Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar

Skjermbilde 2020-01-14 12.29.07Bloggaren har på ny gjort eit intervju for tidsskriftet Bibliotekaren, med bibliotekprofessor Joacim Hansson ved Linnéuniversitetet i Växjö. Det kan lesast i nummer 4, 2019 på papir og på pdf. Og i ein litt lengre versjon her:

Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar

I Sverige har ytre høgre starta ein målretta kamp mot bibliotekpolitikken. Utviklinga krev meir sjølvmedvitne bibliotekarar, meiner den profilerte bibliotek- og informasjonsvitskapsprofessoren Joacim Hansson.

Tekst og foto: Anders Ericson, frilansjournalist og bibliotekbloggar

Om du høyrer til den litt aparte rasen som tingar siteringar i Google Scholar, kjem svenske Joacim Hansson på sitat-toppen blant bibliotekforskarane, med nær nitti hittil i år. Så har han då vore svært produktiv i sine tjue år som bibliotek-doktor, med 12-13 bøker og rapportar på tre språk i Libris, den svenske nasjonalbibliografien. Pluss ei mengd artiklar. Og mykje handlar om bibliotekarrolla, -identiteten og -etikken. 

Bibliotekaren drog til Linnéuniversitetet i Växjö for å høyre meir om dette temaet, som litt uforskyldt har kome i aktuelt fokus i Sverige, også fordi ytre høgre har starta ein målretta kamp mot kultur- og bibliotekpolitikken. 

– Bibliotekar er sjølvsagt eit yrke, men ikkje nødvendigvis ein profesjon, hevda nokre forskarar ganske bestemt på 1990-talet. Men i boka «Bibliotekarier i teori och praktik» frå i fjor er du klar på at med unntak av ein «etablerad infrastruktur för kontinuerlig kompetensutveckling», så kan vi i dag snakke om ein bibliotekarprofesjon.

Bibliotekarprofesjonen er veldig kompleks. For i dei fleste landa er sektoren delt; det er stor skilnad på å vere bibliotekar på eit vitskapleg eller universitetsbibliotek og på eit lite folkebibliotek. Likevel finst det eit bilde av at det er eitt og same yrke. Og mykje av det som får det til å hengje saman, er jo grunnutdanninga. Her finn vi det interessante, men også det problematiske, nemleg at det ikkje lenger finst ein instrumentell relasjon mellom den akademiske og teoretiske overbygninga og praksisfeltet, slik det er i mange andre jamførbare yrke, til dømes lærarutdanninga og politi og lege. Du kan ikkje bli lærar, politi eller lege om du ikkje har den utdanninga. Men den koplinga finst ikkje riktig på bibliotekfeltet. 

– Det har ikkje minst med lovgjevinga å gjere. Den svenske biblioteklova har inga som helst formulering om kompetanse. Den norske lova har det, men ho er lett å gå rundt. Det same gjeld den finske.

– I desse ganske opne rammelovene står det ikkje kven som skal gjere jobben. Då blir det også vanskelegare å hevde den profesjonelle integriteten. Eg meiner likevel det finst ei felles kjerne, ein identitet. Men det finst altså skilnader, til dømes jobbar dei på universitetsbiblioteka mykje tydelegare med spesialisering. Dei har forskingsstøtte, dei har studentorienterte bibliotekarar, kontaktbibliotekarar og bibliometrikarar. Mens i folkebibliotek er bibliotekarane framleis generalistar. 

– Dette er ikkje noko nytt, men i dag har vi i tillegg fått den nyliberale av-profesjonaliseringa. Her er det likegyldig kven som gjer jobben. Det får jo direkte konsekvens om det skulle førekome i helsevesenet, noko det delvis gjer, men eg trur det har ramma biblioteka spesielt sterkt.

– Dette er altså ein overgang frå noe gamalt til noko nytt. Omtrent når skjedde skiftet?

– Det starta på seinare delen av 1980-talet. Det var eit mentalt skifte. I USA snakkar dei om Reaganomics, og i Europa fekk vi Thatcher, og dei breidde vegen for ei ny type nyliberal borgarlegheit. Fram mot -90-talet blir dei gamle sosialdemokratiske hegemonia brotne opp. Og dei kjem ikkje tilbake. Vi er framleis i den rørsla. Og den høgreekstreme ekspansjonen har å gjere med dette at lufta går ut av sosialdemokratiet. 

