
I 1997 klarte venneforeininga og kloke politikarar å få opna Moss bibliotek også på onsdagar. No har desse partia ofra biblioteket på eigedomsskatten sitt alter.
Biblioteket tar saka #librarycase
– a concept, an attitude – and this blog
I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultur bibibliotek-kutta rundt i landet. Her i landet vil Bodø truleg vere den første kommunen i landet som tyr til dette i nyare tid. – Da er det bedre å holde stengt enn å drive frivillig, seier Elin Fostvedt, hovedtillitsvald for Bibliotekarforbundet i Bodø.
Tidlegare i haust skreiv eg om korleis Det er fullt muleg å rasere bibliotektilbudet. Dømet er Storbritannia, der løyvingane til biblioteka er halverte sidan 2010. Mange hundre bibliotek er nedlagde, men mange er også «overtekne» av frivillige, ofte kalla partnership libraries, i regelrett nytale. Men med resultat at dei fort går dukken, dei også.
I mange norske kommunar er frivillige engasjerte for biblioteket, men då i venneforeiningar. Det er ikkje uvanleg at desse står for arrangement, forfattarbesøk og liknande, som det strengt tatt burde vore pengar til på bibliotekbudsjettet. Men i tider som desse, med trugsmål om store nedskjeringar, er foreiningane nyttige å ha som forsvararar av bibliotektilbudet, sjå til dømes skjermdumpen her frå Moss Avis i dag.

For fem år sidan gjekk kommunesamanslåingane over landet. No når velferdsrasering har kome på moten, har styresmaktene fått seg eit effektivt middel for sparing på bibliotekfeltet: Nedlegging av hovudbibliotek som for fem år sidan blei reduserte til filialar i dei nye storkommunene. Og dermed ikkje lovpålagde.
Bernhard Ellefsen skriv om nedlegginga av tidlegare Rygge bibliotek i Moss i Morgenbladet no på morran:
«Alle norske kommuner skal ha eget folkebibliotek. Her bidrar kommunesammenslåingen til å trikse med loven: Det er en administrativ endring som gjør det mulig å frata befolkningen et tilbud de inntil for fem år siden hadde lovfestet rett til. Og man kan si det mindre byråkratisk: Det er jo for jævlig å frata folk biblioteket! Norges mest populære kulturtilbud!»
Moss/Rygge blir ikke det einaste forsøket i nye storkommunar. Her på bloggen tar eg imot tips om fleire. Skriv til frilanders @ gmail.com.
PS 30.11.: Styringsfleirtalet i kommunen har forstått – litt av – alvoret og seier at Rygge bibliotek skal halde fram, men i staden skal 2,95 stillingar vekk.
Denne bloggen har sidan starten i 2006 vore eit forsøk på å starte debattar om bibliotekpolitikk. Eg auka aktiviteten særleg etter at Nasjonalbiblioteket i 2020 på arrogant vis presterte å ikkje berre leggje ned postlista biblioteknorge, der omlag 3000 bibliotektilsette var med, men i tillegg slette heile arkivet for all fremtid.
NB baud i staden inn til ulike tematiske forum på Bibliotekutvikling.no (krev passord), noko som skulle vere mykje betre og sjølvsagt moderne. Men når eg i dag, 23.11.2024, går inn på «Veggen» deira, finn eg to innlegg frå oktober som dei nyaste, elles to frå september og eitt frå juli og eit frå mai. Det nyaste innlegget i til dømes delforumet Litteraturformidling i folkebibliotek, som ein skulle tru var viktig og populært, er frå september 2023.
Tidsskriftet Bibliotekforum (NBF) blei nedlagt i 2014 og Bibliotekaren (BF) er redusert til «tre-fire» nummer i året.
Det finst FB-grupper, men i den største (?), Bibliotekarer i folkebibliotek (berre bibliotekarer kan bli medlem) er slett ikkje bibliotekpolitikk det som dominerer.
Men så er det vel spenstige debattar på fysiske samlingar; konferansar og seminar?
Men ein leiarartikkel i tidsskriftet Bok & bibliotek 29. oktober heiter Mangelen på meiningars mot blant tilsette i norske bibliotek. Her skriv redaktør Arne Olav Hageberg frå Biblioteklederkonferansen 2024: «Temaet var «Demokratiet – en tapt sak?», og frå scenen blei det presentert den eine utsegna etter den andre om bibliotek som demokratiske institusjonar avgjerande for ytringsfridomen. Alt dette snakket blir fort hult om dei tilsette ikkje sjølv har mot til å ytra seg».
Akkurat dette har vore eit hovudtema her på bloggen (bak taggen Demokrati finn du fleire ti-tals innlegg). Til dømes har eg referert …
Les mer «Kor finst dei bibliotekpolitiske debattane?»Storbritannia er eit land Noreg på mange måtar «høyrer saman med», historisk, økonomisk, kulturelt osv. Då er det grunn til å følgje med på både god og dårleg utvikling der. No har dei, på bloggen Public Library News, oppsummert stoda for folkebiblioteka i Libraries Annual Report 2024. I kommentaren kan vi blant anna få stadfesta at løyvingane til sektoren er redusert til det halve sidan 2010, då dei konservative sin spare- og privatiseringskampanje starta. Men den nye Labour-ministeren har heller ikkje mykje å seie til oppmuntring: “No easy answers”. Så også i vår del av verda er det altså muleg å redusere ein offentleg kultur- og kunnskapssektor til ein skugge av seg sjølv.
Bloggaren var på ein større reportasjereise i England for tidsskriftet Bibliotekaren i 2016, for å studere nedskjeringane, privatiseringane og «delegeringa» til frivillige. Seinare har vi skrive fleire titals saker om bibliotek i UK.

Bibliotek-alvor midt i juli: I dag fekk eg i fanget to av dei viktigaste bibliotekpolitiske tekstane på lenge (slikt veks ikkje på tre). Først var det Peter Björkman frå Umeå som skriv klokt i Bis om «Nya villkor för kunskapsförmedling och fri åsiktsbildning». (LENKA ER DAUD; BIS ER HACKA, MEN DEI JOBBAR MED DET) Så opnar eg bok365.no og finn mykje av det same i eit intervju med Deichman-sjef Merete Lie og NBF-leiar Helene Voldner: «Bibliotek 2034: Møteplass eller digital hub?». Alle tre er uroa over medieutviklinga og den tilsvarande politiske og følgjene for lesing, kunnskap og demokrati. Altså for folkebiblioteka. Og begge er misnøgde med sine respektive ferske statlege strategidokument; Nationell biblioteksstrategi frå 2019 og den norske Leselyststrategien frå i år.
Nokre sitat från Björkman, som tar utgangspunkt i tidsskrifttilbodet på biblioteket i Umeå, som går frå papir til nett, eller til nedlegging. Og SoMe overtar:
«Vårt inflytande över utbudet är minimalt. … det finns ”noll anledning” för den generation som växer upp med sociala medier att återvända till den gamla sortens ”top-down” informationsstruktur». Og om ungdomen i dag: «I takt med att en allt högre andel uteslutande tar del av nyheter och annan information via digital teknik och skärmar kommer tryckt media att bli ett allt mer exklusivt format».
Så: «Frågan är vad detta betyder för biblioteken, och särskilt folkbiblioteken, ur ett lite längre perspektiv? Hur kommer förutsättningarna för att verka …
Les mer ««Läsfrämjande och allmänkulturell verksamhet kommer inte att vara tillräckligt»»Etter fleire års framheving her på bloggen av Finlands sterke satsing på folkebibliotek særleg frå 1990-talet, er det mildt sagt overraskande å lese Hufvudstadsbladet i går: «Under de senaste 15 åren har boksamlingarna i de offentliga biblioteken krympt med ungefär 9 miljoner böcker. Samtidigt har finansieringen minskat och bara en av tre finländare använder längre bibliotekens tjänster».
Forklaringa er ikkje ukjend for oss i Noreg: «Nya fritidsaktiviteter har kommit i stället, den tid som folk förr lade på läsning lägger de nu på till exempel digitalt spelande, nätet, sociala medier … ».
Men vidare: «Det är särskilt studerande och högre och lägre tjänstemän som övergett biblioteken, medan pensionärer och långtidssjuka lånar allt mer». Dette er vel ikkje heilt som i Noreg, i alle fall ikkje for oslostudentane sin del.
Vi har før sagt at vi ikkje trur på nasjonalbibliotekaren når han snakkar om ein gullalder for biblioteka, men ifølgje den siste SSB-spørjeundersøkinga i eit konona-upåverka år (2016) hadde trass alt 46 prosent vore på eit bibliotek dei siste 12 månadene (rett nok mot 54% på topp i 2004, side 30), men likevel betre enn i Finlands ca. 30% i dag. Så får vi sjå på neste norske kulturbarometer.
>> Nytt 19. januar: Nasjonalbiblioteket melder no frå ei undersøking at 47 prosent hadde vore på eit folkebibliotek dei siste tolv månadene. I tillegg hadde 7 prosent brukt biblioteket «berre» digitalt.
Skeptikarar har heilt sidan dei første «åbne biblioteker» i Danmark i 2004 og sidan det første norske i Stavern i 2013 vore redde for at «meirope» bibliotek skal bli ei grei spareløysing for politikarane. I mindre målestokk har nok dette vore tilfelle fleire stader, men i dag skriv danske Fagmagasinet at dette kan bli ein realitet heile fredagane på dronningrikets mest bejubla folkebibliotek, Dokk1 i landets nest største by, Århus.
Den tillitsvalde ved biblioteket er naturleg nok redd for at «løysinga» skal spreie seg og minnar om at «Vi må igen forvente, at en del af borgerne vil komme på bibliotekerne på andre dage, hvilket øger arbejdspresset dér, hvor der jo ikke vil være flere ressourcer». Ikkje minst også fordi kommuneleiinga vil leggje ned to filialar.
>> Bloggen har Meirope bibliotek som stikkord til p.t. 26 artiklar.
Alt før det endelege resultatet er klart i riksdagsvalet skriv Biblioteksbladet, organ for Svensk Biblioteksförening, om dei negative følgjene for biblioteka: «Sölvesborg var en föraning om det som kommer nu».
Sverige har i fleire år no hatt riks- og lokalval same år og dato, og redaktør Thord Eriksson kan vise til at ytre høgrepartiet deira, dei såkalla Sverigedemokraterna, har fått endå fleire representantar også i mange kommunestyre. Det vil føre til, skriv han: «… både ingrepp i biblioteksplaner, begränsning av litteratur på vissa språk, bråk om …
Les mer «Folkebiblioteket etter det svenske valet?»OsloMet-saka om bibliotekdirektør Lars Egelands avgang i protest, går vidare, i alle fall på Khrono.no. Seks dagar etter Egelands første innlegg er dette den nest mest lesne saka på den viktige nettstaden, jamfør illustrasjonen frå nettsida deira, til høgre (den mest lesne er dessverre ikkje overraskande …).
Biblioteksatsing = studentsatsing hadde leiar av Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund, som overskrift på eit lesarinnlegg for to dagar sidan der han forsvarer Egeland varmt (vi gjorde ei sak på det då, men ho var ikkje med i backupen vi måtte ty til etter eit dataproblem). 18. august hadde rektor Christen Krogh eit svar, og Lars eit skarpt motinnlegg dagen etter: Hvor mye er et bibliotek verdt?
