Biblioteket i kunsten

Frå utstillinga i Chicago til venstre. Foto (utsnitt): Steven Vance (CC BY-NC-SA 2.0). Oppe til h: Frå Ålborg bibliotek. Nede frå bokhandel i Stockholm

Det finst ulike innfallsvinklar for kunstnarar å «angripe» biblioteket med. Sjå nokre døme i denne kollasjen. Det største fotoet er frå ei utstilling i Chicago, der kunstnaren Theaster Gates overtok eit vrak av ei gamal bankbygning, og der han har slått seg laus med ulike samlingar som tema. Blant anna konstruert dette svært tradisjonelle bibliotekrommet, men med tidlegare ukjende dimensjonar! Sjå også denne videoen.

Herverande bloggarar har også samarbeidd med kunstnarar, faktisk i den fasjonable Blomqvist Kunsthandel i Oslo i 2016. Her bidrog vi med bibliotekinnslag til utstillinga Variations in Disco av fotografen Magnus Bjerk og installasjonskunstnaren Namia Leigh, med fleire.

Takk til Magnus for tipset om Theaster Gates.

Sommarreprise

Ikkje bibliotek, men bøker. Og sommar. Frå Kaholmen på Kråkerøy i Fredrikstad

Då må det vere noko kosjli og som vi kan slaffe godt av med. Til dømes eit fun-fact-oppslag frå i fjor om kor vanskeleg det er å søkje og finne litteratur om bibliotek – særleg i landets største bibliotek! Det er faktisk blant dei mest håplause søka som finst. Ikkje fordi det er lite skrive om bibliotek, men fordi digitalisering og fulltekst ikkje er superløysinga på alt.

Bibliotekbrukeleg mangfald

I tillegg til Nasjonalbiblioteket sin folkebibliotekstatistikk og «befolknings- undersøkelsen 2022» (på tittelbladet: «Landsrepresentativ brukerundersøkelse Juni 2022») publiserer no Statistisk sentralbyrå (SSB) at «71 prosent av barn mellom 9 og 15 år med innvandrer- bakgrunn hadde vært på folkebibliotek i løpet av et år. Blant barn i hele befolkningen var det en lavere andel, 58 prosent, som hadde vært på folkebibliotek». Dette kjem frå rapporten Kulturbruk blant personer med innvandrerbakgrunn, ein tilleggsrapport til Norsk kulturbarometer 2021.

I rapporten kan vi også lese at bibliotek «var det mest populære kulturtilbudet blant personer med innvandrerbakgrunn. Derimot var det en betydelig lavere andel som benyttet seg av folkebibliotekenes digitale tjenester, med 17 prosent».

SSB-rapporten har fått dekning viktige stader, blant anna i Utrop og Forskning.no. I rapporten finn vi også ei nyttig «Tidslinje koronatiltak for kultur 2020-2021», sjå side 101.

Adshels og bibliotek

Ikkje Deichman-plakat, men ICA (kor blei det av ICA?)

No skal Deichman minne Oslo-folk på at «det er der man bor den viktigste historien utspiller seg. … Ved å formidle nærheten til publikum skal vi senke terskelen for besøk i det lokale biblioteket». Bra, for Deichman har i pressa og truleg også på folkemunne blitt identisk med nybygget i Bjørvika.

Bodskapen skal spreiast ved hjelp av «lokale adshels, helsider i Aftenposten, geofiltre på Snapchat og Deichmans egne kanaler», ifølgje designarfirmaet si eigenmelding om den nye bibliotekkampanjen. Denne videoen viser meir.

Mange i landets hovudstad vil nok verdsetje dei ofte muntre, småironiske og gjerne kontrasterande bodskapa, i alle fall dei som alt er fortrulege med forfattarane og boktitlane som blir nemnde.

Så målgruppa her kan ikkje vere dei uopplyste aldri-brukarane. Skal biblioteket nå desse trur vi meir på John Patemans metode frå London: «I praksis skjer det ved at vi aktivt oppsøkjer dei ulike miljøa, både arbeids- og heimlause, etniske minoritetar, asylsøkjarar og flyktningar, funksjonshemma og andre som vi ser kan ha glede og nytte av biblioteket, men som ikkje veit om det eller tør bruke det. Vi tilbyr heilt konkret å ta dei i handa og leie dei inn i biblioteket, der vi tar imot dei med informasjon og tilpassa tilbod». 

Vi måtte slå opp orda adshel og geofilter, men no kan vi dei.

Fulltekst versus katalogisering og metadata?

Frå Nasjonalbiblioteket

Etter Nasjonalbiblioteket si nedlegging av artikkelbasen Norart kom det kritikk og skepsis i fleire forum, blant anna på NBs eige Bibliotek-Norge (PS: Det skal ha kome fire fleire innlegg ifølgje e-postvarsla, men av ein eller annan grunn kjem dei ikkje fram her? Kan nokon forklare?).

