The Wayback Machine er 25! Sjå intervjuet med grunnleggjar Brewster Kahle frå 1996. Der han viser fram utstyret som skulle til for å kopiere “the whole web … estimated to between one and ten terabyte».
Eit overslag i 2019 var at berre Google, Amazon, Microsoft og Facebook representerte 1,2 millionar terabyte.
Nei, vi har ikkje blitt motstandarar av Open Access. Det handlar i staden om internasjonal big business med data, der Google, Amazon, Apple osv. er blant dei mest aggressive. På Attac.no i dag, og i Klassekampen, kan vi lese: «Et nytt Storting må demokratisere digitaliseringen», forfatta av Hege Skarrud, leiar i Attac, og Roy Pedersen, leiar i Nei til EU.
Slik avsluttar dei: «Senterpartiet, Rødt, Arbeiderpartiet, MDG og SV har alle tatt til ordet for i sine partiprogram å sikre mer demokratisk og offentlig forvaltning av data. Da er det tydelig at vi trenger regler på digital handel. Altså handel med data. Men disse reglene kan ikke bestemmes av teknologigiganter og deres støttespillere. EU-forordningen følger gigantselskapenes ønsker, ikke fellesskapets. Samtidig må vi være på vakt mot det samme i pågående forhandlinger om digital handel i Verdens handelsorganisasjon (WTO) og i EFTA-avtaler. En ny regjering og deres støttespillere må snu de pågående forhandlingene og avvise fri flyt av data-forordningen. Da undergraver de verken sin vedtatte politikk eller demokratisk kontroll».
Slikt som dette angår også bibliotekfolket, noko NOLUG slo fast i mai, då dei arrangerte eit Zoom-møte med Hilde Wisløff Nagell, forfattaren av boka «Digital revolusjon: hvordan ta makten og friheten tilbake». Ei bok vi også omtalte her på bloggen.
Forfattaren er statsvitar og har ifølgje noverande arbeidsgjevar, Tankesmien Agenda, «jobbet mye med politisk filosofi». Noko ein kan forstå under lesinga. Ho forsøker heile tida å sjå på teknologiutviklinga i lys av politiske reaksjonar på henne, både dei eksisterande, men ufullkomne og dels resultatlause, men også ulike meir potente forslag til tiltak og kontroll.
For ikkje å seie revolusjon. Ho startar med ei kortfatta skildring av det som ulike miljø på 1990-talet oppfatta som ein revolusjon, då internettet og WWW opna for paradigmisk mykje friare kommunikasjon, publisering og dermed demokratisering. Dette trudde vi, mange av oss. Før plattformselskap som Amazon, Google, Facebook osv. overtok.
Ho er ikkje den første som samanliknar situasjonen på 2020-talet med føydalsamfunnet:
Biden har no signert eit dokument som blant anna vil få på plass igjen Obama-administrasjonen sine reguleringar for nettnøytalitet, noko Trump sjølvsagt måtte kvitte seg med. Dette med blant anna følgene at store nettleverandørar ikkje vil kunne blokkere og redusere farta på innhald dei ikkje liker, og aktørar som til dømes Netflix vil ikkje kunne kjøpe seg overlegen fart for filmane sine.
Bibliotekforeninga ALA protesterte i si tid mot Trump og meinte det ville bety «ei nedprioritering av demokratiet – av læraranes, bibliotekaranes og alle borgaranes muligheit til å informere seg sjølve og kvarandre like mykje som dei store kommersielle».
Alt i 2001 skreiv vi sjølve om liknande tendensar, då svenske Telia planla ein nettportal for å tene mest muleg på eige innhald, og derfor ikkje gav tilgang til nokon søkemotor!).
I dag har The Guardian slått fast at det vil hjelpe lite å utestenge Trump frå sosiale media, men så har dei spurt ulike ekspertar om andre metodar for å gjenreise det øydelagte internettet. Joan Donovan, forskingsdirektør ved Harvard Kennedy Schools Shorenstein Center on Media, Politics and Public Policy, er klar på dette (vår omsetting):
«Vi må tilsetje 10 000 bibliotekarar med mandat å fikse informasjonsøkosystemet vårt. Denne arbeidsstyrken vil vere «global in size, but local in scope» og fokusert på å byggje system for å organisere rettidig, lokal, relevant og presis informasjon på tvers av sosiale medieplattformer».
Donovan viser til dei føderale krava til «allmenne» (public) radiostasjonar. Dei skal «serve the public interest, convenience and necessity».
