Denne bloggen har sidan starten i 2006 vore eit forsøk på å starte debattar om bibliotekpolitikk. Eg auka aktiviteten særleg etter at Nasjonalbiblioteket i 2020 på arrogant vis presterte å ikkje berre leggje ned postlista biblioteknorge, der omlag 3000 bibliotektilsette var med, men i tillegg slette heile arkivet for all fremtid.
NB baud i staden inn til ulike tematiske forum på Bibliotekutvikling.no (krev passord), noko som skulle vere mykje betre og sjølvsagt moderne. Men når eg i dag, 23.11.2024, går inn på «Veggen» deira, finn eg to innlegg frå oktober som dei nyaste, elles to frå september og eitt frå juli og eit frå mai. Det nyaste innlegget i til dømes delforumet Litteraturformidling i folkebibliotek, som ein skulle tru var viktig og populært, er frå september 2023.
Tidsskriftet Bibliotekforum (NBF) blei nedlagt i 2014 og Bibliotekaren (BF) er redusert til «tre-fire» nummer i året.
Det finst FB-grupper, men i den største (?), Bibliotekarer i folkebibliotek (berre bibliotekarer kan bli medlem) er slett ikkje bibliotekpolitikk det som dominerer.
Men så er det vel spenstige debattar på fysiske samlingar; konferansar og seminar?
Men ein leiarartikkel i tidsskriftet Bok & bibliotek 29. oktober heiter Mangelen på meiningars mot blant tilsette i norske bibliotek. Her skriv redaktør Arne Olav Hageberg frå Biblioteklederkonferansen 2024: «Temaet var «Demokratiet – en tapt sak?», og frå scenen blei det presentert den eine utsegna etter den andre om bibliotek som demokratiske institusjonar avgjerande for ytringsfridomen. Alt dette snakket blir fort hult om dei tilsette ikkje sjølv har mot til å ytra seg».
Akkurat dette har vore eit hovudtema her på bloggen (bak taggen Demokrati finn du fleire ti-tals innlegg). Til dømes har eg referert …
…. ein analyse av den nasjonale Bibliotekstrategien på dette punktet, der professor Håkon Larsen ved OsloMet og spesialbibliotekar Per Alexander Solheim ved UiO oppsummerte at demokrati er heilt sentralt, men ikkje konkretisert i dette viktigaste normative dokumentet for biblioteka etter biblioteklova.
Og, skriv Bob-redaktøren, «innboksen for debattinnlegg til Bok & bibliotek er stort sett tom heile tida».
PS: I Sverige har dei no i november lagt ned biblist, systerlista til salige biblioteknorge. Men dei har ikkje sletta arkivet frå nettet, enno. Ein av fremjarane av bibliotekpolitisk debatt i Sverige er Jan Szczepanski frå Göteborg. Eg legg eg her ut eit innlegg han fekk i retur frå biblist 14. november. Det ser ut til at siste innlegget på lista var 2. november.


Her på mine kantar har biblioteket aldri vore noko arena for debatt og meiningsutveksling. Men biblioteket er god arena for kjende forfattarar til å presentere bøkene sine, og, ikkje minst, få selje bøkene.