Bibliotekhandbok for neste pandemi

Smale rulletrapper på Nye Deichman, men bygget stod jo ferdig før koronaen

Vi har skrive om det US-amerikanske prosjektet REALM fleire gongar under koronaen. Det handla då særleg om fare for overføring av smitte ved handtering av bøker og anna utlånsmateriale og ved nærleik mellom menneske inne i bibliotekrom. No har dei kome med ei gratis handbok: «Public Health Crisis Management : Playbook for Archives, Libraries, and Museums».

Bloggaren har forsøkt å få greie på om det skjer noko liknande her i landet. For eit år sidan hadde Arkitektnytt ei generell sak om slikt, men vi ser ikkje i dag teikn til at bibliotekarkitekturen er i endring (men har jo ikkje sjekka over alt). Røynslene frå pandemien skulle ført til slikt som romslegare heisar, rulletrappar, trappar og passasjar blant anna. Og oppdatert ventilasjon.

Det er mange nye bibliotek under planlegging og bygging, jamfør den heile tida oppdaterte oversikta vår Nye bibliotekbygg.

– Ingen stengde bibliotek til vinteren! (UK)

Når gassen blir altfor j…. dyr vil elektriske vatnkokarar vere løysinga, meiner Boris & co.

Frå det britiske folkedjupet aukar signala på sosiale medium om at biblioteka må stille opp for dei som ikkje får råd til å varme opp heimane sine til vinteren. Vi har omsett to ferske meldingar:

Save Our Libraries Essex: «Med energiprisane til himmels og når dei kaldere månadane nærmar seg, vil mange menneske slite med å ha råd til oppvarming og leite etter fristader frå kulda. Vi merker oss at bibliotek rundt om i landet førebur seg på å møte dette behovet, medrekna å skaffe ekstra møbel og utvide opningstidene».

Save Nottingham Libraries: «Denne vinteren vil endå fleire menneske bli kasta ut i fattigdom på grunn av auka levekostnadar. Regjeringa hadde ikkje anna svar å kjøpe ein ny vatnkokar?! Lokale styresmakter må vere klare med «varme møtestadar». Felleslokale for å halde varmen. Bibliotek er perfekte. Forferdeleg å stengje NOKRE no».

Bibliotekaktivisten Alan Wylie følgjer utviklinga på Twitter.

Oppsnappa veke 35

Høgare utdanning etter koronaen: Debatt i dag om digital versus fysisk undervisning på Khrono.no: «Førsteamanuensis Oddveig Storstad droppet all digital undervisning etter pandemien og mener det gjør undervisningen bedre. Pedagogikk-nettverk frykter at akademia går for raskt tilbake til slik det var før». Helge Høivik ved OsloMet skuldar i kommentarfeltet på «krisedigitalisering 2020-22».

Bilateralt bibliotek. I småbyen Stanstead i Quebec, Canada, som faktisk henger saman med Derby Line, Vermont, USA, går nasjonsgrensa tvers gjennom det lokale biblioteket (sjå foto nummer to frå toppen).

Bra bibliotekblekker. Den aktive svenske bibliotekbloggaren Peter Alsbjer har planar om pensjonering og vil no dele ressursane han bruker med lesarane sine. Ein nyleg bloggpost har tittelen «Omvärldsbevakning: 18 vetenskapliga bibliotekstidskrifter (Open Access)». Underteikna repliserer med ein solid blogroll, sjå lengst nede her på sida, til høgre.

IFLA går i seg sjølv

I mai skreiv vi på bloggen om IFLA-krisa – ei norsk ikkje-sak. Det var visst berre Biblioteksbladet, organet til Svensk biblioteksförening, som brydde seg offentleg då. Dei internt involverte heldt heilt kjeft, medrekna norske tillitsvalde. Dei som var på konferansen i Dublin har kanskje fått vite meir etter kvart, men i dag, 1. september, skriv IFLA Headquarters at dei har starta «Planning for a stronger, more transparent IFLA». Med sju ganske tunge «key points». Lukke til.

«Digital forvaltning for alle?»

Dette er tittelen på eit halvdagsseminar, med undertittelen «For mange er digital forvaltning en selvfølge, men hva med de som ikke kan eller vil bruke de muligheter digital forvaltning gir?» Dette er i regi av Avdeling for forvaltningsinformatikk, Institutt for Privatrett ved UiO og finn stad 29. september.

Slikt er høgaktuelt for særleg folkebiblioteksektoren, som det no er dokumentert at må ta mykje av støyten når etatane ikkje gjer jobben med tilrettelegging. Vi var nyleg inne på dette i samband med rapporten om Problema med datahjelp til NAV-klientar.

Her hadde Ingeborg Gihle, bibliotekar på IMDi og ny leiar av Flerkult, ein kommentar om Sintef/NAV-rapporten «Nyankomne flyktningers digitale hverdag». Og i går skreiv same Ingeborg på Biblioteknorge-lista om «den nasjonale brukerundersøkelsen for introduksjonsdeltakere» som startar 27. september.

Ny digitaliseringsplan, men kva med skolebiblioteket?

For eit par veker sidan gjekk kunnskapsminister Tonje Brenna ut med 17 millionar til styrking av skolebiblioteka i 26 kommunar. Dette for å auke leseferdigheitene, heiter det. Det var jo bra, men 26 kommunar er berre 7 prosent av alle.

Nrk.no intervjuar i dag Brenna (AP) og forgjengar Jan Tore Sanner (H) om ein ny plan for digitalisering i skolen. Det handlar jo om papir versus digitalt. Men skolebiblioteket er ikkje nemnt med eitt ord.

I mars i år hadde Brenna eit innspelsmøte om dette arbeidet. Vi reknar med at bibliotek- og skolebibliotekmiljøa var innbydde dit?

Balansen i opphavsretten i fare

Vi blogga om dette i juli: Alvorleg åtak på digital bibliotekverksemd. No kan ein følgje med på bloggen til Kathleen McCook for å bli orientert om utviklinga. I natt (norsk tid) skreiv ho om at rettsprosessen er i gang mellom Internet Archive og fire av dei største forleggjarane i USA.

Kort fortalt: IA har skanna bøker og «låner» dei ut digitalt etter «eksemplarmodellen», éitt «eksemplar» per lånar til kvar tid (på same måte som papirbøker – og som dei kommersielle lyd- og e-bøkene i norske folkebibliotek). Dette starta dei med under koronaen som eit naudtiltak då dei fleste biblioteka var stengde. Men om forlaga vinn saka, tenesta blir stengd og Internet Archive blir dømd til store erstatningar, betyr det ikkje at den gjeldande US-amerikanske opphavsretten er sikra, men at grensene er flytta. Electronic Frontier Foundation (EFF), tilsvarande vårt EFN, skriv: «The publishers are not seeking protection from harm to their existing rights. They are seeking a new right foreign to American copyright law: the right to control how libraries may lend the books they own».

Dette kan få dramatiske følgjer. I den noverande overgangsperioden mellom papir og digitalt kan ein slik dom vere eit startsignal for å …

Les mer «Balansen i opphavsretten i fare»

Lydboka er langtfrå lytefri

Tilbakespoling anno 1970- og 80-talet 🙂 Det fanst meir avanserte metodar

Vi siterte 14. august Jan Kjærstad på at populariteten til lydbøkene kan føre til at forfattarar legg seg til nye, tilpassa skrivevanar: Få personar og tidsplan og korte kapittel. Dei følgjer opp Kjærstad i Klassekampen i dag ved å intervjue Kari J. Spjeldnæs, stipendiat ved Høyskolen Kristiania, som forskar på kva som skjer med litteratur og lesing i lys av digitaliseringa:

«– For det første har vi funnet ut at de som lytter til lydbøker, opplever at de leser mer. Konsumet utvides ettersom det å lytte til lydbøker alltid kan kombineres med noe annet, … – For det andre rapporter leserne at de ofte faller ut av en lydbok, da det er vanskelig å holde konsentrasjonen oppe. Mange mister rett og slett tråden og begynner å tenke på nye ting. … Det kan for eksempel være at de ikke har fått med seg et navn eller en handlingstråd, da blir de også usikre på sammenhengen. Selv om lytterne er kjent med at man kan spole tilbake, gjør de sjelden det».

Personleg PS: For tida blir det her i garden lytta til omsettingar blant anna frå fransk, frå Maigret til Modiano. Sistnemnde er ikkje av dei heilt lette å hengje med på, og noko som kunne ha letta lyttelesinga hadde vore ei god, gamaldags personliste! Fleire personnamn og stadnamn går greitt, trass i berre to år med fransk for fleirogfemti år sidan, men så lenge innlesarane uttaler dei på fransk, kunne det hjelpt å sjå skriftbiletet. Til dømes at i «Usynlig blekk» heiter ikkje arbeidsgjevaren til hovudpersonen /ytt/, slik Anders Ribu heilt korrekt uttaler det, men Hutte.

Trettebergstuen med modig lydboklovnad

Foto: DNA/Flickr (utsnitt) (CC BY-SA 2.0)

I Aftenposten i dag seier kulturministeren blant anna: « … at det innføres en leveringsplikt til folkebibliotekene. Slik vil lånere over hele landet få tilsvarende godt utvalg i lydbøker som de er vant til på papir».

Representantane for bibliotekmiljøet vågar ikkje vere så sikre på dette. Det må forhandlingar til om prisnivå og andre vilkår.

Biletbruk på bibliotekheimesider, del 2

Då vi i mars skreiv om Biletbruk på bibliotekheimesider handla det om korleis ein kan unngå å bli åndsverklovbrytar. No har det opna seg ein «bakveg» dei færraste ante noko om for eitt år sidan. Eirik Solheim på Nrk Beta skreiv i juni om Maskinenes kreative revolusjon, om kunstig intelligens brukt til å skape bilete. Sjå illustrasjonen her, der vi på nettstaden Craiyon.com gav kommandoen: «Library interior in snow».

Så kan vi ha moro og nytte av slikt inntil vidare

Apropos forhandlingar om det digitale

Digitalt bibliotekinnhald anno 1977. Les meir i American Libraries nr. 10/2015, side 51.

Etter forslaget i førre veke om ny boklov er det ikkje berre spenning om høyringsrunden og den endelege lova, men også om departementet og lovgjevarane i den varsla forskrifta til lova vil presentere «ei minimumsløysing» (sitat NBF-leiaren) for forhandlingane, altså om pris osv., mellom biblioteka og forlaga (sjølv har vi ikkje tru på at forskrifta kjem til å innehalde slike føringar).

Uavhengig av dette, som vil ta ein del tid, annonserer no Digin at «det nærmer seg forhandlinger». Forhandlingane vil skje på vegner av konsortiet Bibliotek24, som omfattar alle fylkesbiblioteka og Deichman.

Kan det dei kjem fram til, som sjølvsagt må bli betre enn situasjonen i dag, påverke innhaldet i den komande forskrifta?

«Overordnet verdi» for Digin er å «Samle, styrke og effektivisere bibliotekenes digitale innholdstjenester for å sikre likere tilgang og bedre vilkår».

OsloMet-direktøren som gjekk: – Hvor mye er et bibliotek verdt?

OsloMet-saka om bibliotekdirektør Lars Egelands avgang i protest, går vidare, i alle fall på Khrono.no. Seks dagar etter Egelands første innlegg er dette den nest mest lesne saka på den viktige nettstaden, jamfør illustrasjonen frå nettsida deira, til høgre (den mest lesne er dessverre ikkje overraskande …).

Biblioteksatsing = studentsatsing hadde leiar av Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund, som overskrift på eit lesarinnlegg for to dagar sidan der han forsvarer Egeland varmt (vi gjorde ei sak på det då, men ho var ikkje med i backupen vi måtte ty til etter eit dataproblem). 18. august hadde rektor Christen Krogh eit svar, og Lars eit skarpt motinnlegg dagen etter: Hvor mye er et bibliotek verdt?

Egeland opnar: «Krogh framstiller det slik at det nærmest var snakk om en utredning om samling av biblioteket gjennom flere år, men at realitetsavgjørelsen først skulle tas i juni. Det er en feilaktig fremstilling som jeg gjerne vil korrigere». Noko han gjer, i detalj. Og konkluderer: «Det brukes så mye administrative ressurser på prosjekter som ikke blir realisert. Men her det ble fattet beslutninger sjøl om det tok tid. Jeg anerkjenner rektors rett til å stoppe prosjektet, men det er tydelig at avgjørelsen i juni var en omkamp der tidligere beslutninger ble gjort om på».

Og: «… hvis økonomien er årsaken til at fellesbiblioteket i P52, ble vraket, hva gjør man nå med behovet for å ruste opp de tre eksisterende bibliotekene? Hva gjør man for å oppbemanne bibliotekene til å holde tritt med utviklingen i resten av OsloMet, og holde seg på nivå med andre bibliotek i UH-sektoren når vi ikke får effektiviseringsgevinsten av et samlet bibliotek? Det er svært mye som tyder på at dette blir dyrere».

Byråkratar bruker ikkje bibliotek

På Krono.no i dag: «Overrasket over hvor lite forskningsbasert skole­politikken er». Dei intervjuar Kirsten Sivesind ved Institutt for pedagogikk, UiO, som leiar eit prosjekt der dei «undersøker kunnskapsgrunnlaget for de siste tiårenes skolereformer i de fem nordiske landene. … I Norge har de lagt særlig vekt på stortingsmeldingene og de offentlige utredningene (NOU-ene) som lå til grunn for Kunnskapsløftet i 2006 og Fagfornyelsen i 2020».

Og dei har kome fram til at: «Byråkratene som skriver stortingsmeldinger, henviser helst til de tekstene de har tilgang på via offentlige kanaler. De vil heller referere til en oppdragsrapport enn en vitenskapelig artikkel fra samme prosjekt. Forskere velger gjerne det motsatte … De [byråkratane, vår merknad] kan jo få tilgang via biblioteker og digitale søk, men tiden kan være knapp, og det er på mange måter rimelig at en oppsummerende rapport kan være mer tjenlig for dem enn en referee-vurdert artikkel». 

Nyleg har vi her på bloggen lese og kommentert to typiske byråkratutgreiingar, rett nok ikkje på skolefeltet; høyringsnotatet til ny boklov og ytringsfridomskommisjonen. Vi har ikkje finlese noteapparat og litteraturlister. Trur ikkje vi orkar heller.