12.11.: Bibliotek i Nairobi «tar saka»

Etter Mikael Böök sin engelskspråklege versjon av innlegget om IFLA og Gates-stiftinga er vi blitt tipsa om eit bibliotek i Nairobi, Kenya, som fredag kl. 18 norsk tid skal ha ein Zoom-debatt om matpolitikk og genmodifisering (GMO), og der Bill & Melinda Gates Foundation vil vere i skotlinja.

I presentasjonen heiter det: «Some Scientists and multinational corporations like Bayer and Bill and Melinda Gates Foundation have claimed that GMO is the answer to the crisis of starvation in Africa. This has been contested by activists and peasant farmers who claim that GMOs have
no proven record of reducing hunger, undermine farmers sovereignty to own seeds, control the production process and produce quality food and worse still, have carcinogenic effects that have exacerbated cancer infections and death in Africa».

Biblioteket heiter The Ukombozi Library (ukombozi = frigjering) og er ikkje eit vanleg offentleg bibliotek. Det kallar seg Kenya’s First Socialist Library og har tilknyting til Rosa Luxemburg Stiftung. Utan å vite for mykje om rettstilstandane i Kenya per i dag, vil vi tru dette er ganske barske bibliotekarar.

«Det er på tide å røske opp treet med rota»

Dette er den klikkvenlege tittelen på eit lesarinnlegg på Khrono i går (som gjer at også vi brukar han, må vi vedgå … ). Etter å ha klikka oss fram til innlegget er tittelen: «Når skal vi få en prinsipiell diskusjon om åpen publisering av fagstoff?». Forfattar er leiaren av kunnskapsforvaltinga ved universitetsbiblioteket ved OsloMet, Emma Sjøenden Vestli. Ho tar utgangspunkt i førsteutkastet til ny digitaliseringsstrategi for UH-sektoren som nyleg blei lagt fram. På nasjonal konferanse for digitalisering i høyere utdanning, blei strategien omtalt som «omfattende og fremtidsrettet». Men Vestli innvender: «Jeg mener at dette er noe vi har snakket om i lang tid. Men det har stort sett blitt med det».

I løpet av dagen har det kome ein uvanleg spydig kommentar til denne nettstaden å vere, noko som i sin tur har starta noko som kan og bør bli ein debatt. Fleire lesarar av denne bloggen vil utan tvil kunne bidra.

18.11.: Og så fekk Vestli støtte i endå ein kommentar.

Atlantisk tilsløring?

Foto: Nasjonalbiblioteket

Fleire bibliotek har sikkert gjort det alt, men det synst ikkje på heimesidene eg har sjekka. Men ei aktuell bokutstilling i desse tider, både fysisk og digitalt, må jo vere omkring kongehuset i USA under krigen og den omdiskuterte tv-serien «Atlantic Crossing», men med vekt på forskingsbasert litteratur. Her eit søk på «Märtha + Roosevelt» i nb.no, avgrensa til dei siste 30 åra. Og her eit søk på «The Lend-Lease Act». Har ikkje sjekka kor forskingsbasert alt dette er, men de tar poenget, ikkje sant?

Bibliotekstereotypisk (det er fredag)

Det er ikkje ofte vi er innom bil-journalistikken i denne bloggen, for bokbussar er det vel snart slutt på. Men dette klarte vi ikkje å stå imot. At det handlar om el-bilar kan vel reknast som eit formildande omstende, samtidig som bibliotekstereotypien her går på «tungt engelsk bibliotek». Noko vi i dag berre kan ane hos Gunnerus i Det nordenfjeldske og på femte høgda i Nye Deichman.

