Google: Frå kunnskap til BIG business

Skjermbilde 2020-08-06 19.37.40Vi har alle opplevd det, at vi må leite stadig lengre ned i Google sine trefflister for å finne noko som ikkje er reklame eller oppslag i dei aller mest populære media (til dømes om du søkjer på eit stadnamn i Sverige er sjansen stor for at du først kjem til IKEA). I ein artikkel på nettstaden Bloomberg 13. juli er dei også uroa over at den auka kommersialiseringa gjer det vanskelegare for andre enn dei verkeleg store å marknadsføre produkt og tenester. Ifølgje interne kjelder skal det ha vore usemje om denne linja, der dei plasserer fire og ikkje lenger «berre» tre annonsar på topp.

Der det er muleg. Til og med eit så spesielt søk som «kortreiste topper» (frå tittelen på ei viss toppturbok som bloggaren er medskuldig til) får skarp konkurranse av «skulderløse» og «puff ermede» toppar. Truleg svært lite kortreiste.

Ifølgje Bloomberg-journalisten var det alt i 2004 at Google-leiinga ignorerte eit spørsmål frå den US-amerikanske anti-trust-komiteen om …

… dei hadde forlate det opprinnelege idealet sitt om å gje folk det dei er ute etter så fort som råd.

I tidsskriftet Bibliotekaren nr. 8, 1999, meinte Rigmor Haug ved Vestfold fylkesbibliotek følgjande om Google (på spørsmål om favorittane sine på Internett):

«Seiv har jeg falt pladask for søkemotoren Google. Den er herlig fri for reklame! Google er en tjeneste fra Stanford University i California og kom på nettet i 1998. Den er laget spesielt med tanke på å finne det beste, og har da også god relevans. Bruk av «I’m feeling lucky»- knappen vil gi deg det første treffet på trefflisten Google setter opp – og det er veldig ofte det du er på jakt etter. Test denne!»

Men i dag bør vi meistre alternative søkemotorar, til dømes Million Short, der du blant anna kan fjerne all e-reklame. Her eit døme på fjerning av dei øvste éin million (!) nettstadene i søket «library». Sjå lista til høgre over alt som blei luka vekk.

– – – –

PS: I dagens Klassekampen finn vi ein artikkel om dette med «gigantkapitalisme»: «De fleste vet at det skjer på teknologifeltet. De kjenner Google, Amazon, Microsoft og Facebook. Færre er klar over at det bare er ett eksempel på gigantkapitalismen. I 2010 hadde USA ti store flyselskap, i dag er det fire igjen, som sitter på 80 prosent av markedet. Det er tre bilutleieselskaper, fire store banker og to teleleverandører. I en rekke industrier er profitten blitt konsentrert på færre store bedrifter. Det skjer innen porno, øl og kredittkort. Sjokolade, kjemikalier, hvitevarer, supermarkeder, bildekk, lyspærer, matvarer og underholdning».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: