Under overskrifta ”Självcensuren kan få konsekvenser för hela bibliotekssektorn” kan vi i «Magasin K» denne veka lese om den omfattande undersøkinga, «Canaries of Democracy«, gjort på Linnéuniversitetet i Växjö, der dei har intervjua biblioteksjefar og tilsette i 77 svenske folkebibliotek om det vi kort kan oppsummere som «debattbiblioteket». Som fleirårig bloggar om emnet og nærliggjande herlegdomar er dette det viktigaste eg har lese sidan Elin Golten si ph.d.-avhandling for to år sidan. Og sjølv om det svenske politiske konfliktnivået i dag er høgare enn det norske, er alt dette relevant for oss.
Her står dei verdifulle poenga i kø, men langt ifrå alltid oppmuntrande. Som avtroppande bibliotekbloggar bryr eg meg ikkje om å sitere meir enn dette nedanfor, men oppmodar alle til sjølv å lese artikkelen i Magasin K.
Eg har terpa på dette fleire gongar; gløym nøytralitets- og konsensus-strevet: «– Ett centralt resultat är hur biblioteken kan uppfattas som en demokratifrämjande mötesplats. Tidigare har det handlat om att man velat nå någon form av konsensus i rummet. Men demokrati kanske inte handlar om att komma överens, utan att passionerat få uttrycka olika åsikter …».
PS: Joacim Hansson er ein av forskarane bak denne undersøkinga. Eg intervjua han grundig for Bibliotekaren nr. 4, 2019, side 12 ff.
