«Nasjonalbiblioteket er helt avgjørende for at norsk historie og navneskikk ikke “forsvinner i støyen”»

Kven seier dette? ChatGTP, etter ein åtte siders «samtale», der det første spørsmålet mitt var: «Etter svartedauen blei mange gårder øde, og blei kalt ødegårder. Noe som er blitt et norsk etternavn. Men har de tilsvarende i Sverige og Danmark?»

Eg sleit med å finne svar på dette på nettet. Bakgrunnen for namnet her i landet er det mykje å lese om, men den nordiske «utvidinga» fann eg lite om. Men så er eg heller ikke på nokon måte namnegranskar. Men så prøvde eg då KI.

Etter kvart måtte eg spørje korleis hen fann ut av dette, med mistanke om at nb.no var avgjerande. Dermed overskrifta her.

Eg er, igjen, imponert – og skremt. Men kan nokon med kunnskap om stadnamn, få meg ned på jorda igjen? Bruk kommentarfeltet.

Her er «samtalen» mellom meg og ChatGPT:

Les mer ««Nasjonalbiblioteket er helt avgjørende for at norsk historie og navneskikk ikke “forsvinner i støyen”»»

Fred i biblioteket?

Nokre kjappe bibliotekbesøk den siste tida har påvist at eit sentralt tema for bokutstillingar denne vinteren er krig og fred og tilliggjande herlegdomar. For å seie det slik. Men Biblioteksøk fortel meg at berre 14 folkebibliotek i landet har boka Stopp våpenkappløpet.

Bloggen Trønderrød har ein omfattande omtale.

PS: Av dei 19 artikkelforfattarane er to av dei bibliotekfolk, Ragnar Audunson og Halfdan Wiik.

PS: Etter at Nasjonalbiblioteket for seks år sidan, uforståeleg, valde å leggje ned postlista Biblioteknorge har bloggar som denne problem med å få lesarar. Men nedanfor finn du ein enkel metode for å få nyheitsbrev på e-post kvar gong det er noko nytt her.

Les – og høyr – Agnes Ravatn!

Den nye romanen hennar, Doggerland, er ikkje berre frekk, underhaldande og medrivande, som vanleg frå hennar side, men denne gongen også ein skarp analyse av dei høgaktuelle problema for bok- og forlagsbransjen og for den allmenne lesevna og -lysten, då ikkje berre for born og ungdom. Og med eit småskummelt sci-fi-hint til den såkalla kunstige intelligensen.

Etter å ha lese Doggerland, eller før lesinga, bør alle bibliotekarar (og andre) lytte til ein episode i Litteraturhusets (Oslo) podkastserie med tittelen Ubehaget i lesekulturen der DnF-leiar Bjørn Vatne intervjuar Agnes Ravatn. Ein heil time, utan eitt dødpunkt.

Underteikna har lenge vore opptatt av motseiingane mellom biblioteket og den øvrige bokbransjen, særleg når det gjeld kampen om lydbøkene og e-bøkene og av den ikkje sjeldan utviste ignoransen til biblioteket frå antatte autoritetar på litteraturfeltet. For femti år sidan, i ml-rørsla, var det mykje snakk om å identifisere underordna motseiingar kontra hovudmotseiinga i alle problemkompleks. No, nokre timar etter lesinga av Ravatn, og podkasten, har eg ei kjensle av at biblioteket høyrer mest saman med resten av bokbransjen. Men vi får sjå.

Året som gjekk – og med dét åndshøvdingane

Vi er i romjula, og her er førstesida i ein roman av Dag Solstad som eg ikkje les kvar jul, men nesten.

Éin av dei store forfattarane vi mista i 2025 var Dag Solstad. Her ei påminning om takketalen hans, «Ideen om det opplyste folket», då han fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i Stockholm i 1989. Der folkebiblioteket speler ei hovudrolle. Nasjonalbiblioteket har både denne lyden og teksten, her i boka 14 artikler på 12 år.