Underteikna har ikkje katalogisert noko som helst sidan juni 1990 (i Polydoc på «Tune-tekniker’n» i Sarpsborg), og var heller ikkje då nokon virtous. Men har oppfatta at det har gått faglege debattar oppigjennom om fulltekstsøk i motsetning til «tradisjonell» katalogisering. «Google-metoden» har sjølvsagt sine sterke sider, men bibliotekfolk har meint at han berre duger som eit ekstra hjelpemiddel. Vi ser også at under årets Kunnskapsorganisasjonsdagar handla eit fleirtal av foredraga om, ja, kunnskapsORGANISERING.

Men er Norart-vedtaket eit signal om at fulltekst kjem til å overta?

Angsten for biblioteket

Plakat frå Read Banned Books-veka i 2019

Vi har skrive mykje om åtaka i USA på folke- og særleg skolebibliotek som berre gjer jobben sin, å spreie kultur og kunnskap og å ivre for debatt og meiningsmangfald. Åtaka kjem ikkje berre frå alt-right politikarar og kriminelle gjengar, men no også frå vanlege foreldre som blir uroa for ungane sine.

Ønskjer du meir innsyn i dette, kan du tinge nyheitsbrevet Intellectual Freedom News frå den nasjonale bibliotekforeninga, ALA. Her er toppen av lista under overskrifta Censorship. Og dette er «fangsten» frå berre dei siste fire dagane:

Debattdebatten endeleg i gang?

I mars skreiv vi her på bloggen: Biblioteklova overmoden for analyse og avklaring, etter like før å ha spurt: Kva gjer vi med gråsonene rundt «debattbiblioteket»? Men i Bok og bibliotek nr. 2 kom det no heile åtte gode sider om temaet, og i dag også på nett: Det kompliserte redaktøransvaret. Også andre ting i tida tyder på at noko er på gang, sjølv om Nasjonalbiblioteket på spørsmål ikkje vil gjere meir enn før; å sitere lova og strategien, to svært overflatiske dokument.

På dei åtte sidene i bladet blir blant anna fleire biblioteksjefar intervjua om debattredaktørjobben, og det er mykje ein kunne trekke fram, men eitt viktig poeng er Stavangersjefen Anne Torill Stensberg si påminning: «For meg som har et stort apparat rundt meg, er dette greit, jeg er mer bekymra om du er i en bitte liten kommune og står alene og kjemper for uavhengigheten». 

Kim Tallerås frå OsloMet informerer om at dei på bibliotekarutdanninga har «utviklet noen nye emner for å forberede studentene på bibliotekets rolle i offentligheten. Ett av dem heter Bibliotek og demokrati, et annet er Kultur- og kunnskapspolitikk». Og mens andre er opne for å lage ein eigen redaktørplakat for bibliotek, seier han: …

Les mer «Debattdebatten endeleg i gang?»

No blir lydboka tydelegare dag for dag

Korleis er desse to like, Storytel?

I Bok365 sin artikkelserie om den komande boklova var dei i går innom lydboka. Dei intervjuar Arne Magnus i Gyldendal. Han er klar på at styresmaktene gjennom boklova ikkje må «behandle strømmetjenestene som noe de ikke er: bokhandler».

Og dei er heller ikkje bibliotek. Verkeleg ikkje. Noko vi var inne på på bloggen for nokre dagar sidan. Gyldendølen stadfestar at for strøymetenestene er det «ikke naturlig at de skal ha skaffeplikt i tradisjonell forstand». Når vi samtidig ser på praksis, hjelper det lite at han legg til: «Det betyr ikke at de ikke skal ha et ansvar for bredden. Vi ønsker ikke at strømmetjenestene skal bli en lyd-versjon av bestselger i massemarkedet».

Nyleg kom «Leseundersøkelsen for 2022». Bokhandlerforeningen kommenter henne blant anna slik: «Vi ser at de som svarer at strømming av lydbøker bidrar til totalt økt bokkonsum, i stor grad er de samme personene som allerede leser mye. Det er bra for leseren at bøker er tilgjengelig i mange format og kanaler. Men ideelt skulle vi ønske at strømming var en vei inn i litteraturen for å øke lesingen blant de som leser lite fra før. Det ser vi i mindre grad».

Etter biblioteket sine mange lydboknederlag ser vi i alle fall tydelegare enn før baksidene ved den frie litteraturmarknaden. Dét kan vel vere ei lita griskokktrøst.

Mindre trygge på biblioteket

Bloggaren sitt finaste regnbogefoto

Tidsskriftet Bibliotekaren har no lagt ut intervjuet med Kira Del Mar, bibliotekstudenten som skreiv bacheloroppgåva ved OsloMet i fjor med tittelen Er biblioteket for alle? Skeive og LHBTIQ+ personers holdninger til og erfaringer med folkebibliotek i Norge. Kort oppsummert: « … selv om resultatene tyder på at flertallet oppfatter bibliotekene som et trygt rom, er forventningene til biblioteket så høye at det likevel ble uttrykt skuffelse. … På alle spørsmål kom særlig transpersoner og ikke-binære brukere dårligere ut. De var mindre fornøyde, hadde mindre representasjon i samlingen, opplevde mer minoritetsstress og følte seg mindre trygge på biblioteket». 

