Den USA-baserte nettstaden «Ditto Press : Bold Ideas for Libraries» skriv no om «Designing for the Future — The Post-Pandemic Library». Her peiker dei på fleire tilhøve vi må ta omsyn til i bibliotekplanlegginga i tida som kjem. Det handlar om både ny kompetanse og nytt innhald og utforming av biblioteka. Arkitektur og design blir kopla med psykologi og antropologi.
«Ny relevans for territorialitet», heiter eitt kapittel. For første gong på hundre år har fysisk nærkontakt blitt eit eksistensielt trugsmål for folk. Med tape på golvet har bibliotek under pandemien merka skilje mellom inn- og utgang, og i framtida må dette bli permanent, eventuelt må ein byggje fysiske skilje. Men ved bibliotek der det er trangt må ein vurdere å byggje om eller byggje nytt. For éin ting er at det kanskje ikkje blir så ille på lang sikt som pessimistane spår, éin annan at angsten vil halde seg hos mange menneske og grupper.
Slikt har vi vore inne på tidlegare, til dømes: Koronabibliotek på gang! / «Pandemi-arkitektur» viktig også for biblioteket / Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!
Eit anna kapittel heiter «Vektaren (the consierge) har kome for å bli». Det same gjeld «take-away»-tilboda. Og i nybygg bør ein vurdere ei «drive-through»-teneste, heiter det. Og datasystemet må ha meir …
Les mer «– Bibliotekvektaren er komen for å bli»