Prisen fekk han for «Roman 1987», kanskje den viktigaste han nokon gong skreiv (høyr Klassekampens ferske podkast om denne boka, med Trygve Riiser Gundersen!).

Leselyst, treng deg på, her skal du motstand finne

Lydboka er blitt det nye litterære mediet og truleg den leiande litterære forma fram til nokon lanserer fungerande nevro-litteratur (direkte innsprøyting). Men for ei veke sidan måtte eg minne om biblioteket og lånarane sitt totale nederlag i boklov-kampen om lydboka for to-tre år sidan.

Og gjennom eit dekret frå Nasjonalbiblioteket i dag er det definitivt at biblioteka skal stå på sidelinja og knapt nok det. For saman med Forleggerforeningen har NB no «blitt enige om en ny anbefalt utlånsmodell for digitale bøker i folkebibliotek». Modellen er ikkje berre nøyaktig slik (bibliotek-)pessimistane hadde tenkt seg seg, men i tillegg har vi fått ei formulering som denne: «Dersom boken leveres tilbake før utlånsperioden er over, er lisensen sperret for neste utlån inntil lånetiden for forrige låner er utløpt».

Lydbok-forsvinninga revisited

I eit blogginnlegg i 2023 følgde eg opp storbybiblioteksjefane som i Aftenposten hadde spurt: «Hva skjedde med det opprinnelige forslaget om leveringsplikt på digitale lydbøker til bibliotekene?«. I artikkelen «Høringsinstituttet og påvirkning gjennom den korporative kanalen» i Norsk statsvitenskapelig tidsskrift denne veka nærmar vi oss forklaringa på denne negativt paradigmatiske stadfestinga av den nasjonale politiske og juridiske aksepten for at delar av medievalet i biblioteka skal vere styrt av forlag og distributørar.

Biblioteka som høyringsinstansar er ein del av heilskapen, men ikkje hovudfokus i artikkelen. Dei tre forfattarane, to av dei velkjende frå ABI på OsloMet, er mest opptatte av at denne høyringa, til skilnad frå den førre, i 2013, «evner å mobilisere bredere politiske og felt-interne allianser». I 2013 var biblioteket ikkje tema i lovutkastet, i 2022 eit viktig element i høyringsutkastet, men så heilt vekk i den vidare prosessen.

Bibliotekjournalistikk – kor går du?

På elleve år har norsk journalistikk med bibliotek som hovudtema blitt redusert frå tre til eitt tidsskrift. Ja, kva så? Vi har jo sosiale medium! Men kva då med uavhengig, kritisk journalistikk?

Det heiderlege unntaket er sjølvsagt Bok og bibliotek. Men nyleg blei tidsskriftet Bibliotekaren nedlagt. I 32 år kom bladet, med mykje glødande fagforeiningsstoff, men også gode dosar uavhengig, viktig journalistikk. 

Forbundet vil no «utvikle nye måter å dele faglig og politisk innhold med medlemmene på». Vi må håpe på det beste. Men då Norsk Bibliotekforening fann å kutte ut tidsskriftet Bibliotekforum og nettjournalistikken sin i 2014, blei det berre «erstatta» av åtte «medlemssider fra Norsk Bibliotekforening», som bilag i Bok og bibliotek. Og mest med enkle kunngjeringar frå NBF-leiinga. Frå 2022 blei sidene berre to, og frå og med 2024 er dei vekk. På dei eigne nettsidene har NBF i år 25 artiklar til no, men mest høyringssvar og annonseringar.

Og apropos sosiale medium, så er det no over fem år sidan Nasjonalbiblioteket, på på ėin dags varsel, meldte at dei skulle leggje ned postlista Bibliotek-Norge, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar hadde heldt seg orienterte. Kva har vi i dag, eit brokete forum på NB, der det ikkje har vore liv sidan 29. september!? Om det finst lukka forum som fungerer, så fungerer dei ikkje for andre enn dei som er «innafor».