Egeland opnar: «Krogh framstiller det slik at det nærmest var snakk om en utredning om samling av biblioteket gjennom flere år, men at realitetsavgjørelsen først skulle tas i juni. Det er en feilaktig fremstilling som jeg gjerne vil korrigere». Noko han gjer, i detalj. Og konkluderer: «Det brukes så mye administrative ressurser på prosjekter som ikke blir realisert. Men her det ble fattet beslutninger sjøl om det tok tid. Jeg anerkjenner rektors rett til å stoppe prosjektet, men det er tydelig at avgjørelsen i juni var en omkamp der tidligere beslutninger ble gjort om på».
Og: «… hvis økonomien er årsaken til at fellesbiblioteket i P52, ble vraket, hva gjør man nå med behovet for å ruste opp de tre eksisterende bibliotekene? Hva gjør man for å oppbemanne bibliotekene til å holde tritt med utviklingen i resten av OsloMet, og holde seg på nivå med andre bibliotek i UH-sektoren når vi ikke får effektiviseringsgevinsten av et samlet bibliotek? Det er svært mye som tyder på at dette blir dyrere».
På Khrono i dag må vi lese at bibliotekdirektør gjennom femten år ved OsloMet, Lars Egeland, seier opp i protest. Først gjekk han i går kveld ut med ei grunngiving på Facebook, der han viser til ei overraskande avgjerd om ikkje å realisere det omfattande planarbeidet for å slå saman dei tre biblioteka. Avgjera «ble fattet på et lukket møte der prorektor for undervisning som er ansvarlig for biblioteket, ikke var til stede. Nå håper jeg vi kan få en åpen debatt om bibliotekets framtid i den institusjonen som utdanner nesten alle bibliotekarer i Norge». På Facebook og i eit debattinnlegg på Khrono kallar han vedtaket «inkompetent og udemokratisk».
Han utdjupar at «… skrinlegginga av bibliotekprosjektet skjedde uten at hverken rektor eller noen i hans ledergruppe har uttrykt innvendinger eller motstand mot prosjektet offentlig på forhånd. Da de skulle fatte sin beslutning ble alle unntatt ledergruppas medlemmer, hevet ut av møtet, da de snudde opp ned på den administrative innstillingen om å gjennomføre prosjektet». Og avsluttar: «Rektor ved det universitetet som utdanner norske bibliotekarer kan bli kjent som den store norske «bibliotekdødaren»: Først får biblioteket ikke nok ressurser til å drifte tre bibliotek, deretter får man ikke penger til å slå dem sammen».
Også denne bloggen har kommentar- og debattfelt. Velkomne.
Biblioteket er i vinden! Men i USA, og i Sverige, handlar det mykje om motvind. Vi har fleire gongar skrive om det stadig meir oppsiktsvekkjande biblioteklandet USA (sjå tæggen «USA), der lokale, for så vidt demokratiske*, debattar om bibliotektilbodet no risikerer å øydeleggje heile institusjonen. Dei omfattande aktivitetane til Alt-right, det såkalla alternativhøgre, kan stadig oftare speglast i den lokale bibliotekpolitikken. Særleg har det toppa seg rundt LHBT+, abort og kreasjonisme versus evolusjon. Kva blir det neste og kor alvorleg kan det ende?
* For så vidt demokratisk, for i US-amerikanske kommunar har dei politisk valde bibliotekstyre med stor makt (med variasjonar). Mens vi i Noreg har ei biblioteklov som gir biblioteksjefen nærmast alle fullmakter.
Det mest dramatiske dei siste vekene må vere rapporten frå Jamestown i Michigan, der det har blitt fleirtal i ei avstemming for å «definansiere» biblioteket om ikkje LHBT+-bøker for unge vaksne blir fjerna. Det som vil skje, er at …
Les mer «Farleg vind!»I Klassekampen i dag handlar hovudsaka på kultursidene om den ferske evalueringsrapporten om lydbøker i folkebiblioteka: «Lydbokpris gir hodepine». Rådgjevarfirmaet Rambøll har utarbeidd rapporten «Evaluering av utlånsmodellene for e- bøker og e-lydbøker» på vegner av Nasjonalbiblioteket.