På hylla med #MeToo og #BlackLivesMatter

Agnes Ravatn har altså meldt bokbransjen på #metoo-bølgja, noko som tidlegare i dag fekk oss til å blogge småfornærma om dei oversette bibliotekarane. Men så dukka det opp ei meir seriøs vinkling: Schlesinger Library, eit bibliotek på Harvard med fokus på kvinners liv og historie, lanserte i sommar #metoo Digital Media Collection, som inneheld «more than 32 million tweets, 1,100 webpages, and thousands of articles reflecting a range of perspectives». Sjå ein lengre artikkel i Harvard Gazette med døme på twittermeldingar som no vil bli hugsa endå lengre. Men sjølvsagt seier sjefen for digi-avdelinga: «That doesn’t mean that we are pro #MeToo or against #MeToo, it just means that we document it».

Når dét er nemnt, passar det å finne igjen Klassekampen frå måndag denne veka, der hovudsaka på kultursidene var eit prosjekt for innsamling av plakatar frå norske #BlackLivesMatter-markeringar: …

Les mer «På hylla med #MeToo og #BlackLivesMatter»

Virtuell, smittefri lesesal!

Biblioteket på NTNU har no opna ein ny lesesal: «Sitter du hjemme og trenger hjelp til oppgaveskriving, referering, litteratursøk eller lån av bøker? Besøk Det virtuelle biblioteket i Zoom alle hverdager mellom kl. 10-14».

Dette er delvis det same som den tidlegare, men sidan 2012 nedlagde tenesta Biblioteksvar. Nasjonalbiblioteket kutta då den økonomiske støtta til administrasjon, men i fleire år deltok til kvar tid 250 norske bibliotekarar i dette. Dei blei fristilte til nokre timars innsats i månaden av arbeidsgjevarane sine, dei rundt 60 biblioteka som deltok. Mange sakna denne tenesta, men ikkje mange nok for NB-leiinga. Argumentet for kutt i støtta var at bruken gjekk ned. Men det var før det hadde vore økonomi til noka skikkeleg marknadsføring. Pandemien, som vi no veit blir langvarig, gjer dette enå meir aktuelt enn før. Noko liknande må på plass igjen for forkebibliotekbrukarane!

Vi (underteikna var med heile vegen, som konsulent) starta opp omtrent samtidig i alle dei nordiske landa. Og hos dei andre finst tenestene framleis: Den danske Biblioteksvagten.dk, den svenske Bibblan svarar og den finske Fråga bibliotekarien.

Jamfør også punkt 12 i samlinga vår med tiltak for biblioteket under og etter korona.

#metoo i bokbransjen

Biblioteksjefane samla i Molde i 1934

Her på bloggen protesterte vi så høglydt vi kunne då ærverdige representantar for bokbransjen i fjor valde å oversjå biblioteket si rolle i litteraturpolitikken. Etter Agnes Ravatn sitt #metoo-utspel i Aftenposten kan nok bibliotekarar igjen kjenne seg oversette, utan at vi skal gjere dette til noka stor sak.

Den gongen dei fleste biblioteksjefane var av hankjønn var det kanskje meir aktuelt (klikk på fotoet). Men i dag … ei spørjeundersøking som den forleggjarane går inn for, kunne blitt veldig interessant …

Musikalske forviklingar

Vi blogga for 11 år sidan om svømmebassenget til Arne Bendiksen på NB Rana. Så kan dei vel ta Dørumsgaard også?

NRK Rogaland hadde ei sak i går: «Strid om gigantisk musikksamling kan havne i retten». Det er snakk om stiftinga Norsk Lydinstitutt, ei av verdas største samlingar av klassisk musikk: «80.000 plateinnspillinger, 10.000 spolebånd, 5000 kassetter og 3000 musikkbøker», som Stavanger kommune i 1984 overtok etter Arne Dørumsgaard. Pluss mykje anna som har kome til seinare. Men no vil kommunen fri seg frå avtalen, noko som får stiftinga og arvingane til å snakke om saksøking.

Delar av lydopptaka har stor forskingsverdi og er unike, i form av spolebandopptak frå blant anna italienske kringkastarar som forlengst er nedlagde.