PS: I det nyaste nummeret av Bok og bibliotek ser vi at sosial uro på bibliotek er eit tema. Folk med interesse for slike «svenske tilstandar» kan med fordel lese det svenske Biblioteksbladet. Og for andre gode grunnar. I Sverige hadde vi også det erklært sosialistiske Bibliotek i Samhälle, som kom på papir og pdf fram til i fjor, men som no viser seg å vere ganske oppegåande på nett.

Kamp for meirope bibliotek?

Biblioteket i Stavern var det første «meirope» i Noreg i 2013. Oppslag i lokalpressa i desse dagar tyder ikkje på at meirope har styrka bibliotekets status.

I Klassekampen 17. november er dei tillitsvalde på Deichman negative til at byrådet no likevel prioriterer “meirope”: “… det er ikke noe faglig innhold i meråpne bibliotek utover at det står bøker i bokhyllene og ligger aviser på bordene”. Og: “det [er] ikke bibliotekets oppgave å demme opp for at det kuttes i fritidsklubbtilbudet”. 

“Meirope” heiter mykje meir treffande “staff-less” på engelsk. Det starta med ei dansk naudløysing for å unngå omfattande biblioteknedleggingar etter kommunesamanslåingane i 2007. Det er ei grei tilleggsteneste for folk med studiebehov og når arbeids- og reisetid skapar problem. men er det grunn til å hausse det opp som noko av det viktigaste å kjempe for?

>> I denne bloggen har vi 27 artiklar om fenomenet meiropne bibliotek.

2026 vil bli eit negativt tidsskille for kommunale tenester generelt, og særleg for kultur. Derfor vil nok “meirope” vise seg å auke rundt i landet. På jakt etter lettvint innsparing vil kommunane erstatte betjent opningtid med ubetjent. Ei anna «hendig» løysing blir nedlegging av filialar. Dei fem år gamle samanslåtte kommunane kan, utan å bryte lova, kvitte seg med avdelingar utanom den eine sentrale.

Flotte nye bibliotekbygg i ein del byar og kommunar gir eit falsk inntrykk av velstand, men i distriktskommunar er nedslitne lokale og låg bemanning det typiske. Talet på besøk har auka noko etter koronaen, men på tjue år har likevel talet på bibliotekbrukarar gått ned frå 54 til 48 prosent.

Det kjente og kjære, men ignorerte biblioteket

I Klassekampen dei siste vekene har biblioteket vore ein gjengangar på debattsidene. Der brukarar, fagfolk og stortingspolitikarar har støtta kvarandre i kampen mot alvorlege kutt i bibliotekbudsjetta. Men når til dømes kulturminister Jaffery presenterer Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte, er biblioteket berre ein liten parentes og ingenting er konkret.

Så det er heilt på sin plass når Norsk Bibliotekforening foreslår «en nasjonal bibliotek­satsing der stat og kommuner samarbeider for å sikre framtidens bibliotek».

Biblioteket og redningsplankane

Klassekampen og Morgenbladet har nyleg vekt bloggaren i meg. Det handlar om KKs reportasje 23. oktober om Deichman som møteplass for unge, men som blir rasert når meirope blir kutta i budsjettet. Og i MB Bernhard Ellefsens kulturpolitiske «manifest» ei veke seinare.

Biblioteket som møteplass, studiestad osv. er sjølvsagt relevant og viktig, men er det nok til å redde biblioteket – som bibliotek? 

Universitets- og høgskolebiblioteka har ei klar hovudoppgåve å sortere og levere kunnskap. For førti-femti år sidan, i den før-digitale tida, var det slik også for dei kommunale folkebiblioteka. Men for dei har det seinare handla om å kompensere på forskjellig vis for det sviktande utlånet av papirbøker. 

