
Sommar og sol, ikkje sant? Då er det passande å lenke til eit intervju med ei som meiner det er betre med bokryggar som er vridne motsols enn medsols. Og mens alt no handlar om berekraft, også når det gjeld bibliotekdrift, siterer vi ein bibliotekbloggar som meiner dette er eldgamalt nytt. Elles litt om bruk av illustrasjonar på heimesider og om verdien av lesing.
Les om dette:
– Jag föredrar bokryggar som är vridna motsols Dagens Nyheter har ein serie sommarintervju med forfattarar o.a. om blant anna korleis dei sorterer i dei heimlege hyllene. Forfattaren Mara Lee har stor interesse for fransk og spansk litteratur, og der må ein, til skilnad frå her, vri hovudet til venstre for å lese ryggtitlane. Ho meiner denne venstrevridinga er betre for ryggen om du går mykje i bokhandel og bibliotek. Men ho kjem ikkje med medisinske prov på dette.
Gløym grønvasking av bibliotek På den britiske bloggen Public Library News skriv Ian Anstice (mi omsetting): «Vi treng ikkje “grønvaske” bibliotek. Dei har vore ganske grøne heilt frå starten. Ei bok som blir kjøpt i ein bokhandel blir kanskje lese éin eller to gongar i beste fall. Og mange bøker blir ikkje lesne i det heile: dei er berre gåver. Mens ei bibliotekbok blir lånt ut kanskje tjue gongar? Tretti? Eg har kassert bøker med åtti datostemplar på. Og slik har det alltid vore».
Problemet med illustrasjonar på nett. Kva er lov og ikkje lov? NBF hadde eit seminar om dette nyleg, men har ikkje lagt ut presentasjonane der. Enno. Men ein ganske så streng (synst eg) presentasjon (Moreno) blei delt på biblioteknorge (lista) 16. juni. Men: Snart ser det ut til at vi kan skjere tvers gjennom heile problemet og bruke kunstig intelligens til å lage gratis illustrasjonar om kva som helst. Sjå sak på NRK Beta.
Og til slutt: Slikt som dette i Nettavisen kan ikkje skrivast og delast ofte nok.
Leave a Reply