Tysk bibliotekarforbund set IFLA-engasjementet på vent

Idet vi tenkte at debatten om IFLA hadde stilna heilt, ser vi at tyske VDB – Verein Deutscher Bibliothekarinnen und Bibliothekare, med 1700 medlemmar, har annonsert at dei trekker seg ut av alle engasjement i høve til den internasjonale bibliotekorganisasjonen.

Biblioteksbladet skriv også om saka i dag og har intervjua leiaren av VDB. Vi får blant anna vite at IFLAs styreleiar Barbara Lison også er leiar av den tyske IFLA-komiteen. Lison har snart eitt år no markert seg som forsvarar av alt som skjer og ikkje skjer i IFLA-toppen, men utan å ville svare på kritiske spørsmål frå omverda.

Det tyske forbundet skriv i ei pressemelding (vår omsetting):

«På grunn av manglande openheit i handteringa av dei offentlege påstandane om ansvaret for økonomiske avgjerder i IFLAs styre og leiing, og samspelet mellom styret og sekretariatet, har VDB vedtatt å mellombels innstille arbeidet sitt i IFLAs nasjonale komité og ikkje lenger ta del i vala til IFLAs organ eller støtte nokre valforslag.

VDBs styre helser arbeidet med å reformere IFLAs styring velkomen, dvs. innføringa av krav om openheit i bruken av middel, løn til heiltidstilsette og tiltak for å forbetre det interne samarbeidet.

VDB vil ta opp igjen engasjementet sitt i IFLA så snart det er klart at reformene er gjennomførte på ein slik måte at ein kan vere trygg på at det faglege arbeidet er prioritert og at fungerande avgjerdsstrukturar trer i kraft».

One Trackback to “Tysk bibliotekarforbund set IFLA-engasjementet på vent”

Leave a Reply