Biblioteket som møteplass har berre vore éin av dei forsøksvise “redningsplankane”. Biblioteket som studiestad ein annan. Universiteta i Oslo har “mista” hundrevis av studentar til stolar og bord i det nye, kule Deichman i Bjørvika, eit døme på kor viktig det er med arkitektur og sentral lokalisering. 

Og vidare: Biblioteka trudde dei kunne halde tritt med utviklinga av digitale medium, men forlagsbransjen, med hjelp av staten, har sett grenser for biblioteka når det gjeld tilgangen til e-bøkene og dei stadig meir populære digitale lydbøkene. 

For tjue år sidan satsa biblioteka sterkt på kvalitetssikra, handplukka kunnskapsportalar på nett, for å konkurrere med Google, men som kjent er kunnskapen i dag heilt overtatt av dei nettbaserte internasjonale konserna, no også av KI-ane deira. Snøgg levering er blitt mykje viktigare enn kvalitet. 

For ti år sidan skulle biblioteka bli offensive debattforum, men forsking viste at berre i nokre store kommunar har dei ressursar til dette. Enklare arrangement som foredrag og opplesing har auka bibliotekbesøket ein del, men på tjue år har likevel talet på dei i landet som bruker biblioteket gått ned frå 54 til 48 prosent. 

Det same med talet på bibliotek. Lova krev berre eitt bibliotek i kvar kommune, og det blir spanande å sjå kor mange av dei nye samanslåtte  kommunane som no kvittar seg med bibliotekavdelingar utanom det eine sentrale.

Korleis kan det ende? I Storbritannia, eit nesten-granneland med sterke kulturelle tradisjonar, har dei femten siste åra, med eit bastant høgrestyre, men ikkje ultrapopulistisk, redusert biblioteka sine driftsbudsjett med 18% og bokutlånet med 40. Kvart femte bibliotek er nedlagt. Frivillige lånarar har “redda” eit halvt tusen, men få av desse amatørdrivne boksamlingane har pengar til nytt innhald. Og andre bibliotek er reduserte til community hubs, det vil seie “kreative” samanslåingar av bibliotek med alt frå skattefuten til politiet (og då går biblioteket som uavhengig aktør fløyten, jf Merete Lie i kronikken i Klassekampen, også 23. oktober).

Det er ikkje tal på kor mange bibliotekfaglege og -politiske konferansar dei siste åra som har hatt biblioteket som demokratisk aktør som hovudtema. Men kva kjem det ut av det? I dei nasjonale bibliotekstrategiane som Nasjonalbiblioteket og departementet har stått bak, har demokrati vore sentralt, men forskarar har oppsummert at dei inneheld “ingen konkrete eksempler på hvordan bibliotekene skal gjennomføre dette, utenom generelle målbeskrivelser”. Kan vi håpe på ein forløysande augneblink under  “demokratiworkshopen” i regi av Norsk bibliotekforening på Litteraturhuset i Oslo 7. november?

I Morgenbladet denne veka vågar Bernhard Ellefsen å vere visjonær om kulturpolitikken over ni sider. Han skriv at “kulturpolitikkens reelle subjekt igjen [må] være folket. Det er effekten som må styre bruken av disse dyrebare kulturkronene”. Ikkje institusjonane. 

Ei ekstra utfordring er at det bibliotekfaglege miljøet er så lite at det ikkje når fram med krav og synspunkt. Det blir ofte “gløymt” i viktige samanhengar, til dømes i det nye dokumentet “Ytringsberedskap : Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte”, lagt fram 23. september av ingen annan enn bibliotekas eigen minister Lubna Jaffery. I den grundige gjennomgangen av 9 slag infrastruktur for ytringsfridom er biblioteket berre nevnt, nærmast i forbifarta, under “Kunst og kulturliv”. Ikkje eitt ord under “Språk, leseferdigheiter og leselyst”. Og ingen andre stader.

Men kan andre, utanforståande, forsøke å gjere noko med det? 

