Ein høgst uvanleg arkitektonisk sjølvkritikk var å lese denne veka i svenske Biblioteksbladet. Der vedgår dei velrenommerte arkitektane bak det berre eitt år gamle hovudbiblioteket i Örebro at dei «inte [är] entydigt förtjusta i slutresultatet». Og i overskrifta står det at arkitekten «sågar nya svenska bibliotek». «Att såga» tyder ifølgje Svensk Ordbok «att kritisera skoningslöst och frånkänna allt värde». Arkitekten sitt eige pinlege poeng er: «Om vi fick göra ett bibliotek till, så skulle vi vilja göra en massa olika rum, som en labyrint, eller en slags basar».
Korleis er ei slik heilomvending muleg på dei fem åra frå teiknebordet til kort etter opninga? Seier det berre noko om at arkitektar ikkje tar bibliotek alvorleg, eller er heile tenkinga rundt folkebibliotek, og dermed -arkitekturen, blitt ein postmoderne tombola?
Vi kjenner verken arkitekten eller bibliotek- eller kommuneleiinga i Örebro, så dette blir rein spekulasjon, men kan dette vere endå eit døme på at viktige avgjerder blir tatt utan dialog med, eller også i strid med, dei bibliotekfaglege?
Deichman i Bjørvika kunne faktisk blitt Dømet med stor D på eit slikt uføre. Liv Sæteren, Oslos biblioteksjef fram til ho gjekk i pensjon i 2014, karakteriserte dialogen med byggherren, altså kommuneleiinga, som «å stå på hver sin side av en brusende elv og snakke til hverandre», grundig utbrodert i eit intervju eg gjorde med henne for Bibliotekforum i 2014.
Gratis lån av bøker i seg sjølv skaper ikkje trufaste bibliotekbrukarar på 2000-talet. Kjøpesentra innbyr gjerne til «ei god handleoppleving», og biblioteket må ha …
Les mer «Arkitekten som angra. Eller kva er eit bibliotek i 2022?»