Nasjonalbiblioteket er berre nemnt i ein bilettekst, men der heiter det at dei nyleg har «tilbudt seg å digitalisere alt norsk materiale i lydbåndsamlingen, som består av 15.000 opptak, men først har instituttet en stor jobb med å sortere det som skal til Mo i Rana». I Ballade no i oktober kan vi lese meir om dette.

BF tar opp kjernespørsmål på landsmøtet

Mykje på plakaten på Trondheim folkebibliotek i oktober i fjor

Nyleg skrøyt vi av BF-styret sitt forslag til politisk fråsegn om «bibliotekets rolle i krisetider». I ei anna fråsegn til landsmøtet ser dei på «bibliotek og ytringsfrihet». Innleiingsvis heiter det at «Både biblioteksjefenes uavhengighet og tillitsvalgtes mulighet for medvirkning bør tillegges særlig vekt i kontroversielle saker». Dei ser altså på både den no seks år «unge» tlføyinga til §1 i Biblioteklova. §100 i Grunnlova og på Arbeidsmiljølova. Ikkje minst det siste har vore lite framme i den opne debatten.

Dei har også eit krav til regjeringa om å «fullfinansiere Helsebiblioteket.no over statsbudsjettet». I tillegg til å argumentere sterkt for dette, er saka prinsippielt viktig. Fleire område kunne med fordel hatt elektroniske bibliotekbaserte tenester av denne typen: «Bibliotekarforbundet mener at lisenser som gir lik tilgang til elektroniske ressurser og kunnskapskilder, er et nasjonalt fellesgode. Å forhandle lisenser på nasjonalt nivå medfører vesentlig mindre byråkrati enn å fremforhandle slike lisenser lokalt, og Helsebiblioteket.no er derfor ressursbesparende både for helseforetakene og for andre virksomheter». 

Det uavhengige biblioteket

Tenk over denne tittelen. Er folkebiblioteket faktisk avhengig av noko eller nokon? Kva i all verda skal biblioteket trenge å lausrive seg frå?

Så kan du lese eitt eller fleire av dei 89 blogginnlegga vi har knytt denne kategorien til. For dette innlegget tilhøyrer den faste spalta kvar tysdag der vi forsøker å presentere bloggen som eit oppslagsverk! Vi pleier også å la vekas kategori bli representert ved eit utvalt innlegg. Det blir eit innlegg frå 2016 der vi, saman med blant anna Mariann Schjeide, R. David Lankes, Joseph Good og Mikael Böök, stilte det (leiande) spørsmålet (og svarte): «Det nøytrale biblioteket? Ja – og nei!».

Restriksjonar igjen?

Om biblioteket igjen må «gå sakte», eller uansett: Kvifor ikkje gjenbruke denne tenesta til biblioteket i Bergen: Frie e-bøker! For vi har vel ikkje høyrt noko frå Abid Raja og NB om fleire ekstraordinære e-bokmidlar?

Og vidare: Vi såg nyleg at biblioteka på Kongsvinger og Åsnes deler på e-ressurar og bidrar til å spreie arrangement frå Litteraturhuset i Oslo til folk i Glåmdalen. Ein slik avtale kostar sikkert ein del, men det finst mykje anna som det vil vere fritt å lenke til på den lokale heimesida, som arrangementa til Nasjonalbiblioteket. Dei har både podcastar og videoar.

Elles merka vi oss at på Viken fylkesbibliotek sitt nettseminar «Bibliotek i krisetider» blei det etterlyst «et digitalt veiledningstilbud ala Biblioteksvar som kan ivareta en god dialog med folk». Jamfør punkt nummer 12 på samlinga vår med tiltak for biblioteket etter korona.

Den bloggposten har vi dei siste dagane hatt mange nedlastingar av frå Sverige. Når no mange av biblioteka deira må stengje eller innføre restriksjonar, er det for første gong, og dei kan trenge gode råd frå oss.

Nytt bibliotek som OPS?

Vi merker oss ein omfattande debatt dei siste månadene om planane for nytt kombinert kino- og bibliotekbygg i Harstad. No finn vi omsider finn ei sak om dette som ikkje er bak betalingsmuren i Harstad Tidende, og det går på spørsmålet om finansiering. Skribenten er kommunestyrerepresentant Frode Bygdnes frå Rødt, som er spesielt forundra over at Arbeidarpartiet går inn for ei OPS-løysing; at kommunen avtaler med ein privat utbyggjar om bygging og vedlikehald i tjue år. Og: Dette betyr ofte at entreprenøren får styring med mykje av by- eller stadsutviklinga.

Interessant, trur vi, for fleire bibliotek i dette landet.

«Holdes unna bibliotekene»?

Viktigare kjendis på bibliotket? A. Strindberg på Gtbrgs stadsbibliotek

Hovudsaka i Klassekampen i går: «Holdes unna bibliotekene». Forklart med at «Stadig flere kjendiser skriver skjønnlitteratur, men bøkene blir ikke meldt opp til innkjøpsordningen».

Og så? Journalisten spør barnebokkritikar Guri Fjeldberg: «Flere av disse bøkene selger jo ganske godt. Er det egentlig så viktig at de havner hos bibliotekene?»

«– Ja, for når de ikke havner der, blir det et demokratisk problem. Det er mange barn som ikke får bøker hjemme, og da er det synd at de ikke får tilgang til disse populære bøkene».

Der kom det altså igjen: Ikkje innkjøpt av Kulturrådet = ikkje å få på biblioteket. Rett nok ei tilføying denne gongen: «Men man kan jo håpe at bibliotekene kjøper inn et par eksemplarer for egne midler».

Venstresidas dagsavis skriv mest om biblioteka blant riksavisene, men dei set heile tida ut liknande påstandar, den eine meir kunnskapslaus og/eller tabloid enn den andre.

Avisa nemner denne gongen fem kjendisar / forfattarar med bøker på marknaden i år. Vi sjekka i Biblioteksøk kor mange bibliotek som har kjøpt inn over eige budsjett:

Les mer ««Holdes unna bibliotekene»?»

Regjeringa i dag: Lokal biblioteknedstenging aktuelt i Noreg

Kommunane får ikkje velje så fritt lenger

Styresmaktene har lært sidan sist, nemleg å ha betre kontroll med lokale koronatiltak. For ein halvtime sidan refererte statsminister Solberg frå Stortingets talarstol (kl. 10.26.30) eit nytt rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet. Her heiter det under overskrifta «Nye tiltak i regioner med mye smitte»:

«Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet skal vurdere nøyaktig hvilke tiltak som er aktuelle i ulike regioner i landet, slik at det kommer tydelig frem hvilke tiltak som er nødvendige å vurdere når smittesituasjonen utvikler seg. Kommuner i en bo- og arbeidsregion som innfører tiltak bør gjøre det mest mulig likt og samordnet. Rundskrivet med forslag til lokale tiltak vil oppdateres i henhold til endringene: … Stenge eller begrense virksomheter og aktiviteter som har stort potensial for smittespredning, som for eksempel svømmehaller, treningssentre, idrettshaller, bingohaller, museer, biblioteker, arrangementssteder uten fastmonterte seter og andre offentlige steder der mange møtes innendørs (våre uthevingar)».

Dagens uvanleg omfattande bruk av ordet »bibliotek» har ført til sterk treff-auke på Atekst

Dette er nye tonar: I den første bølgja denne våren fekk vi vite frå Kulturdepartementet og NB at «Regjeringen har ikke pålagt bibliotekene å stenge. Folkebibliotekene er kommunale, og regjeringen kan ikke overstyre kommunalt selvstyre med mindre Stortinget vedtar nye forskrifter til gjeldende lovverk (lenka er til ein kopi på Wayback Machine. For NB må slette slike gamle og frå og med i dag fake news). Men heldigvis tok organisasjonane ansvar.

Så blir det mindre press på eventuelle stengjeglade biblioteksjefar.