Konkret forslag: I kommunane før budsjettdebattane kan fagrørsla, minoritetsgrupper, interesseorganisasjonar osv ta Ellefsen på alvor og gå saman om å stoppe kutt på biblioteket. Og i neste omgang vere med på å utvikle det til ein verkeleg demokratisk ressurs.

Lydbokliberalistane marsjerer

Då lydboka er så lite fotogen, vel eg her eit tilfeldig foto frå reiser i Sverige: Frå festspisesalen på Kalmar slott, med «autentisk» oppduking frå 1586. Då det var «vanleg» med levande småfuggel i kaker. Dette var etter unionen.

Klassekampens kultursider har denne veka eit meir interessant tema enn ein skulle tru: Svensk litteratur og bokbransje. I dag er tittelen «Se på Sverige som et skrekkeksempel», og kort fortalt handlar det om at i Sverige:

» … lanseres gjerne lydbøkene før papirboka, og opplagene er små – eller trykkes såkalt on demand – slik at bokhandlene tidvis går tomme for eksemplarer. Resultatet er at leserne stadig oftere må velge lydbok. … Storytel fått vokse nesten uhemmet på det svenske bokmarkedet».

Framleis er det skilnader mellom Sverige og Noreg på dette feltet, men kor lenge? Vi kan lese:

«I motsetning til oss har ikke svenskene fastpris på nye bøker. I Norge faller også lydbøker under den reguleringen: Nye norske lydbøker kan ikke strømmes før fastprisperioden har gått ut. … I fjor ble det strømmet 45 millioner lydboktitler i Sverige, mens det ble solgt 25 millioner bøker. Dette endrer også litteraturen, mener Rasmus Landström. Forlaget og forfatteren får betalt for hver time som strømmes – ikke hver tittel. Dermed lønner det seg å skrive lange bøker».

Politikarbiografien Noreg ikkje har sett

Dette er ein «annonse» som bloggaren ikkje vil bli rik av, for annonsøren er bloggaren sjølv, eller forlaget hans. Det handlar om ei ny og spesiell bok i norsk samanheng. Rett nok i sjangeren politikarbiografiar, men ikkje om ex-statsministrar eller landsfedrar/-mødrar, men om to lokale ytre-venstrepolitikarar frå RV, eit marginalt parti som no er nedlagt, men som held fram som partiet Raudt.

Biblioteka i heimkommunen, Moss, treng sjølvsagt denne boka, men også fleire, for dette er historia om det politiske livet i ein mellomstor industriby, og dei finst det mange av her i landet. Men ingen av dei andre har ei slik bok, det eg kan sjå.

Trykkinga blir finansiert med ein Spleis, der det er to prisar etter om boka blir henta i Moss eller om ho kjem i posten. Om dette harmonerer dårleg med offentlege bibliotek sine rekneskapsrutinar, kan eg vel alltids ordne med faktura osv. Skriv til frilanders @ gmail . com.

Lokalaviser, frivillighet og BIBLIOTEK

Dette knipsa eg i Tromsø bibliotek i 2005. Ser det framleis slik ut der?

Nrk.no er faktisk på nett i dag med akkurat denne bodskapen. Enkelt og greitt. Om kva som kan bidra til å sikre ei demokratisk framtid her i landet. Til skilnad frå tendensar rundt i verda, no også i tradisjonelt demokratiske land.

Rett nok er det ikkje lenger bibliotek «på hver knaus og hver knatt,» slik dei påstår i reportasjen. Og apropos lokalaviser, så ser eg dessverre fleire døme på at både dei lokale og riksavisene er blitt færre i biblioteka. I alle fall på papir. Og når no opningstidene blir reduserte, og slett ikkje ope alle dager over alt, så …

Men meir om slikt seinare, trur eg.

PS: Følg bloggen via e-post. Sjå skjema nede til høgre. Og del gjerne med fleire!