Litt oppsnapp, berre

Ein liten sommarleg geologi-quiz: Nokre småstein her finn du ikkje på dei fleste strender i NO. Kor er dette? Svar i kommentarfeltet

På baksida av Klassekampen 12. august skriv Henning Røed ein petit om å lese «gamle» bøker om att: «Det finnes et slags «speil» som ikke lyver, og som kan hjelpe deg til å finne ut mer om hvem du var. Det er å lese om igjen gamle favorittbøker. God litteratur – som en gang fikk deg til å stoppe opp og tenke. Bøker som satte i gang prosesser, ga nye tanker. Som kanskje endret hvem du endte opp som».

Lytt til Lindgren! I Morgenbladet 9. august oppdaterer ho (Lena er fornavnet) oss på noko heilt sentralt i boka hennar, «Ekko», frå 2021, nemleg om rolla og makta til ytre-høgre-teknologen Peter Thiel og medspelarar frå Silicon Valley, pluss ein ex-president frå Florida. Ho innleier slik: «Frem til nå har Silicon Valley i California vært en selvsagt bastion for Det demokratiske partiet. Noe annet har vært uforenlig med dalens selvforståelse, som et ungt og intenst nyskapende tek-mekka, bygget på grunnleggende antiautoritære frihetsideer, befolket av superkompetente innvandrere fra hele verden og utstyrt med landets antagelig høyeste forekomst av regnbueflagg og veganermenyer. Men det finnes også et annet Silicon Valley. Et skred av tek-milliardærer har sluttet opp om Donald Trump.»

Kven seier dette?: «Lojalitetsplikt handler ikke om en plikt til å være lojal overfor egne ledere eller politisk ledelse for deg som er byråkrat. Den handler om å være lojal til din institusjons samfunnsoppdrag. Da kan det være lojalt å ytre seg kritisk, eller i strid med egne politiske ledere dersom det vil tjene dette oppdraget». Svar, ifølgje Khrono: Øyvind Eggen, som skal starte Magasinet Artikulert, som har «som mål å utvide ytringsrommet i offentlig sektor og drive seriøs journalistikk og debatt på bakgrunn av informasjon fra offentlig ansatte».

Tom Cruise – i ein bibliotekblogg?!

Godt spørsmål. Men med utgangspunkt i det parisiske OL-avslutningsstuntet i går med Mr. Mission Impossible i «fritt fall» over Stade de France, ser eg grunn til å minne om at det norske Nasjonalbiblioteket alt under den høgtidelege opninga av dei renoverte og utvida lokala i Oslo i 2005, lot Torkjell Leira danse opp og ned flate veggen i atriet der, med kongen og heile IFLA-notabiliteten og WLIC-deltakarane som tilskodarar. Regi Kjersti Alveberg.

No brenn dei bibliotek også

Hovudbiblioteket i Liverpool er ikkje råka

Ytre-høgre-mobben som terroriserer muslimar i England går no ikkje berre laus på moskear, men også bibliotek. Matutdeling var det også på den aktuelle filialen i Spellow i Liverpool, som avisa Independent skriv om.

I kommentarfeltet heiter det blant anna: It’s ALMOST unbelievable, how on earth did these people FIND a library? Men dei har vel følgt etter folk dit, for bibliotek er populære hos ikkje-kvite.

Det positive er at det spontant blei starta innsamling til nye bøker, noko som alt har kome opp i 115 000 pund.

PS: Klassekampen 29. juli har eit større oppslag om «Britisk kulturliv i krise», der det blant anna går fram at «Finansieringen til ­offentlig biblioteker er blitt halvert». Det dei kunne lagt til, er at mykje av pengane er «spart» ved å leggje ned filialar og ved å slå bibliotek saman med alt muleg anna og gjere dei til hubs, som i Spellow. Jf norske innbyggjartorg og sørviskontor.

Nokre oppsnapp, berre

Terje Tvedt i Klassekampen 16. juli, der han blei «kåra» til éin av ti «Norges fremste intellektuelle»: – Grunnen til at vi bør holde oss med samfunnsvitere og historikere i en tid hvor alle kan google eller spørre Chat GPT om nesten alt, er nettopp at de ikke fungerer som budbringere for «offentlige sannheter» eller er algoritmenes kopister. PS: Tvedt har klåre meiningar om bibliotekarar også: – Når «alle er enige» må biblioteka presentere det kontrære.

Dagens sommergjest på Bok365.no 28. juli: Rebekka Mong Hansen, lydbokredaktør hos Cappelen Damm (og utdanna bibliotekar): – Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort? – Gitt skolebibliotekene masse penger og et kraftig løft i et bidrag til å gjøre noe med dette leselyst og -ferdighetsproblemet.

Forskning.no 27. juli: «Då forskarane gjennomførte 60 gruppeintervju med femte- og sjetteklassingar, møtte dei haldningar dei ikkje hadde venta. Forskarane spurte kva dei tenkte når andre hadde andre meiningar enn dei sjølve. – Det var mange som tenkte at det var veldig dumt. Dei sa rett ut at det kunne gjera dei irriterte og sinte, … Men ein lærar som sjølv tok opp spørsmålet i klassen sin, oppdaga at det einaste som kunne få elevane til å endra meining i ei sak, var om Google var ueinige med dei.» …

«Läsfrämjande och allmänkulturell verksamhet kommer inte att vara tillräckligt»

Når eit nettselskap set slike merke på ein straumstolpe, er han falleferdig. Er det der folkebiblioteket er i dag?

Bibliotek-alvor midt i juli: I dag fekk eg i fanget to av dei viktigaste bibliotekpolitiske tekstane på lenge (slikt veks ikkje på tre). Først var det Peter Björkman frå Umeå som skriv klokt i Bis om «Nya villkor för kunskapsförmedling och fri åsiktsbildning». (LENKA ER DAUD; BIS ER HACKA, MEN DEI JOBBAR MED DET) Så opnar eg bok365.no og finn mykje av det same i eit intervju med Deichman-sjef Merete Lie og NBF-leiar Helene Voldner: «Bibliotek 2034: Møteplass eller digital hub?». Alle tre er uroa over medieutviklinga og den tilsvarande politiske og følgjene for lesing, kunnskap og demokrati. Altså for folkebiblioteka. Og begge er misnøgde med sine respektive ferske statlege strategidokument; Nationell biblioteksstrategi frå 2019 og den norske Leselyststrategien frå i år.

Nokre sitat från Björkman, som tar utgangspunkt i tidsskrifttilbodet på biblioteket i Umeå, som går frå papir til nett, eller til nedlegging. Og SoMe overtar:

«Vårt inflytande över utbudet är minimalt. … det finns ”noll anledning” för den generation som växer upp med sociala medier att återvända till den gamla sortens ”top-down” informationsstruktur». Og om ungdomen i dag: «I takt med att en allt högre andel uteslutande tar del av nyheter och annan information via digital teknik och skärmar kommer tryckt media att bli ett allt mer exklusivt format». 

Så: «Frågan är vad detta betyder för biblioteken, och särskilt folkbiblioteken, ur ett lite längre perspektiv? Hur kommer förutsättningarna för att verka …

Les mer ««Läsfrämjande och allmänkulturell verksamhet kommer inte att vara tillräckligt»»

Siste «nytt» om lydbøkene 

Frå ein kveldstur nett no i fylket der sola aldri går ned over Oslofjorden. I landet der du aldri får låne lydbøker på biblioteket.

Bibliotekbloggaren er no i hovudsak blitt ihuga turbloggar, og er sjølvsagt då på fottur-ferie (berre på feil side av Oslofjorden). Men så kjem det nyheitsbrev fra Kulturdepartementet om ikkje mindre enn lydbokutgreiinga dei hadde tinga i kjølvatnet av boklovfadesen. Og då kan eg ikkje dy meg.

Men eg gjer ikkje meir enn å sitere frå konklusjonen. Eg overlet til folk som er i lønna jobb og eventuelle andre sjølvplagarar å lese heile greia og seie noko lurt. Her kjem dei ikkje overraskande sluttorda i rapporten:

«Artikkel 6 åpner derimot ikke for en lovbestemmelse om plikt-
avlevering av eksemplar for digitalt utlån. Bestemmelsen gir ingen holdepunkter for å innfortolke en slik rett. Det er heller ingenting i premissene i VOB som gir grunnlag for et slikt unntak.
Selv om det er gode grunner for en tilgangsrett til eksemplar for utlån fra offentlige bibliotek, finnes det ikke tilstrekkelig grunnlag i rettskildene slik de foreligger i dag. En slik tilgangsrett
vil kreve et tydeligere EU-/EØS-rettslig grunnlag».

Litt Off Topic, men: Nei til Metas bruk av FB-innhald til KI-opplæring!

Om biblioteket eller du sjølv av ulike grunnar MÅ halde fram på Facebook, til eit reelt alternativ er etablert, sjå Medietilsynet sin framgangsmåte (litt nedi der) for å stoppe misbruk av innhaldet ditt.

Eg sende inn skjema og fekk til svar: «Hei Anders, Vi har gått gjennom forespørselen din og vil ta innvendingen din til følge. Dette betyr at forespørselen din vil bli tatt i bruk videre fremover».

50 svenska bibliotekarier aktiverar sig i inrikespolitiken

Det händer inte varje dag att bibliotekarier går ut med krav om att landets regering bör ombildas. Men nu har femtio svenska bibliotekarier samlat sig kring åsikten att Tidö-koalitionen mellan Moderater, Sverigedemokrater och Kristdemokrater ska upphöra: Sverigedemokraterna ska ut! Nedan presenterar Mikael Böök några funderingar kring bibliotekariers och deras sammanslutningars politiska engagemang.

Les mer «50 svenska bibliotekarier aktiverar sig i inrikespolitiken»

Ikkje berre leseLYST

Morgenbladet og Bernhard Ellefsen har sjølvsagt vore på Lillehammer og lytta til kultur- og utdanningsministrane når dei har laga ny struktur for leselysta. Men i MB på nett i dag spør han: «Lesepolitikk: Er «lyst» nok til å løse et så gigantisk samfunnsproblem?» Og han held fram: «Dette er en strukturell samfunnsoppgave på linje med folkehelse og infrastruktur. Løsningene må være deretter.»

Éitt av fleire høgdepunkt: «… det [er] ett verktøy som peker seg ut som mer lovende og effektivt enn noen andre. Skolebiblioteket er ikke et tiltak eller sted som bør behandles på linje med andre «leselyst»-tiltak. Som jeg har skrevet tidligere her i avisen, skolebiblioteket bør ikke vektes mot andre kommunale pengesluk, det bør heller veies opp mot nasjonal infrastruktur som veier og tunneler. Hvis vi mener at lesing er av avgjørende samfunnsmessig betydning, som det er, og ser at det står dårlig til med lesingen, som det gjør, burde vi utforme løsninger som er på samme nivå som problemet. Å lovfeste norske skoleelevers rett til et skolebibliotek som fortjener navnet, ville være en start» (mine uthevingar).

Nytt 5.6. kl. 15.30: NBF-leiar Helene Voldner på lista biblioteknorge: «Norsk bibliotekforening har til nå uttalt seg i Vårt Land og Morgenbladet (dessverre bak betalingsmur), og kommer med mer. https://www.vl.no/kultur/2024/05/29/tar-ikke-innover-seg-at-vi-er-i-en-krise/ https://www.morgenbladet.no/boker/2024/06/03/ikke-imponert-over-regjeringens-leselyststrategi-var-det-dette-vi-ventet-pa/ Periskop har også hatt en god sak med umiddelbare reaksjoner https://periskop.no/leselyststrategien-ullen-og-skuffende/

Når vi skriv 6. juni kl. 10.30 er det godt driv om dette på biblioteknorge-lista:

Google og KI – ufrivillig komisk/tragisk

Gizmodo tar 24. mai kritisk føre seg Google sine «AI overviews», det vil seie samandraga som søkemotoren den seinare tida har presentert på toppen av trefflistene. Artikkelforfattaren meiner Google «hallusinerer» i fleire av desse tekstane, som at, jau, ein kan koke spaghetti i bensin og at Barack Obama var muslim: «Hallusinering gir grunn til uro, men det er ikkje heilt overraskande. Som vi har sett før med KI chatbots, ser denne teknologien ut til å forveksle satire med journalistikk … Problemet er at denne AI-en tilbyr eit autoritativt svar til millionar av menneske som dagleg bruker Google for å søkje kunnskap».

Det heiter vidare: «Det som har skjedd, er at Google har følt seg pressa til å haste frå ord til handling ved å leggje KI-satsinga si til søkemotoren. Folk vel i aukande grad ChatGPT, Perplexity eller andre KI-tenester som den viktigaste metoden for å finne informasjon på nettet, og Google ser på dette kappløpet som eksistensielt, men dei har kanskje sett søkeopplevinga i fare ved å prøve å ta igjen forspranget» (mi omsetting).

Nettstaden legg fram 11 slides med døme på slike «hallusinerande» samandrag. Her er eitt, men spørsmålet var kanskje ikkje så seriøst:  How do cats teleport?

Nakba. Ein reprise

I dag, 15. mai 2024, blir Al Nakba markert rundt i verda. I år er det 76 år sidan utdrivinga av innbyggjarar frå områda i det britiske mandatområdet Palestina, som blei til staten Israel i 1948. Noko som også ligg til grunn for krigen og overgrepa i Gaza i dag. Derfor denne reprisen av ein bloggpost frå 2015, der vi, med utgangspunkt i ein viss roman, argumenterte for at temaet høyrer godt heime i det norske «debattbiblioteket»:

Det hovedsaklig USA-baserte nettverket Librarians and Archivists with Palestine (men også med en svensk bibliotekar i styret) lanserte i november en slags internasjonal lese- og debattbevegelse rundt romanen Morgen i Jenin av den palestinsk-amerikanske forfatteren Susan Abulhawa (på norsk i 2010 og p.t. opplag på 90 000). Et førtitall lesegrupper er i gang i forskjellige land, mange i privat regi, men også flere i regi av offentlige bibliotek. Blant annet deltar Internationella biblioteket ved Stockholms stadsbibliotek og filialen Garaget ved Malmö stadsbibliotek.

Morgen i Jenin sies å være den første engelskspråklige romanen om Israel-Palestina-konflikten. Handlinga går tilbake til krigen og fordrivelsen av 800 000 palestinere i 1948 og fram til 2002. Forfatteren tar klart stilling for palestinerne, men setter samtidig individuelle jøder i romanen «i et sympatisk lys» (les en god bibliotekpresentasjon av boka på det svenske Världsbibliotekets nettsted).

Line Khateeb, leiar av Palestinakomiteen i Noreg, held appell under Nakba-markeringa i Moss 14.5.24.

Blir dette for ensidig for det nye norske «debattbiblioteket»? Neppe ifølge blant annet Knut Olav Åmås, hvis han ble korrekt gjengitt av Ole David Østli i sistnevntes referat fra seminaret om den nye lovparagrafen under Finnmark Internasjonale Litteraturfestival 20. november: «Alle debatter trenger ikke være balanserte hver især, man kan slippe til en side om gangen, for eksempel som foredrag, samtaler eller intervjuer».

E-bok-kollapsen berre i to aviser

Lydboktilbod i bibliotek anno 2014 t.o.m 2024 – og vidare?

NBF-leiar Helene Voldner har sendt ut pressemelding, sikkert i alle himmelretningar, om stoda etter at Allbok er ute av soga, som Bokbasen, til den samla bokbransjen, stod bak. Då er det «ingen norske e-bøker eller e-lydbøker som kan lånes av de allerede 8.500 aktive brukerne, eller alle de andre brukerne av Deichman som ikke visste om tilbudet». Vårt Land trykker meldinga og har ingressen «Vi er vant til at Deichman er en spydspiss i utviklingen av bibliotektjenester for resten av landet, men her går det baklengs».

Dagsavisen, med vekta si på Oslo-stoff, har også eit oppslag. Men ingen andre aviser eller medium.

Voldner skriv blant anna: «Med dagens lesekrise bør vi bruke alle de verktøyene vi har, og vi bør sikre tilgang til e-bøker i biblioteket. Det er en pågående floke, og det er uforståelig at den ikke er løst foreløpig. … Ulike lesere har ulike behov, og ved å sørge for at også digitale bøker og lydbøker er tilgjengelig vil det bidra til at flere har tilgang». 

Kor mange andre bibliotek gjeld det? Allbok har fjerna infoen om «Hvilke bibliotek bruker Allbok?», men det var i alle fall alle folkebiblioteka i Rogaland, pluss utdanningsbibliotek som er på Feide.

Det var altså ikkje nok for bransjen at dåverande kulturminister Trettebergstuen (Ap) brått og overraskande sette stoppar for lovpålagt tilgang for biblioteka til lydbøker.

«.

Bibliotek-renovering på OsloMet får «Deichman-effekt»

Studentdominans på Deichman i april 22

Bibliotekdirektøren og leiaren for studentparlamentet ved OsloMet har i dag eit innlegg på Khrono: Å investere i bibliotekene er å investere i studentene. Her seier dei blant anna:

«Biblioteket skal være et innbydende og inspirerende sted hvor man har lyst til å være, alene eller sammen. Her har kanskje universitetsbibliotekene noe å lære av folkebibliotekene? 

Kunnskapsformidling er noe mer enn å sørge for tilgang til kunnskapen. Det holder ikke å stappe hyllene fulle av bøker. De fysiske samlingene må kurateres og formidles. Med oppgraderte lokaler håper vi på en «Deichman-effekt» med stor økning i besøk og bruk, og besøkstallene for de første ukene etter oppgraderingen tyder på at vi har lykkes. Studentene strømmer til!»

For to år sidan, då Deichman i Bjørvika slog gjennom, spurde vi her på bloggen: Deichman, det nye universitetsbiblioteket i Oslo? For dominerte studentane verkeleg. Og frå OsloMet signaliserte dei på Twitter: «Universitetsbiblioteket ved @OsloMet har masse ledige studieplasser, og vi blir veldig glade når studentene ønsker å sitte hos oss».

No har dei snudd trenden. Og gjennomsnittalderen på Deichman vil vel gå litt opp, utan at det er noko problem.

95-96 % av forskinga no i gratis digitale «skuggebibliotek»

Skuggebiblioteka har sjølvsagt «mirrors» for å stå imot åtak frå tidsskrifta o.a.

Denne høge prosenten er innan medisin. Tala er ikkje så skyhøge for t.d. humaniora, som er meir bokbasert. Det handlar også om bøker, men mest om artiklar kopierte frå alle dei store og mindre tidsskrifta. Dette ifølgje svenske Biblioteksbladet nyleg, der Zakayo Kjellström, doktorgradskandidat på dette feltet, uttaler seg ope og positivt om fenomenet. Og utan at kommentarfeltet er blitt fullt av fordømmingar og åtvaringar, slik det var for ikkje lenge sidan.

Dei har fått langsiktige konkurrentar, ikkje berre dei sinnsjukt dyre tidsskrifta, men også statlege Plan S og vanleg Open Access. Likevel, seier Kjellström: «… utvecklingen mot öppen vetenskap kommer att framskrida långsamt, utan att konkurrera ut skuggbiblioteken. Någon laglig, Spotify-liknande modell för forskningslitteratur tror han inte på. – De som skapar och administrerar skuggbiblioteken vill inte vara lagliga. Det finns inget intresse av att bli erkänd av någon stat eller lagliga ramverk. Vad det finns intresse för är att sprida vad man anser tillhör allmänheten … Man upplever att forskningen kommodifieras; att den säljs och köps på ett sätt som inte är gynnsamt om vetenskapen ska fortskrida som den borde göra. Kostnaden för den kan ibland vara absurd, inte bara för privatpersoner och enskilda institutioner, utan också mer generellt för det globala syd».

Og i tillegg: «Viktigare är nog tjänsternas användarvänlighet. De är mycket mer effektiva och lättmanövrerade än vetenskapliga databaser och universitetskataloger. Även rätt effektiva system är krångliga: institutionella inloggningar, proxyservrar. Om jag kan ladda ner en artikel med endast ett klick, i stället för femton, kommer jag att göra det».

For tre år sidan intervjua vi på bloggen Alexandra Elbakyan, initiativtakaren til skuggebiblioteket Sci-Hub. I dag er særleg Anna’s Archive i fokus, som fangar opp Sci-Hub og fleire av dei andre «piratane». I februar skreiv vi om suksessen, men også trugsmåla mot det meir opne Internet Archive.

Så mycken falskhet bor det här

Bloggaren var ivrig for ei tid sidan med Open Access (52 innlegg) og Plan S (22) osv., men det allmenne forfallet berre breier seg i redaksjonen. I staden blir det no arbeidd med sabotasje mot knottfabrikkar under WW2 og turrenn på ski før og etter den same okkupasjonen.

Men så kom Khrono i februar med ein artikkel av Marit Moe-Pryce ved PRIO: «Falsk forskning truer demokratiet». Ho innleiar med: «Det er ikke «falske nyheter» som skremmer meg, det er falsk forskning. Og da mener jeg ikke primært plagiering og manglende siteringer, men gjennomført fabrikkerte «forskningspublikasjoner» som i sin natur og sitt omfang kan true med å rive bort selve grunnmuren i samfunnsstrukturen vår». Nokre gode kommentarar kom det, også.

Når eg no har delt denne, kan eg forfalle vidare, med ein slags samvit.