblioteket Play kommer att vara en plats för inspiration och lärande, kopplat till vårt läsfrämjande uppdrag och att vi också kommer att erbjuda fina kulturupplevelser». 

Moss bibliotek aller først i verda. I Moss Avis kan vi lese om David Sannum sin suksess med twitterkunstutstillingar. Av kunst i postkortformat. Til inntekt for gode formål. Den første var i 2010: «Det var etter at den da 39 år gamle Sandum i 2010 leste i Moss Avis at biblioteket ikke hadde penger til å kjøpe barnebøker, at ideen ble klekket ut». Det kom in 16 000 kroner, mens i fjor var inntekta ein kvart million som gjekk til Cheltenham, UK, og terapisamtalar for menneske med leukemi og slektningane deira.

Leave a Reply