Dette er kanskje inga stor sak, og ikkje har vi nokon særleg kunnskap om dette heller, men når to e-postar om dette kjem same føremiddag, er det vel meininga at vi skal sjå nærmare på det:
Den eine e-posten kjem med det nyaste nummeret av Tidsskrift for samfunnsforskning og ein artikkel om Frivilligsentralane i Noreg: Har dei ein bindeleddsfunksjon? Ordet bibliotek er nemnt i samanheng med kven FS samarbeider med, men berre i ein parantes: «Kommunen (f.eks. sjukeheim, bibliotek)». Det finst ikkje eigne tal for bibliotek.
Er ikkje det litt rart, tenkjer vi? Vi har jo sett så mange stader at FS og bibliotek samarbeider nært, ikkje minst om SPRÅKKAFÉAR.
På dei tre første sidene av eit Googlesøk noterer vi desse stadene med slikt samarbeid: Klepp, Moss, Selje, Time, Hof, Nordby, Gran, Rennesøy, Løkken, Meldal, Narvik, Øygarden, Rykkinn, Askøy, Tøyen, Sarpsborg, Nord-Fron, Oppsal, Furuset, Våler i Viken (men snart i Østfold!), Lillesand, Saltdal, Kongsberg, Ringerike, Herøy, Askim, Hustadvika, Hjelmeland, Rendalen, Halden, Fauske, Skjønhaug, Byåsen, Heimdal, Ranheim, Rennesøy, Knarvik, Sula, Hamarøy, Holmestrand …
Den andre av e-postane i dag er frå Kulturdepartementet om Økt satsing på frivilligsentraler. Og med nye forskrifter og ei tilskotsordning med krav om samarbeid med kommunale instansar. Her må det vere potensial for kontakt og samarbeid, om det ikkje alt finst.
Leave a Reply