Ikkje frå Rotterdam eller Særp, men Kistad i Stockholm. Klikk og kikk på filmen
Ifølgje Arkitektnytt har Deichman Bjørvika-arkitektane Atelier Oslo og Lund Hagem vunne konkurransen om å «transformere og utvide» hovudbiblioteket i nederlandske Rotterdam. Overskrifta her er frå pressemeldinga om dette frå dei samarbeidande arkitetktkontora, og endringa dei viser til er at biblioteket er blitt «et åpent og innbydende sted hvor mennesker kan møtes og arbeide; en storstue for hele byen». Den tredje parten i samarbeidet er nederlandske Powerhouse Company, der norske Johanne Borthne høyrer heime.
Samtidig har Arkitektnytt ei sak om ei litt tilsvarande omdanning og tilbygg i Sarpsborg.
Vinyl og cd-ar på Kulturbiblioteket i sentrale Stockholm
Om marknadsføring eller ikkje av vinyl i bibliotek, om talekonkurransar på bibliotek i 1935, om ein ny digital scene for bibliotekarrangement og om dei internasjonale twitterkunstutstillingane, som aller første gong fann stad på Moss bibliotek. Les meir:
Ei mykje lesen og debattert sak dei siste vekene, blant anna her på bloggen og på lista Biblioteknorge, er om Nasjonalbiblioteket si nedlegging av dei nasjonalbibliografiske tidsskriftanalyttane i basen Norart. No har NB sin eigen rådgivande komité, Emnedatakomiteen, sett på saka, og i referatet frå møtet deira 14. juni heiter det om «Avvikling av Norart»:
Medlemer i Emnedatakomiteen uttrykte bekymring for korleis informasjonsbehova Norart i dag bidrar til svar på, skal dekkast framover ved avvikling av tenesta. Den nye løysinga Nasjonalbiblioteket skisserer framstår som uferdig. Sjølv om delar av datamaterialet kan vera tilgjengeleg i andre former, vil metadata med blant anna klassifikasjonskodar knyta Norart-materialet saman med andre databasar der Dewey er i bruk, både nasjonalt og internasjonalt. Det at Norart etter kvart ligg i Alma, gjev god tilgang framover. Og fulltekstbaserte søk har potensiale for å møta mange behov. Men det vil vera behov for i det minste grunnleggande metadata knytt til artiklane og innhaldet i dei, og det er behov at nytt materiale vert registrert og lagt til også før ei fornya løysing er på plass.
Norsk komité for emnedata (tidlegare NKKI) «skal fungere som rådgivende organ for Nasjonalbiblioteket og bibliotekmiljøet i saker innenfor det kunnskapsorganisatoriske området». Komitten har blant anna representasjon frå Biblioteksentralen, Bokbasen AS, ABI ved OsloMet og BIBSYS.
På Bok365 har dei i dag overskrifta Dempet i strømmemarkedet. Vi merker oss spesielt at den største lydbokstrøymaren her i landet, svenske Storytel, er «tvunget til å fokusere mer på kortsiktig inntjening og konservere eksisterende kassebeholdning. Over hundre ansatte har måttet forlate konsernet og fokus på å hente nye titler blir noe dempet. Viktigere blir det å utnytte det rikholdige eksisterende biblioteket mer økonomisk effektivt». Og vidare uttrykker no fleire norske forlag «uro over at spesielt den norske avdelingen av Storytel virker lite interessert i å ta inn nye titler». Så om du synst utvalet og breidda er dårleg i dag, vil det ikkje bli betre, heller dårlegare (på svensk og engelsk er det betre).
Ein ting til: Som med strøyming av filmar og seriar kan du på dei kommersielle lydbokappane aldri vere trygg på at …
Laptopklubbeni Åsane. Frå eit lesarinnlegg i Bergens Tidende: «Ved en ren tilfeldighet ble jeg oppmerksom på at hjelp og støtte i «den digitale verden» er et tema biblioteket har meget god kompetanse på. Der hjelper man svært mange som er «langt bakpå» til å bli mindre engstelig for å prøve og feile». Ein tanke: Han skriv «Ved en ren tilfeldighet … ». Vi ser info om seniorsurf på heimesider og sosiale medium, men kanskje dei aktuelle gruppene må bli informerte på «gamlemåten», gjennom papiraviser og plakatar på stader der dei vanlegvis går? (men kan godt hende dei gjer dét i Åsane).
