Kor blei det av «folkhemmet»? Kan ein spørje seg når det blir ei sak til og med på NRK.no at svenske kommunar ikkje vil gi bibliotektilsette munnbind på jobb og meiner dei ikkje treng det. Tillitsvald på biblioteket i Kungsbacka fortel: «Mange av mine kollegaer er urolige fordi vi kommer for nære. Vi har et skilt, men det er ikke alltid avstanden respekteres. Det kan bli trangt mellom hyllene. Vi har også noen små bibliotek der det er trangt». «Ifølge bibliotekarene har de flere ganger kommet med ønsker om å få bære munnbind når de er på jobb. Det hevder de har blitt avvist av arbeidsgiveren».
Nytta av munnbind er omdiskutert, men noko av problemet i biblioteket er at nokre brukarar ikkje respekterer avstandsregelen: «Flere har fortalt hvordan de har blitt spyttet på og trakassert fordi de har båret munnbind».
Det er ikkje noko nytt for lesarar av denne bloggen kor kaotisk det siste året har vore for tilsette og brukarar særleg i svenske folkebibliotek. Det handlar om samfunnsoppgåva eller tryggleiken.
Leave a Reply