Kira er aktiv på Twitter.

Eit (ikkje så stort) tidsskriftløft

Kulturrådet melder no at dei «etablerer ny modell for innkjøp av tidsskrifter til bibliotekene». Den nogjeldande modellen, der biblioteka kunne søkje om å få subsidiert abonnement på tidsskrift, har vore krevjande og dyr å administrere. Etter ei evaluering ved Høgskulen i Volda har rådet no vedtatt «å erstatte den med en modell der tidsskriftene vil kunne søke om å bli godkjent for innkjøp til folkebibliotekene, og der bibliotekene så vil kunne legge inn sine ønsker om abonnement på de tidsskriftene de ønsker, innenfor ordningens ramme».

Men ordninga har klare avgrensingar, for det første vil ho omfatte berre kulturtidsskrift, og ikkje fleire enn «tentativt 15 – 25», står det på side 27 i Volda-rapporten, og for det andre vil kvart bibliotek berre få innvilga 4-5 gratis, etter eige ønske. Men nuiallafall, som svenskane seier.

Det vil også følgje med nokre tiltak frå Kulturrådet på formidlingssida. Og der det enkelte biblioteket må forplikte seg på nokre punkt. «Den nye modellen gjelder fra søknadsfristen 2. september 2022, og det vil bli avholdt et informasjonsmøte om endringene 18. august».

Politiet og Pride-hatet

Det vore kritikk mot politiet og kva dei har gjort og ikkje gjort før og etter masseskytinga og dei to drapa mot det skeive miljøet i Oslo: Ifølgje VG: «Justisministeren vil evaluere PST og politiet etter masseskytingen i Oslo. Høyre-leder Erna Solberg sier PST har gjort en åpenbar feilvurdering».

Mens i North Carolina har ei hending på eit bibliotek fått overskrifter i nasjonale media. Der blei eit «children’s Pride Storytime event» invadert av såkalla «Proud Boys» og andre demonstrantar. Og dei sistnemnde med støtte frå den lokale ordensmakta, meiner fleire bibliotekbrukarar som var til stades. Sheriffen nektar for dette, men foto folk la ut på Facebook tyder på det motsette, sjå illustrasjonen.

PS 28.6. >> No skjer det ting også i Kanada som ikkje skulle skje.

– De siste årene har forståelsen av et bibliotek endret seg radikalt

Ikkje frå Rotterdam eller Særp, men Kistad i Stockholm. Klikk og kikk på filmen

Ifølgje Arkitektnytt har Deichman Bjørvika-arkitektane Atelier Oslo og Lund Hagem vunne konkurransen om å «transformere og utvide» hovudbiblioteket i nederlandske Rotterdam. Overskrifta her er frå pressemeldinga om dette frå dei samarbeidande arkitetktkontora, og endringa dei viser til er at biblioteket er blitt «et åpent og innbydende sted hvor mennesker kan møtes og arbeide; en storstue for hele byen». Den tredje parten i samarbeidet er nederlandske Powerhouse Company, der norske Johanne Borthne høyrer heime.

Samtidig har Arkitektnytt ei sak om ei litt tilsvarande omdanning og tilbygg i Sarpsborg.

Norart-nedlegginga: Bekymring i Emnedatakomiteen

1949: Katalogkort med analyttar. Frå Hedvig Schaanning: «Eksempelsamling til hjelp ved katalogisering».

Ei mykje lesen og debattert sak dei siste vekene, blant anna her på bloggen og på lista Biblioteknorge, er om Nasjonalbiblioteket si nedlegging av dei nasjonalbibliografiske tidsskriftanalyttane i basen Norart. No har NB sin eigen rådgivande komité, Emnedatakomiteen, sett på saka, og i referatet frå møtet deira 14. juni heiter det om «Avvikling av Norart»:

Medlemer i Emnedatakomiteen uttrykte bekymring for korleis informasjonsbehova Norart i dag bidrar til svar på, skal dekkast framover ved avvikling av tenesta. Den nye løysinga Nasjonalbiblioteket skisserer framstår som uferdig. Sjølv om delar av datamaterialet kan vera tilgjengeleg i andre former, vil metadata med blant anna klassifikasjonskodar knyta Norart-materialet saman med andre databasar der Dewey er i bruk, både nasjonalt og internasjonalt.
Det at Norart etter kvart ligg i Alma, gjev god tilgang framover. Og fulltekstbaserte søk har potensiale for å møta mange behov. Men det vil vera behov for i det minste grunnleggande metadata knytt til artiklane og innhaldet i dei, og det er behov at nytt materiale vert registrert og lagt til også før ei fornya løysing er på plass.

Norsk komité for emnedata (tidlegare NKKI) «skal fungere som rådgivende organ for Nasjonalbiblioteket og bibliotekmiljøet i saker innenfor det kunnskapsorganisatoriske området». Komitten har blant anna representasjon frå Biblioteksentralen, Bokbasen AS, ABI ved OsloMet og BIBSYS.