Internetts økosystem.Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) lanserer no høyring av ein rapport om nemnde system. «Rapporten belyser de økende bekymringene knyttet til rollen til plattformer som Google og Facebook innen internettøkonomien». Innhaldet: «Hvem skal betale for internett? / Hva er problemet? / Debatten er ikke ny / Bli hørt i debatten / Rapporter og dokumenter / Hva er nettverkseffekt?» Her på bloggen grupperer vi relaterte artiklar under bl.a. «Internett» og «Sosiale medier».
Først i kuttekøen. Ifølgje The Guardian vil særleg bibliotek, skolebygg og svømmehallar måtte tole store kutt når kommunane i nærmaste framtid må takle auka straumprisar, løner og p.t. 9 prosent inflasjon. Og dette kjem i tillegg til den allmenne nedbygginga av folkebibliotek i Storbritannia.
Ikkje bokstaveleg, men i kroner og øre. Dagbladet hadde i går ei «oppsummering» av prinsesseballballaden på Deichman Bjørvika i Oslo. Det går fram at biblioteket fekk 961 000 kroner for utleiga, praktisk talt den månadsinntekta dei må ha for at bystyret skal vere nøgd med innteninga, nemleg 12 millionar per år.
No seier kulturbyråd Omar Gamal (SV) at «Denne bursdagsfeiringen var helt spesiell og et engangstilfelle som ikke kommer til å gjenta seg», og frå å ha nærmast skrytt av ordninga tidlegare, seier han no at «Hvis det blir større økonomisk handlingsrom i framtida, er jeg ikke gift med utleiekravet». Men om eit år er det kommuneval også …
Deichmans kommunikasjonsdirektør held likevel bibliotekdøra på gløtt: «Arrangører bør ikke anta at Deichman heretter leier ut og stenger biblioteket selv om lommeboka er feit. Det må helt spesielle grunner til, som i dette tilfellet».
Dagbladet skreiv på leiarplass om tonedøve festarrangørar og publiserte den skarpe fråsegna til dei tillitsvalde, mens VGs Astrid Meland kallar det «surmaget kritikk». I kulturavisene Morgenbladet og Klassekampen har det vore tyst. Dei er då heller ikkje klikkavhengige …
Éin viktig tendens ved bibliotekutviklinga i Noreg på 2000-talet er bygginga av nye bibliotek. Særleg nye hovudbibliotek (men der filialar kan vere ofra) og særleg i store og mellomstore kommunar. På den faste sida vår, Nye bibliotekbygg, forsøker vi å informere om slike planar og framdrift.
Ein av dei mest framståande planane er i Skien, men der ser vi no i avisene at det er uro i bystyret etter prisauken frå 350 til 499 millionar. FrP vil dele opp biblioteket og Ibsensenteret, før dei er samanslåtte. Over fjorden i Moss er det for tida fullt partipolitisk kaos omkring alt frå fellesbygg eller ikkje med kulturskolen, via lokalisering og dermed byutvikling, til inga endring, men litt oppgradering osv. Og ei utmelding av ei bystyregruppe. Mens i Sarpsborg går det meste etter planen, og no har dei funne mellombels lokale på torget. Der blir det om- og tilbygg, så dei må stenge i eit drygt år.
Vi har aldri før lenka til The Hollywood Reporter, men éin gong må vere den første. Greia er at Philip Baker Hall er død, 90 år gamal. Dette var skodespelaren med fleire store roller, men som ifølgje «alle» kanalar i dag vil mest bli hugsa som bibliotekdetektiv Bookman i ein episode i serien Seinfeld i 1991.
>> Nytt 16.6.: Kontant reaksjon frå fagforeiningane i Dagbladet: «Rett og slett flaut. Deichman må bukke, nikke og neie for Oslo kommunes inntjeningskrav». Sjå også dansk TV2.
Det er sjølvsagt hyggjeleg for Oslo å ha eit nytt bibliotek som er så kult og innbydande at landets aller ypparste 18-åring ønskjer å ha party der. Men sjølv om biblioteksjefen forsikrar at «dette er et sjeldent unntak», har i dag dusinvis av pengesterke foretak, organisasjonar og ikkje minst alle norske eventbyrå ført opp Deichman Bjørvika på lista over potensielle locations for store og små occasions. Éin ting er at romma er delikate og praktiske, men i tillegg vil arrangørane skaffe seg uvurderleg kulturell kapital! Presset, og innteninga, vil bli stor!
At heile kåken var til utleige, visste vi ikkje før no. Tidlegare trudde vi det «berre» var «Kringsjå», med eit anna ord den store «utkraginga» på toppen. Sjå fotoet. Og enkeltrom. Og alle kontora som er utleigde på fast basis. Og kafeane osv.
På sentral plass i minst to svenske riksaviser i dag er dette den, for mange, sjokkerande bodskapen. I eit debattinnlegg i Dagens Nyheter frå organisasjonane til forfattarane, bibliotekarane og læremiddelprodusentane heiter det: «… i stället för permanenta lösningar har vi fått tillfälliga ”lässatsningar”. Det finns nog ingenting regeringen älskar så mycket som att initiera nya lässatsningar. I Sverige har vi nu ett läslov, en läsambassadör och ett läsråd» Og . … Regeringen har alltså gett skolans personal kompetens, i stället för att sätta in den personal som redan har exakt den kompetens som krävs (läs: utbildade skolbibliotekarier)».
Og på leiarplass i Aftonbladet viser dei til DN og skriv: «Det är hög tid att regeringen slutar med pr-trick och fåniga kampanjer. Skolminister Lina Axelsson Kihlbom måste ta striden för att ge alla rätt till skolbibliotek med riktiga bibliotekarier – kosta vad det kosta vill».
På bloggen til bibliotekprofessor Kathleen McCook (no også kjend frå den fellesnordiske idéverkstaden 31. mai) skreiv ho nyleg om den omfattande US-amerikanske digitaliseringa «World War II records». Her finst det blant anna ein tysk film frå invasjonen i Bergen og Oslo, som i alle fall underteikna ikkje har sett før. Og mange kart frå krigen, også falske kart for å forvirre fienden eller for hemmeleg framrykking. Eitt av desse heiter «Bogus Map Oslo», heilt utan likskap med den norske hovudstaden og med fleire tvilsame stadnamn som Portugal, Prague og Venice. Ein kan sjølvsagt lure på om slikt kunne lure nokon som helst?
Om underteikna blir inaktiv framover, kan studium av dette arkivet vere grunnen…
I Sellebakk i Fredrikstad auka valdeltakinga blant unge. Her frå biblioteket som blei Årets bibliotek i 2021
Demokratiguiding
Dette er ein type tiltak vi kan lese om blant anna i Kommunal Rapport i dag: «Ved de to siste valgene har de [Fredrikstad kommune] engasjert i overkant av ti ungdommer som demokratiguider i kommunen. Med oransje vester og kommunens logo har demokratiguidene snakket med innbyggere, informert om valget og inspirert dem til valgdeltakelse».
Fredrikstad og Tankesmien Agenda skal vere inspirerte av liknande tiltak i Sverige. Der er lokale bibliotek og bibliotekforeininga involverte. Om guidinga slår om seg her i landet innan valet neste år, bør biblioteksektoren melde seg på her også.
«Jeg har ikke mødt nogen, der har sagt: «Hvorfor skal vi det her med verdensmål?»»
Åsne Høgetveit, førstebibliotekar ved UiT, er fast spaltist i Khrono og skreiv 6. juni om Digital amputasjon av lærarstudentar! Overgangen frå trykte til digitale læremiddel har sjølvsagt store fordelar, men ikkje for lærarstudentane: «Stort sett er lisensane til dei nye digitale læreverka veldig avgrensande og strenge, med personleg tilgang. Det gjer det ganske vrient når studentane kjem ut i praksis. Dei kan ikkje på lovleg vis låne pålogginga til andre, slik dei kunne låne ei trykt lærebok, og det er omfattande og dyrt å skulle opprette påloggingar til alle studentane. I tillegg er det ikkje berre ute i praksis at lærarstudentar treng å kunne bruke læremiddel, det treng dei i samband med dei andre delane av studiane òg, som til dømes oppgåveskriving. … Eg har dei siste månadane snakka med fleire om dette, og det ser ikkje ut til at nokon kan gjera greie for korleis dette kunne skje. Og ingen ser ut til å vita heilt kven det er som eig problemet og som har ansvar for å rydde opp».
Plutseleg kjem det frå NB på Bibliotekutvikling.no at Norart er ute av soga, ein viktig del av nasjonalbibliografien, med 660 000 tidskriftanalyttar. Det vil seie, dei skal integrerast i Oria.no, men registreringa og oppdateringa opphøyrer. Og bakgrunnen?: «Nasjonalbiblioteket vil fremover satse på økt tilgang til digital fulltekst og se på nye muligheter for å øke presisjon og treffsikkerhet for å sortere i den stadig økende tekstmengden».
Dette har nokre høgt kvalifiserte fagpersonar forsøkt å engasjere seg kritisk imot, både på Facebook og på postlista Biblioteknorge. Vi vil foreslå å konsentrere debatten om lista. Bli medlem og sjå etter starten på tråden 3. juni, posta av Unni Knutsen.
>> PS 1: I den same tråden på lista Biblioteknorge siterer underteikna 11. juni eit svar som har kome frå NB, men der eg kjem med nye spørsmål og innspel.
>> PS 2: per 15. juni har visst debatten flytta seg til Bibliotekutvikling > Forum > Bibliotek-Norge. Denne lenka dit fungerer vel berre om du er registrert som medlem.
Lesesal på London School of Economics i 2004. Kanskje er det ikkje slik lenger i dag?
Blant studentar, i alle fall i Oslo og sikkert mange fleire stader, har det festna seg eit «utvida bibliotekomgrep». Ifølgje ei sak på Khrono 1. juni handlar no biblioteket om «en arena for bibliotektjenester, fagfordyping, egenstudier og samarbeid, og sosiale og kulturelle arrangementer». Omtrent som det moderne folkebiblioteket når det er som best.
Slik som på Deichman Bjørvika, det nye hovudbiblioteket i Oslo. Og i april skreiv vi om korleis studentar er blitt den dominerande brukargruppa der. Dei står i kø når det opnar for å sikre seg gode plassar i dei ulike sitjemiljøa rundt i bygget.
Og dei blir der lenge. Det siste er no blitt mantraet for universitetet OsloMet, når dei planlegg eit nytt, samla bibliotek: «Vi må holde studentene mer enn en time på biblioteket». Og, som ein student seier det: «Studentene føler seg ikke hjemme på campus». Ord som «appell» og «attraksjon» går igjen i teksten.
JoLis – Journal of Librarianship and Information Science – har no ein artikkel basert på ei spørjeundersøking til bibliotekleiarar og -tilsette i britiske folkebibliotek: Delivering services in the new normal: Recording the experiences of UK public library staff during the COVID-19 pandemic. Mykje er sikkert kjende tonar for norske og nordiske bibliotekarar. Vi merka oss særleg frustrasjonen med å ikkje nå fram til folk som manglar nettoppkopling eller har dårleg kunnskap om nettbruk. Korleis var dette hos oss? Vi omset her eit avsnitt frå artikkelen:
«Sjølv om dei leverte naudsynte fysiske og digitale tenester under nedstengingane, makta ikkje respondentane alltid å gjere kjent kva for tenester som var tilgjengelege for lånarane. Dette blei spesielt hemma på grunn av problem med brukarar som ikkje hadde tilgang til IKT-infrastruktur eller Internett. Dei fleste av respondentane oppgav at kontakt med lånarane blei gjort gjennom sosiale medium og e-post. Dette etterlet då ein heil del av innbyggjarane utan kontakt, spesielt dei som normalt set lita si til biblioteket for visse tenester, som eldre eller dei utan IKT-infrastruktur. Dette problemet framhevar det digitale skiljet som gjeld i Storbritannia. Trass i at Internett og anna IKT-tilgang har auka dei siste åra, er det framleis mange som ikkje har desse fasilitetane eller ikkje er i stand til å bruke dei effektivt. Dette er nøkkelpersonane som vil ha nytte av å vite om tenester som Klikk og hent og heimelevering. Respondentane understreka frustrasjonen over å ikkje vere i stand til å marknadsføre tenestene godt nok».