Archive for ‘Lesetips’

juli 28, 2020

Lesetips veke 31

Skjermbilde 2020-07-28 23.31.06Det er Olsok 29. juli og 990 år sidan Heilag Olav blei heilag. Nærmare bestemt sidan han la grunnlaget for heilagskapen sin ved å stupe på Stiklestad denne dagen (meir presist var det Kalv Arnesson og Tore Hund som sytte for stupinga). Det tok eitt år og fem dagar for Olav å bli helgen, men det kan ha vore verdsrekord (Peter av Verona slog ham i 1253 då han fekk tittelen alt etter 337 dagar). Mykje er skrive om Olav sidan Snorre og frametter, men lesetipset denne veka er likevel «Nidarosdomen : En biografi om Norges nasjonalmonument og menneskene som bygde det» av Atle Næss. Fordi det er ei sabla god bok og fordi levningane etter Olav skal ha havna der. I Domen. Etter kvart. Etter først å ha lege i Klemenskirka og så i Olavskirka. Seier soga.

Fotoet er av det fine museet om Klemenskirka, men som blei grave ut på andre sida av Krambugata, altså til venstre på fotoet. Museet stod ferdig i 2019. I bakgrunnen ser vi Trondheim folkebibliotek, der dei elles fann restene etter Olavskirka under utbygginga som var fullført i 1989. Ruinane kan sjåast i overgangen mellom det nye og gamle biblioteket. God Noregsferie.

juli 24, 2020

Lesetips for veke 30

Ei heit sak i desse tidene er kampen om vaksinar for å hindre eller kurere visussjukdommen Covid-19. Blant anna skal Trump ha tilbode eit tysk firma ein milliard dollar for å sikre USA ein vaksine. Og i India er svartebørsinga i full gang. Då kan ein til dømes ta fram igjen klassikaren «Den tredje mann» av Graham Greene. Der det handlar om svartebørshandel med penicillin i eit krise- og kald-krig-ramma Wien i 1948. Både spennande og avslørande.