Viktig presisering av dokumentasjonsformålet

Jacob Nicolai Wilse skreiv nokre av dei første bygdebøkene våre, om Spydeberg og Eidsberg i Østfold

Nyordninga med full digital pliktavlevering, som vi skreiv om 22. desember, der vi fann både surt og søtt, er no offisielt annonsert på Bibliotekutvikling.no. Her får vi først lese ei gjentaking av det gamle, kjente om at «Bruk av det pliktavleverte materialet er etter lov og forskrift begrenset til forsknings- og dokumentasjonsformål».

Men så kjem ei presisering som er ny, og ho vil hjelpe både bibliotektilsette og brukarar rundt i landet, som til no har vore usikre på dette: «Dokumentasjonsformål omfatter også bruk av kildemateriale i utredningsarbeid, slektsforsking og bygdebokskriving. Det samme vil gjelde journalister og forfattere som søker etter bakgrunnsstoff til prosjektene sine».

Mange folkebibliotek har praktisert omlag noko slikt, andre i mindre grad, men no står det mykje tydelegare.

Då står det berre att at Nasjonalbiblioteket reviderer sidene sine i tråd med dette, slike som denne, denne og denne (lasta ned 20.1.22).

PS 1: Dette er endeleg eit døme på at brukarane har trukke eit litt lengre strå enn opphavarane. Til dømes sa Kopinor i høyringa at «forslaget legg opp til ein dramatisk utvida tilgang til åndsverk, noko som undergrev interessene til rettshavarane og er i strid med internasjonale konvensjonar». Sjå Prop-en side 16. Dei nemner ikkje då at dei sjølvsagt får royalty for bruken.

PS 2: Nokre folkebibliotek har vore kjapt ute med info om endringa, blant anna Karmøy og Sarpsborg.


Digital pliktavlevering: Pluss og fleire minus

Fjernlånshyllene i folkebiblioteka avslører ganske avanserte interesser i folkedjupet. Klikk og kikk

>> Sjå også viktig kommentar frå Lars Egeland nedanfor

Førstebibliotekar Åsne Høgetveit ved UiT er fast spaltist kvar sjette måndag på Khrono. Denne veka skriv ho om omlegginga til digital pliktavlevering av bøker til Nasjonalbiblioteket frå nyttår. Det blir endå færre papirbøker ved UH-biblioteka, og til fjernlån til andre bibliotek. For studentar og tilsette er betre digitalt tilbod eit stort framsteg, men nye utfordringar kjem til overflata, slike som vil råke blant anna frilansarar og forfattarar, som underteikna. Ho skriv:

«… bøkene skal vera knytt til «dokumentasjon eller forsking». Derfor må ein, for å få digital tilgang til materialet, signere på at det er innanfor ein slik bruk at ein ynskjer tilgang. Ein må sende søknad, som så vert godkjent før ein får ein tidsavgrensa tilgang.

Ein ting er at det ikkje er omtala kva dokumentasjon eller forsking inneber. Slik det vert praktisert i dag får til dømes studentar tilgang til bøker i samband med studiane sine, men om ein tolkar lova strengt er dette kanskje ikkje innanfor? Eg veit eigentleg ikkje».

Dét veit heller ikkje bibliotekarar i folkebibliotek. Underteikna, som i året som gjekk i bokform har grave djupt i østfoldsk målføregransking, har støtt på to ulike tolkingar ved tre ulike bibliotek. Éin stad kravde dei først tilknyting til eit UH o.l., noko eg ikkje har. Eg fekk tilgangen min, i periodar på åtte timar, men det var ikkje berre enkelt.

Dette har også Åsne Høgetveit røynsler med:

Les mer «Digital pliktavlevering: Pluss og fleire minus»

Viktig nytt om utvida bruk av det pliktavleverte

På Nasjonalbiblioteket sin nettstad Bibliotekutvikling.no i dag finn vi viktig informasjon og instruksjon om «ny tilgang til pliktavlevert materiale i norske bibliotek». Til denne utvida bruken av digitalisert materiale i bokhylla.no har NB støtte i den reviderte pliktavleveringslova med nye forskrifter, og eit utvetydig brev frå Kulturdepartementet. Ei utviding som Kopinor og forleggjarane meiner er forkasteleg og som dei hevdar set stoppar for vidare forhandlingar om e-lydbøker i biblioteka (sjå 14.2.: Lars Egeland i Khrono).

Frigjeving av nyare norsk «e-litteratur» – Bruk han!

avlevert genser
Truleg ei av dei pliktavleverte norske bøkene frå 2019

Sist oppdatert 24.5.19 kl. 00.16.

Nasjonalbiblioteket annonserer i desse dagar: «Som følge av at pliktavleveringsloven ble endret og forskrift om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument trådde i kraft, vil det bli åpnet for en prøveordning for digital tilgang i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek for forsknings- og dokumentasjonsformål

Dei viktigaste avgrensingane ligg i orda med feite typar ovanfor. Fleire avgrensingar går fram av eit brev 2.7.2018 frå Kulturdepartementet til Nasjonalbiblioteket (pdf): For det første at berre fire brukarar får tilgang samtidig og «en karantenetid på to timer etter at aktiv bruk av dokumentet er avsluttet, samt at materialet ikke kan lastes ned.» Her gjeld altså ikkje tidsgrensa for bokhylla.no, som p.t. er ved utgangen av år 2000.

Alle ved institusjonar som er på Feide har alt tilgang, mens for brukarar av andre bibliotek enn dei i UH-sektoren må det søkast … Les mer «Frigjeving av nyare norsk «e-litteratur» – Bruk han!»