På elleve år har norsk journalistikk med bibliotek som hovudtema blitt redusert frå tre til eitt tidsskrift. Ja, kva så? Vi har jo sosiale medium! Men kva då med uavhengig, kritisk journalistikk?
Det heiderlege unntaket er sjølvsagt Bok og bibliotek. Men nyleg blei tidsskriftet Bibliotekaren nedlagt. I 32 år kom bladet, med mykje glødande fagforeiningsstoff, men også gode dosar uavhengig, viktig journalistikk.
Forbundet vil no «utvikle nye måter å dele faglig og politisk innhold med medlemmene på». Vi må håpe på det beste. Men då Norsk Bibliotekforening fann å kutte ut tidsskriftet Bibliotekforum og nettjournalistikken sin i 2014, blei det berre «erstatta» av åtte «medlemssider fra Norsk Bibliotekforening», som bilag i Bok og bibliotek. Og mest med enkle kunngjeringar frå NBF-leiinga. Frå 2022 blei sidene berre to, og frå og med 2024 er dei vekk. På dei eigne nettsidene har NBF i år 25 artiklar til no, men mest høyringssvar og annonseringar.
Og apropos sosiale medium, så er det no over fem år sidan Nasjonalbiblioteket, på på ėin dags varsel, meldte at dei skulle leggje ned postlista Bibliotek-Norge, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar hadde heldt seg orienterte. Kva har vi i dag, eit brokete forum på NB, der det ikkje har vore liv sidan 29. september!? Om det finst lukka forum som fungerer, så fungerer dei ikkje for andre enn dei som er «innafor».
PS: I det nyaste nummeret av Bok og bibliotek ser vi at sosial uro på bibliotek er eit tema. Folk med interesse for slike «svenske tilstandar» kan med fordel lese det svenske Biblioteksbladet. Og for andre gode grunnar. I Sverige hadde vi også det erklært sosialistiske Bibliotek i Samhälle, som kom på papir og pdf fram til i fjor, men som no viser seg å vere ganske oppegåande på nett.








