Nasjonalbiblioteket blir svensk – igjen?

Norsk-svensk bibliotekarforsøstring i 2005 i salen i Karlstad der unionsoppløysinga blei framforhandla

Ifølgje Klassekampen fredag har regjeringa «godtatt å selge statens Entra-aksjer. Nå kniver de svenske eiendomsgigantene SBB og Castellum om kontroll over selskapet». Eitt av bygga til Entra (utskilt frå Statsbygg i 2000) er Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Og dette vil no «ofres på markedsliberalismens alter, tordner SVs næringspolitiske talsperson Torgeir Knag Fylkesnes».

Heilt einig med sistnemnde. Det sterkt tvilsame er jo at private skal gjere seg rike på husleiga vi alle betaler gjennom skatten. Men under Entra har dette alt vore børsnotert og big bissniss i fleire år. Og salet gjeld ikkje innhaldet og drifta. Og i tillegg har staten sikra seg gjenkjøpsrett. Så den heilt store skandaleoverskrifta blir det ikkje på ein bibliotekpolitisk blogg som denne.

Men på bloggen driver vi også med bibliotekhistorie, og vi blei nysgjerrige på korleis det var førre gong det norske nasjonalbiblioteket var «svensk»? Var det også ein nasjonalbibliotek-union som blei oppløyst i 1905?:

«Nasjonalbibliotekdrift» handla den gongen stort sett om mottak og oppbevaring av pliktavleverte trykksaker frå trykkeri på norsk jord og etter kvart akkvisisjon av utanlandske trykk om Noreg og det norske. Pliktavleveringa hadde grovt sett to formål:

Bevaring av den eigne litteraturen; i Noreg var det nasjonale ekstra viktig i periodar før og etter både 1814 (i høve til Danmark) og 1905 (likevel var landet av ulike grunnar utan avleveringslov frå 1839 til 1882).

Men i periodar var noko viktigare, nemleg sensur; styresmaktene ønska tilgang til det som blei trykt og som kunne vere systemkritisk (blant anna var arbeidarrørsla på frammarsj) eller utuktig eller på andre måtar ulovleg.

I tillegg kom litt utlån til den akademiske eliten. I land med pliktavlevering låg gjerne mottak og bevaring til eit privat fyrstebibliotek, før dette ofte utvikla seg til eit meir oppe fag- eller universitetsbibliotek. I Noreg hadde kongane sete i København og seinare i Stockholm, så her fekk universitetsbiblioteket i Christiania/Kristiania/Oslo dette ansvaret. I 1882 blei dette sett meir i system ved opprettinga av «Norsk avdeling» ved UB.

Men svensk bibliotekvesen ser i unionstida verken ut til å ha utøvd leiing og kontroll med eller vore med på noka særleg samrøyre med det tilsvarande norske. I boka «Opplysning, vitenskap og nasjon : bidrag til norsk bibliotekhistorie» kan vi lese i ein artikkel av Anne Eidsfeldt:

«Etter at Norge ble en autonom stat i union med Sverige i 1814, fikk Norge sin første selvstendige pliktavleveringslov ved kongelig resolusjon av 21. februar 1815. Her het det at alle landets trykkere skulle avlevere alt de lot trykke, i tre eksemplarer. To av eksemplarene skulle sendes på vanlig trykkpapir til henholdsvis Universitetsbiblioteket og Politidepartementet. Det tredje eksemplaret, trykt på skrivepapir, skulle sendes til den norske statsrådsavdeling i Stockholm».

Til skilnad frå dansketida var unionen med Sverige avgrensa til felles konge og felles utanrikspolitikk. Vi finn ingen indikasjon på at eksemplaret som gjekk til det norske byråkratiet i Stockholm hamna på Kungliga Biblioteket (KB), Sveriges nasjonalbibliotek.

PS: Kan nokon seie noko klokt om dei avleverte trykka «på skrivepapir», til skilnad frå trykkpapir?

Så kan vi heller ikkje fantasere om at August Strindberg, som hadde ei høg stilling ved KB i åtte år mellom 1874 og 1882, fekk fingrane i blodferske, pliktavleverte eksemplar av kollegaen/venen/rivalen Henrik Ibsen. Også fordi Ibsen blei utgitt på dansk Gyldendal …

Snarare var Strindberg ekspert på kinesiske trykk.

Vi vil heller ikkje fantasere om at det norske slog gjennom i teksten på frisen på Kungliga biblioteket i Stockholm (som blei ein teori under ein norsk studietur dit for nokre år sidan). Huset stod ferdig midt i unionstida, i 1877. Nei, «kongl.» var ei innarbeidd forkorting for «konunglig».

One Trackback to “Nasjonalbiblioteket blir svensk – igjen?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: