
På heimveg etter ein heilt vanleg søndagstur på Jeløya. Vi hadde snakka om bøker, frå novellene til Lucia Berlin og Tarjei Vesaas (nokon hadde sett Odd Nordstoga på Lindmo kvelden før) til mossingen Ola Innset si nyaste om den norske nyliberalismen. Og vi hadde jo snakka om pandemien. Og her under restane av herregårdsalleen nedanfor Framnes melde assosiasjonen seg til ein viss film (og roman) der ein skog, litteraturen og det eksistensielle smeltar så kraftig saman i sluttscena.
Når vi no sit i heil- eller halv-isolat på snart fjerde månaden og ser på desse seriane på strøyming eller tv, så spør vi oss før eller seinare: Korleis blir dei fiktive samtidsskildringane etter pandemien, inntil vaksina, må vi håpe, blir allemannseige? Kjem politi og røvar til å halde ein meter avstand eller to? Og kva med dei romantiske scenane: Kyssing og slikt alt etter første daten vil gje publikum heilt feil idear, så det må vel bli av typen: Det var hyggjeleg å treffe deg, kan eg få mobilnummeret ditt og sjå koronatesten din?