 

Skjermbilde 2020-01-14 12.36.04

Ein plakat på trikken i Gøteborg. Sånn framstiller det svenske forsvaret oppdraget sitt. Kan bibliotekarane hevde det same? 

– Og der ser vi igjen ein skilnad mellom forskingsbibliotek og folkebibliotek, der dei førstnemnde relaterer til utdannings- og universitetsverdas utvikling, kanskje i større grad enn andre bibliotektypar, så der har dei vore litt meir stabile på mange måtar. Dei har kanskje tent meir på denne utviklinga, mens folkebiblioteka derimot har blitt tvungne inn på ei økonomisk omlegging som ikkje har vore til deira fordel.

 

– Kva kjem det av? For det finst då ingen nyliberale folkebibliotek?

– Om vi ser på dei fleste lokalmiljøa og kommunane som nyliberale, meir eller mindre, både i Sverige og Noreg og dei fleste landa vi samanliknar oss med, så blir folkebiblioteket noko av ein anomali. Dei blir avvikarar, for dei fungerer ikkje etter dei marknadsmessige lovene. Og den anomalien har ikkje forskingsbiblioteka. Etter mi meining er det få offentlege institusjonar som har vore betre på å tilpasse seg til det nyliberale som universiteta. Derfor blir det også ein større skilnad mellom ein universitets- og ein folkebibliotekar. Likevel går det framleis å flytte mellom dei to typane bibliotek, takk vere det felles utdanningsgrunnlaget vi har.

– I den nyaste boka di, «Educating Librarians in the Contemporary University», diskuterer du blant anna trenden med LIS, bibliotek- og informasjonsvitskap, som i dag dominerer i USA. Der står, kort fortalt, det tradisjonelle bibliotekfaget ikkje så sterkt lenger. Går nokre av dei seks svenske utdanningane i den retninga?

– I dag er det ei tydelegare sektorforankring enn for rundt ti år sidan. Då eg starta med undervisning i 1993 var vi midt i reformen frå yrkesutdanning over til det akademiske, og då det nye bibliotek- og informasjonsfaget skulle etablerast, var det tabu å snakke om bibliotek i det heile tatt. Då skulle vi utdanne informasjonsspesialistar, gatekeepers og cybrarians, men ikkje bibliotekarar. Dette førte sjølvsagt til forvirring blant studentane, for dei ville jo bli bibliotekarar. 

– Men denne dramatikken finst ikkje i dag. I dei rundt femten nordiske utdanningane i dag vil eg seie vi gjer variasjonar av det same; vi underviser i den etablerte akademiske disiplinen bibliotek- og informasjonsvitskap. Den store skilnaden ligg i asymetrien i storleiken på skolar; du har Oslo, Borås og København som er veldig store, og dei gjer mykje, dei har ei mengd ulike program, medan vi her og i Lund og Uppsala til dømes, konsentrerer oss meir om dei direkte biblioteksentrerte delane. Vi er ikkje så store at vi kan ha forsking på information behavioral eller information retrieval. Vi er meir avhengige av kva vi har av forskarar til kvar tid. 

– Då eg starta her i 2008 vedtok vi blant anna at vi skal vere nær biblioteksektoren, vi ser på bibliotek- og informasjonsvitskap som ein disiplin som får ein stor del av legitimiteten frå biblioteket. 

– Eg meiner, noko eg veit ikkje alle er samde i, at om vi fjernar denne koplinga så sit vi nok igjen med store delar av faget, men ganske få som ikkje kan gjerast betre i andre disiplinar. På internasjonale konferansar kan ein oppleve at i sesjonar om emne der bibliotek ikkje er nemnt, til dømes information behaviour, så handlar det likevel om kjeldekritikk, om å handtere store mengder informasjon, om å sortere, granske og vurdere informasjon. Altså prosessar som bibliotekarar er med på å støtte i kvardagen, ikkje minst på universiteta. Mengdene av informasjon skal jo indekserast og søkjast i.

– Men i USA står altså informasjonsfokuset sterkt?

– Noko av grunnen til dét er at så stor del av finansieringa av verksemda ved universitet i USA er basert på private stiftelsar, fond, donasjonar og så vidare. I motsetnad til i Europa og i EU er dei fleste framleis eigde av staten og finansierte med skattepengar. Det er ein kontinuitet i Europa frå då det var yrkesutdanningar til situasjonen i dag.

Skjermbilde 2020-01-14 12.42.51

Her held bibliotekutdanninga til i Växjö

– Då eg skreiv boka mi, på eit amerikansk forlag og dermed retta særleg mot det amerikanske miljøet, var det ei utfordring å gjere situasjonen i Europa ikkje berre forståeleg, men også relevant for dei. Ideen med EUs store forskingspakke, Horizon 2020, som er verdas største, er fullstendig utenkjeleg for dei. At utdanninga og forskinga skulle vere avhengig av skattepengar. Men dette fører også til ein skilnad på korleis ein ser på bibliotekarprofesjonen. 

– Når då Michael Gorman skriv om «Our Enduring Values», som går på kjerneverdiane i bibliotekfaget [sjå lengst nede, journalistens merknad], har han ei europeisk vinkling. Han er jo også brite i utgangspunktet. Men det er interessant at han og andre, som Wallace Koehler, blir oppfatta som konservative og blir marginaliserte i USA. Men eg meiner dei har ein ganske radikal agenda; dei spør seg korleis ein skal kunne navigere på eit progressivt sett i eit nyliberalt miljø, der alle verdiar er vekk, der berre dei økonomiske verdiane har noko å seie.

– Då har vi ein profesjon som ikkje korresponderer med ideen om økonomisk vekst. Korleis skal ein i eit slikt miljø kunne skape eksistensgrunnlag og legitimitet, eller faktisk ei meining? Men Gorman hevdar altså at det finst ein praksis og nokre verdiar som utgjer ein kjerne for alle typar bibliotek og bibliotekarprofesjonen. 

– Og desse ligg ganske nære dei fleste vestlege, europeiske konstitusjonane. Til dømes ligg jo den svenske biblioteklova svært nær grunnlova. 

– Biblioteklova er ei rammelov og seier ingenting om innhald eller nivået på tenestene, men ho set ein prioritet. Så når Sverigedemokraterna (SD) seier dei skal fjerne bøkene på innvandrarspråk, har dei ikkje lova på si side. 

– På den andre sida så seier ho ingenting om kven som skal stå for tenestene, noko den norske gjer, om enn litt flyktig. Og det finst inga sanksjonsmulegheiter, så dei kan strunta fullstendig i lova, og det hender ingenting. For det har ikkje blitt prøvd i retten. SD-politikarar har ved nokre høve krevd at bibliotek skal fjerne visse bøker og ikkje innby til forfattarmøte om LHBT-tema. Justisombudsmannen har uttalt seg, men litt varierende frå sak til sak, rett nok ikkje i LHBT-saka. Men slike saker kan skape presedens og ny praksis. Det kjem vi til å sjå frametter, kor langt ein kan gå på ulike felt. 

– Når dette har holdt på i fem eller ti år, vil vi sjå ein annan realitet?

– Ja, definitivt. No har Sverigedemokraterna framgang og fått makta i nokre kommunar, og om to år er det riksdagsval. Kulturpolitikken er faktisk det første dei går laus på. Og vi veit korleis det skjer; sjå på Frankrike på slutten av 1990-talet, då Le Pen tok makta i nokre kommunar, og sjå på land som Polen og Ungarn. Det er til nasjonalistane i desse landa SD-arane no reiser for å lære. 

– For SD handlar det særleg om det nasjonalistiske. Dei hegnar om lagom folkelege ikon som Astrid Lindgren, mens eg trur ikkje så mange bryr seg om Bergman, til dømes. 

Blir det behov då for å følgje nøye med på kva som skjer i Sverige?

– Eg trur det fleire som gjer det. Men vi veit enno ikkje korleis det går. Det kan jo kome ein reaksjon, det kan jo hende det finst eit bilete av det demokratiske Sverige. Når og om SD skal utfordrast, blir det viktig at bibliotekfaget og også utdanningane blir aktive. Vi må setje grenser.

Kompetanseutvikling for folk i yrket

– Du var med på arbeidet med den nasjonale bibliotekstrategien som har pågått dei siste tre åra. Og i ein særrapport foreslår du og andre ved bibliotekskolane eit nytt system for kompetanseutvikling, som også skal handle om etterutdanning

– Ja, men forslaget vårt blei noko endra i den endelege strategien. I staden for ei kopling mellom praksis og den akademiske grunnutdanninga for å oppnå dette, foreslår dei dessverre eit frittståande institutt, men noko det finst presedens for i andre fag. Men vi får sjå.

– I Oslo har det i periodar vore varierande grad av kopling mellom utdanning i journalistikk og bibliotekfag, men ikkje i Sverige?

– Nei, vi har jo journalistikk her i Växjö også, men i Sverige er det vanlegare med kopling til dei kulturvitskaplege institutta.

– Du skriv mykje om strategien som sentral for bibliotekfaget og -identiteten. Dette blir vel noko anna enn trenden dei siste tiåra om «brukarane i sentrum»?

– Det handlar om ideen om kva eit bibliotek er. Dette har ingenting med digitalisering eller medieformen å gjere. Men oppgåva er å handtere dokument, og det finst ingen andre institusjonar som gjer dette. Det kjem mengder av dokument i dag som ikkje på noko vis er institusjonaliserte, men dei finst der, og biblioteka treng ikkje ha noko med dei å gjere. Men det handlar om dokumenta som samlast inn for å sikre meiningsmangfaldet og den demokratiske samtalen. For å kunne gjere det, trengst det eit kunnskapsgrunnlag. 

– Det har alltid vore slik. Eit bibliotek utan dokument er noko anna. Det er opp til samfunnet om det vil dette andre eller bibliotek. Men det ligg ein ganske sterk integritet i ein institusjon som har vore stabil i seks tusen år. Ein leiker ikkje med ein slik institusjon. 

– Og det faktum at det plutseleg skjer digitalisering og at politikarar spring som idiotar etter den nærmaste digitaliseringsløysinga, og har dei mest urimeleg fantasiar om effektane av dette, det ligg heilt utanfor bibliotekets domene. Det finst ein kjerne i biblioteket som er heilt uavhengig av brukarane.

– – –

Michael Gorman: Kjerneverdiar for bibliotekverksemd

I boka Our enduring values revisited : librarianship in an ever-changing world (2015) listar Michael Gorman opp ni sentrale verdiar knytte til bibliotekverksemd (omsetting: Anders Ericson):

Trygging av kunnskap

  • Bevare det menneskelige kunnskapstilfanget for å sikre at framtidige generasjonar veit det vi veit
  • Ta vare på og pleie utdanninga av bibliotekarar slik at vi vidarefører dei beste verdiane våre og praksisen vår
  • Vere profesjonelle, gode forvaltarar av biblioteka våre slik at vi gjer oss fortente til lokalsamfunnets respekt

Tenesteyting

  • Sikre at alle retningslinene og prosedyrane våre blir påverka av tenesteetikken imot enkeltpersonar, lokalsamfunn, storsamfunnet og ettertida
  • Evaluere alle retningslinene og prosedyrane våre i lys av tenestene vi yter

Intellektuell fridom

  • Forplikte oss til ideen om at alle menneske i eit fritt samfunn skal kunne lese og sjå kva dei vil
  • Forsvare den intellektuelle fridomen til alle medlemmane i samfunna våre
  • Forsvare minoritetane sin frie rett til å ytre seg
  • Gjere bibliotekets utstyr og program tilgjengelege for alle

Rasjonalisme

  • Organisere og administrere bibliotektenestene på ein rasjonell måte, bruke rasjonalisme og vitskapeleg metode på alle bibliotekprosedyrar og program

Leseevne og læring

  • Oppmuntre leseevna og kjærleiken til å lære
  • Oppmuntre til livslang, vedvarande lesing
  • Gjere biblioteket viktig for litteraturundervisninga

Lik tilgang til kunnskaps- og informasjonstilfanget

  • Sikre at alle ressursane og programma til biblioteket er tilgjengelege for alle
  • Overvinne teknologiske og privatøkonomiske hindringar for allmenn tilgang

Personvern

  • Sikre konfidensialitet når det gjeld personrelaterte data som biblioteket bruker
  • Hindre teknologisk krenking av privatlivets fred ved bruk av biblioteket

Demokrati

  • Ta del i å sikre verdiane i eit demokratisk samfunn
  • Ta del i utdanningsprosessar for å sikre allmenndanning som eit vilkår for demokrati
  • Bruke demokratiske metodar i leiing av biblioteket

Til samfunnets beste

  • Gjennom haldningar og praksis arbeide til beste for alle bibliotekbrukarar og samfunna dei lever i

 

 

2 Trackbacks to “Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: