Sådan är lydbokkapitalismen

På Bok365 har dei i dag overskrifta Dempet i strømmemarkedet. Vi merker oss spesielt at den største lydbokstrøymaren her i landet, svenske Storytel, er «tvunget til å fokusere mer på kortsiktig inntjening og konservere eksisterende kassebeholdning.  Over hundre ansatte har måttet forlate konsernet og fokus på å hente nye titler blir noe dempet. Viktigere blir det å utnytte det rikholdige eksisterende biblioteket mer økonomisk effektivt». Og vidare uttrykker no fleire norske forlag «uro over at spesielt den norske avdelingen av Storytel virker lite interessert i å ta inn nye titler». Så om du synst utvalet og breidda er dårleg i dag, vil det ikkje bli betre, heller dårlegare (på svensk og engelsk er det betre).

Ein ting til: Som med strøyming av filmar og seriar kan du på dei kommersielle lydbokappane aldri vere trygg på at …

… titlar dei har i dag, er der i morgon. Og enkelte bøker i ein serie kan vere «kasserte» etter ei tid. Og her kan du ikkje «tinge fjernlån», som frå depotbiblioteket i Rana.

Dette handlar om kva som løner seg mest for distributørane og/eller for forlaga, men sjeldan om slikt vi las om i Klassekampen måndag: Hovudoppslaget på kultursidene var at Dag Solstad personleg ikkje ønskjer å bli lytta til over internett: «Lydbøker forholder jeg meg ikke til, sier Dag Solstad. Han er trolig den eneste forfatteren i Norge som har satt foten ned for strømming i lydboktjenestene».

PS: Mange bibliotek har framleis cd-ane med Solstad sine bøker, men kor viktig er dette for folk i dag? Kor mange har framleis ein avspelar heime? Eller ein Walkman? Og ingen bytter til ein eldre bilmodell for å kunne høyre Genanse og verdighet.

One Trackback to “Sådan är lydbokkapitalismen”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: