2023: Mange «nye» små og store forfattarar i det fri

Første januar kvart år markerer blant anna Internet Archive og The Public Domain Review at mengder av åndsverk «fell i det fri», at dei kan brukast fritt og eventuelt kopierast, trykkast opp og spreiast på nytt av kven som helst. Med andre ord er vernetida utløpt.

Til dømes eit bibliotek kan no fritt trykke opp og/eller lage e-bok, lydbok eller podkast av bl.a. lokalhistoriske tekstar eller skjønnlitteratur av forfattarar som gjekk bort i 1952. Eller tidlegare.

I Noreg og det meste av Europa og Sør-Amerika omfattar årets «frigjering» verk av personar som gjekk bort i 1952, altså landa som har regelen “levetida pluss 70 år”. Knut Hamsun er den mest kjende norske som blir «fri» i år. I New Zealand og dei fleste landa i Afrika og Asia gjeld “levetida pluss 50 år”. I USA gjeld det i år bøker og verk som kom ut i 1927 eller tidlegare.

Author and Book Info kan du søkje på dødsår. Engelskspråkleg Wikipedia har ei liste over dei viktigaste internasjonale namna.

Når det gjeld akademisk materiale finst ordninga med Open Access, som gjer mykje innhald fritt å lese ofte heilt frå tidspunktet for publisering. Denne bloggen har p.t. 50 artiklar om Open Access og 21 om Plan S.

Så må vi slett ikkje gløyme den verkeleg frigjerande akademiske artikkeltenesta Sci-Hub, starta opp av kazakstanske Alexandra Elbakyan, og som medbloggar Mikael Böök gjorde eit eksklusivt intervju med for to år sidan. Og tenesta Zlibrary som også inneheld bøker.

PS: Så har vi nb.no, den i verdsmålestokk unike avtalen

… mellom kunstnarorganisasjonane og staten (Nasjonalbiblioteket) om å skanne og leggje ut alt som er eldre enn frå og med år 2000. Altså mykje materiale der forfattarane framleis ikkje berre er i live, men aktive. Problemet – for brukarane – er at avtalen ikkje er rullert, trass i lovnadar om det, og at innhaldet blir stadig meir upåliteleg (faglittertur) og av berre historisk interesse. I dag (2.2.23) er berre dei eldste 48,2 prosentane ope tilgjengelege. Utrekna slik: Søk i bøkene på nb.no på ordet «og» (det vanlegaste i norske tekstar) gir treff i 595 562 av dei skanna bøkene, men i berre 287 346 bøker med fri tilgang. For eitt år sidan var prosenten 49,3. Då tilbodet opna i 2006 ville prosenten ha vore 62,0 (283 965 av 457 536, med avgrensing år 1450 – 2006), men då var mykje gamalt og nytt enno ikkje digitalisert).

One Trackback to “2023: Mange «nye» små og store forfattarar i det fri”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: