Under denne tittelen fekk bloggaren spalteplass i nyaste nummer (2, 2026) av det prisvinnande tidsskriftet Bok og bibliotek. Omtalen av den aktuelle forskingsartikkelen følgjer også her:
Etter at Stortinget stadfesta gratisprinsippet i 2005 har det vel berre kome éitt “alvorleg” forslag om å bryte det, frå FrP i Oslo i 2007. Men når no krigane og krisene står i kø og kommuneøkonomien alt har sett negative rekordar, er det kanskje ei trøyst at forskinga på effekten av gratis bibliotektenester ikkje heilt har stoppa opp.
I ein blodfersk artikkel i Jolis – Journal of Librarianship and Information Science – er verknadane analysert etter at eit bibliotek i Paris i 2023 fjerna brukarbetaling. Olivia Guillon og Delphine David står bak artikkelen “Effects of free membership on borrowing behavior in public libraries: An economic perspective through the case of the Library at the Cité des sciences et de l’industrie in Paris” (fri tilgang på HAL)
Som her i landet, er det gratisprinsippet …
… som rår i franske folkebibliotek, men dette parisiske biblioteket tilhøyrer det store vitensenteret Cité des sciences et de l’industrie. Jamfør slikt som Vilvite i Bergen og Inspiria i Sarpsborg, men ulikt desse har det franske senteret eit skikkeleg bibliotek (forkorta LSI) med relevant litteratur for alt frå barn og unge til studentar i høgare utdanning. LSI fungerer altså som eit slags “tech” folkebibliotek både i lokalmiljøet og for anna publikum til senteret 1).
Undersøkinga går på effekten av bortfall av ei årleg medlemsavgift; noko ein sjeldan har kunna forske på i vår tid; i Frankrike blei det heilt stopp for brukarbetaling etter ei ny lov i 2003. Samtidig er datasystema for slik analyse i dag langt meir avanserte enn sist noko slikt eventuelt blei forska på (eg hugsar ikkje når og kor dette kan ha vore, og artikkelen har heller ingen slik referanse). Forskarane har berre sett på utlånet av fysisk materiale, ikkje bruken av dei 70 000 digitale titlane ved LSI.
Kort oppsummert: Talet på lånarar auka med 184 prosent, og talet på lån med 171 prosent. Særleg auka bruken i aldersgruppa 15–26 år, typisk elevar på vidaregåande og studentar. Lånet auka særleg av litteratur på felta «Helse» og «Vitskapeleg og teknisk utdanning». Utlånet frå dei hovudsakleg underhaldningsorienterte samlingane («Ungdom», «Tegneserier og science fiction») auka også i absolutte tal, men for lånarar under 15 var det gratis også tidlegare. Og det har blitt større breidde i utlånet. Talet på ulike titlar som er lånt minst éin gong, er omtrent 50 prosent høgare enn før. “Bestseljarane” dominerer ikkje som dei gjorde.
Ein annan viktig effekt er det forfattarane kallar “simplification effect” eller forenklingsverknaden. Når det er gratis å bli medlem, treng ikkje folk lenger vurdere kor mykje dei er villige til å betale ut frå dei forventa fordelene ved eit års medlemskap. Dette oppmuntrar til meir utforskande atferd (“exploratory behavior”).
Ei felle ein lett kan gå i når det blir kamp om kvar einaste budsjettkrone, er å akseptere å bevise “samfunnsverdien” av gratis bibliotektenester, altså kost-nytte-krava til økonomiske liberalistar og New Public Management. Guillon og David er medvitne om dette. Dei skriv blant anna (mi omsetting): “Når det gjeld lobbyverksemd eller evaluering av offentleg politikk, er det, når det gjeld “verdien” av biblioteket, viktig å fjerne seg frå eit altfor snevert syn på økonomisk effektivitet, der bibliotekets «produksjon» blir kvantifisert for å rettferdiggjere driftskostnadane eller til og med sjølve eksistensen”.
No kan ein innvende at 19. arrondissement i Paris ikkje er så samanliknbart med norske kommunar, og det er nok ikkje lett å spå om innføring av avgifter blir ein nøyaktig reversering av den motsette prosessen slik han fann stad i Paris. Men potensialet til å gjere analysar med 2020-talet sine datasystem bør studerast innan FrP og venane deira kjem med nye forslag 2).
Artikkelen har sjølvsagt også ein gjennomgang av litteraturen, både eldre og nyare, men på fleire punkt klagar forfattarane over at det er “very little” forsking.
1) Bergen offentlige bibliotek har laga ein «bibliotekkrok» i Vilvite, men neppe i det omfanget vi ser i Paris, og i Bergen må ein “ha vanlig inngangsbillett til VilVite for å besøke Bibliotekkroken”.
2) Ikkje berre FrP har vore aktive for betalingtenester her i landet; i ein artikkel i årboka til Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap for 2023 påviser Frode Bakken at mellom 1985 og 2005 gjekk to borgarlege og to AP-leia regjeringar inn for å lempe på prinsippet, men utan å lykkast.
Anders Ericson, https://bibliotekettarsaka.com
Oppdag mer fra Biblioteket tar saka #librarycase
Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.
