
I dag, 19. oktober 2023. er det 70 år sidan Ray Bradburys dystopiske sci-fi-roman “Fahrenheit 451” kom ut i New York. Ho handlar om eit framtidsregime der makthavarane blant anna krev at alle bøker skal brennast. Men bokvenar og intellektuelle på flukt forsøker å bøte på tapet ved å memorere viktige bøker, ei bok kvar. Kvar av medlemmane av dette “bokfolket” “blir” si eiga bok.
På bloggen “Se også” i 2012 viste eg til Bergen offentlige bibliotek som gjennom kunstnaren Mette Edvardsen hadde tilbod om «levande bøker», personar som gjenfortalde bøker for tilhøyrarar, ikkje opplesing av tekst, men bøkene slik dei hugsa dei. Edvardsen var inspirert av Bradbury og boka hans.
Og vidare: I 2010, i protest mot Berlusconi sine store kutt i finansieringa av høgare utdanning, blei demonstrasjonsformen Book Bloc starta i Roma og spreidde seg til mange byar i fleire verdsdelar. Kanskje også inspirert av Bradbury?
Og: Ved New York Public Library er dette den 7. mest utlånte boka gjennom tidene (2020).
Til slutt eit passande Bradbury-sitat på denne bloggen:
“Libraries raised me. I don’t believe in colleges and universities. I believe in libraries because most students don’t have any money. When I graduated from high school, it was during the Depression and we had no money. I couldn’t go to college, so I went to the library three days a week for 10 years”.
Og heilt til slutt: I 1953 kom det også ut ei «brannsikker» utgåve av boka, i alle fall innbunden i asbest, i 200 nummererte og signerte eksemplar. Når ho er til sals går ho gjerne for frå 13 til 17 tusen amerikanske dalar…