Vi har alle opplevd det, at vi må leite stadig lengre ned i Google sine trefflister for å finne noko som ikkje er reklame eller oppslag i dei aller mest populære media (til dømes om du søkjer på eit stadnamn i Sverige er sjansen stor for at du først kjem til IKEA). I ein artikkel på nettstaden Bloomberg 13. juli er dei også uroa over at den auka kommersialiseringa gjer det vanskelegare for andre enn dei verkeleg store å marknadsføre produkt og tenester. Ifølgje interne kjelder skal det ha vore usemje om denne linja, der dei plasserer fire og ikkje lenger «berre» tre annonsar på topp.
Der det er muleg. Til og med eit så spesielt søk som «kortreiste topper» (frå tittelen på ei viss toppturbok som bloggaren er medskuldig til) får skarp konkurranse av «skulderløse» og «puff ermede» toppar. Truleg svært lite kortreiste.
Ifølgje Bloomberg-journalisten var det alt i 2004 at Google-leiinga ignorerte eit spørsmål frå den US-amerikanske anti-trust-komiteen om …
I ein ny artikkelserie i Klassekampen er dette temaet. Og begge dei første artiklane ligg på ope nett; intervju med Helene Bank laurdag og Øystein Eriksen Søreide i dag.
Bank siterer blant anna Evgeny Morozov, som nyleg i eit intervju med Klassekampen sa «at han ønsker seg en digital «new deal». Han mener at teknologien i dag tjener et nyliberalistisk prosjekt, og at digital infrastruktur bør gjøres statlig. Men hvordan oppnår vi digital suverenitet? Punkt én er å sørge for offentlig lagring av offentlige data, mener Helene Bank. I tillegg bør vi bygge opp statlige digitale tjenester».
Minnar om at medbloggar Mikael Böök har foreslått ein eigen internasjonal library cloudutfrå at vi ikkje kan stole på dei kommersielle verken når det gjeld personvern eller uavhengighet av styresmakter. Eller når det gjeld økonomisk soliditet.
Bjørn Vassnes skriv i dag i Klassekampen (på papir og på nett for tingarar) om “Skaleringsblindheten”. Éitt auge å bli blind på er når du trur at alt som blir testa på mus er overførbart på menneske. Men fordi livsprosessane til små dyr som mus (eg kjem snart til landsbyen!) går så mykje raskare, utvikler dei også mykje raskare til dømes kreft.
Og så drar han inn media-guru Marshall McLuhan, ein forfattar som i alle fall var stor snakkis på bibliotekskolen på 70-talet og som fekk ein renessanse då internettet kom tjue år seinare. Vassnes skriv:
“Også på andre områder og andre fagfelter, kan «skaleringsblindhet» føre til feilslutninger. Som da Marshall McLuhan kom med sin tese om «den globale landsby». Med dette mente han at nye kommunikasjonsteknologier knyttet verden sammen på en måte som gjorde alle klodens mennesker til beboere i én og samme landsby, fordi vi nå kunne se bilder fra og kommunisere med folk på den andre siden av jorda. Men en landsby kan ikke skaleres opp …
De stora berättelsernas tid är förbi, påstods det. Men vad är då Facebook, om inte en av dessa stora historier? Och var skall denna berättelse sluta?
New York Times publicerade häromdan en artikel med rubriken ”Inside Facebook’s (Totally Insane, Unintentionally Gigantic, Hyperpartisan) Political-Media Machine – How a strange new class of media outlet has arisen to take over our news feeds ”.
Artikeln handlar närmast om Facebooks roll i det förestående amerikanska presidentvalet, som inte kommenteras närmare här. Noterar i alla fall satserna ”Publishers took note of what worked on Facebook and adjusted accordingly” samt “Facebook is where it’s all happening”.
”Jag lyckades förlåta och slutade hata. Många ärr sitter kvar på min kropp och jag plågas fortfarande av svåra smärtor så gott som dagligen men mitt hjärta är renat. Napalmens makt är stor men tro, förlåtelse och kärlek är mycket mäktigare. Om var och en lärde sig leva med sann kärlek, hopp och förlåtelse skulle vi inte ha några krig. Ifall den där lilla flickan på bilden kundeleva så, fråga då dig själv: kan du?” (Phan Thi Kim Phuc)*
Facebook har nyligen försökt hindra några norska journalister från att dela det kända krigsfotot från år 1972 med de övriga vännerna av Facebook. ”Mandag kveld publiserer TVNorge-sjef Harald Strømme bildet på nytt. Her forteller han at han har delt bildet rundt 2.300 ganger, og at Facebook nå truer med å kaste ham ut. Men sjefen for Norges tredje største tv-selskap vil ikke føye seg og prøver igjen”, berättar norska Journalisten.