Archive for ‘Bibliotek-IT’

desember 5, 2019

Intet er mere som skrift i sand …

… enn løfte om personvern.

Vi trudde vel på Norwegian og PST.

Trur vi på dei firma som biblioteka i dag bruker til utlånssystem og leige av elektronisk innhald og som lovar personvern?

april 12, 2019

«… kunnskap og opplevelser de ikke visste at de lette etter»

Vi les anbodet på audiovisuelle løysingar til Nye Deichman i Teknisk Ukeblad, i ordelag vi ikkje akkurat er vane med:

«Konseptene vil omfatte lyd- og bildeløsninger, lysløsninger, samhandlingsløsninger, informasjonssystemer og multimedialøsninger. Mye av det som foregår på skjermene vil ifølge direktøren være interaktivt, og er ment å skape stemninger og en helhetlig opplevelse.»

april 5, 2019

Nye og gamle nål-i-høystakken-metodar

M24 skriv NRKs Lars Kristiansen relativt utfyllande om kunstig intelligens (KI) innan journalistikken. Om det kjem brått på kor mykje robotane alt bidreg med til nyhetsbiletet må dei meir kjenslevare gjerne ta sentralnervestimulansar og/eller gode pausar under lesinga. Og dei med datasystem som slit med å navigere blant nokre tusen bøker i eit bibliotek kan få anfall av avundsjuke på journalistar som no bruker KI til å søkje i verkeleg store datamengder, og som finn resultat med stor presisjon.

Samtidig les vi på forskning.no om bruken av digitale visualiseringsverktøy i høgare utdanning og forsking. Vil dette overta …

read more »

mars 20, 2019

Publikumssøket i bakleksa – men kor lenge?

dont give up

Søk og finn. Don’t give up

Vi ser at Nasjonalbiblioteket skal arrangere seminar 3. april med tittelen «Hei Siri. Kan du finne ei god bok til meg? Om søking i framtida». Vi skal altså snart kunne snakke til webkatalogen og få gode svar?

Men så tenkjer vi, ikkje som ekspert av noko slag, men som livslang brukar av bibliotekkatalogar, at ein god del må vel på plass innan vi kjem dit? For òg når det gjeld god, gamal skriftleg dialog ligg biblioteket langt etter Google, Amazon og andre søkemotorar og nettbutikkar. Stadig fleire av dei foreslår meir sannsynlege alternativ når vi har tenkt for vidt eller for smalt (for andre har søkt etter det same, og Google & co hugsar det for oss), og dei rettar typiske stavefeil mens vi skriv.

Eller: Får vi på konferansen i april høyre at vi ved hjelp av kunstig intelligens snart kan hoppe over slike utviklingssteg?

Kjære svenskspråklege lesarar: Kunstig intelligens = Artificiell intelligens (AI). Om ein norsking skriv «kunstig intelligens» på ein svensk maskin vil resultatet kunne bli ganske «konstig», for å seie det slik. Om ikkje, må maskina vere verkeleg intelligent!

Bibliotekarstanden syntest det var eit stort sprang framover då webkatalogane, pluss no også Oria.no og Bokhylla.no, fekk seg «google-søk», altså enkle rektangel som innbyr til å skrive og søkje i naturleg språk. Men så blir ikkje trefflistene heilt som du er van med frå Google.

Vi har lese og tenkt rundt dette ei tid, men påskottet vårt til å blogge om det no kom i form av eit nyheitsbrev frå …

read more »