På debattsidene finn vi samtidig eit opprop underteikna av 17 biblioteksjefar i dei større byane og fylkesbiblioteksjefane: «Folkebibliotekets framtid» (bak muren, men heile teksten i avisa Driva).
>> 9.2.: Oppropet er i dag også på Kommunal Rapport. Då blir det lese av lokalpolitikarane og kommuneadministrasjonen. Men kan det bli debatt av det?
Det er ikkje første gongen med nedturar for biblioteka, men no har det fått eit eksistensielt preg. Trass i ein framforhandla avtale i 2019 om levering av lydbøker må biblioteksjefane melde at det er «nesten umulig for oss å tilby disse formatene. Innholdet finnes, men er for dyrt. Å låne en papirbok på biblioteket koster samfunnet fire-fem kroner. Å lytte til en ny lydbok koster i snitt 62,50 kroner. … Offentlige biblioteker må betale mye mer enn andre for e-medier. En papirbok kan lånes ut 20–40 ganger før den må kastes, men en e-lydbok lånes ut bare seks ganger før lisensen må kjøpes på nytt. … Skal folkebibliotekene i praksis nektes å låne ut digitale formater? I så fall er vi om få år håpløst utdatert».
I saka om evalueringsrapporten blir dette utdjupa. Her seier Deichmansjef Knut Skansen: «Når vi ikke klarer å være i nærheten av å dekke behovet som finnes, ser vi at lånerne heller hopper over til engelske lydbøker, som vi har bedre tilgang til. Vi kan miste en stor gruppe lesere av norsk skjønnlitteratur».
Men her kjem samtidig Forleggerforeningas Bjørgulv Vinje Borgundvaag med ei «løysing» som vi måtte lese både to og tre gongar for å tru kva vi såg:
«Han etterlyser også en større diskusjon om bibliotekenes rolle. – Selvsagt skal de ha et godt tilbud, men det er verdt å stille spørsmål ved om bibliotekene skal være med på å bidra til økt lytting eller om de skal bidra til økt lesing, særlig når vi vet at leseferdighetene går ned».
PS: Og hugs: På dei ulike strøymetenestene for lyd- og e-bøker er det ikkje vanskeleg å finne titlar dei berre har som lydbok. Til dømes «100 sitater fra Johann Wolfgang Goethe». Denne finn vi verken som e-bok eller p-bok, verken i ein av dei store nettbokhandlane, på antikvariat.net, i Biblioteksøk eller Oria.no. Og er ho ikkje i Oria, som er nasjonalbibliografien, så betyr det vel at ho ikkje finst som trykt bok. Og at lydboka ikkje er pliktavlevert.
Bak betalingsmuren kan vi blant anna lese at «Det gjer kommunen fordi kommunedirektøren meiner dei tilsette treng meir tid til arbeid med vurdering og reorganisering av tenestene».
Vi skreiv her om dagen om fenomenet nytale og får her litt av den same kjensla, særleg når vi veit ein del om kor dårleg økonomi den nye storkommunen har slite med heilt sidan samanslåinga av Øygarden, Fjell og Sund kommunar.
Reorganisering av tenestene handlar vel her om at Øygarden er ein av fleire kommunar som i det siste har fusjonert biblioteka med innbyggjartorg/sørvistorg. Men, seier fungerande leiar for serviceavdelinga, Grethe Bergsvik:
«– Innbyggartorga har vore lite brukt. Difor går me ut og undersøkjer kva folk treng hjelp med og korleis dei vil ha den hjelpa. Mange ønskjer å greia seg sjølve med digitale løysingar, men det vil alltid vera nokre som ønskjer fysisk hjelp». Vidare heiter det:
«Innbyggartorga har politisk vore høgt profilerte, som garantistar for at den nye kommunen er fysisk tilgjengeleg for innbyggarane, også sør og nord i dagens Øygarden».