Her på bloggen har vi dei siste åra skrive mykje under taggen «Bibliotek som publiserer». Det har handla om alt frå blogging og sosiale medium, via forskingspublisering og digitalisering av eldre materiale, til forslag om samarbeid med «skuggebibliotek» som Sci-Hub. For ikkje å gløyme forslaget om Biblioteket tar saka.
Men no har dei sprengt grenser i Indre Agder: Biblioteka i Åseral og Hægebostad driv prosjektet «Biblioteket som historieforteljar», og no har dei laga film. I innbydinga til filmpremieren heitte det: «Tida med koronapandemi går inn i historiebøkene. Me ønska å lage film saman med innbyggjarar og bedrifter i våre to kommunar. Fleire er intervjua om korleis dei lokalt opplevde pandemien». Det filmatiske er utført av Tor Reidar Austrud.
Både NRK Sørlandet og Norge i dag hadde tv-innslag, og Nakstad i Helsedirektoratet meiner dei er aller først i landet med noko slikt. Sjølv har eg ikkje sett meir enn dei små klippa i NRK-oppslaget, for filmen ser ikkje ut til å liggje ute nokon stad. Men det må vi tru at skjer snart, for bibliotek er jo for grenselaus spreiing av kunnskap.

På postlista biblioteknorge spurde vi 6. august omlag dette: