Trur kanskje vi har vore innom dette nummeret (1/2020) av Barnelitterært forskningstidsskrift før, men landar no på ein artikkel om ape-biografiar. Og éitt individ, ein sørlending på J, som alle kjenner, har fått fire – 4 – bøker skrivne om seg. Men dei er faktisk ganske ulike. Inger-Kristin Larsen Vie har lese to av dei spesielt grundig i artikkelen «Biografier om dyr: Ideologiske perspektiver på dyr og forholdet mellom dyr og mennesker i to biografier om sjimpansen Julius». Interessant.
«Hva tenker dere på, Bent Høie og Erna Solberg?»
I Aftenposten i går fann vi eit kort, men fyndig lesarinnlegg om ei biblioteksak, og med foto av helseministeren, noko som ikkje skjer kvar dag. Forfattar er Magne Nylenna, professor dr.med., og tidlegare redaktør av Helsebiblioteket.no frå 2005 til 2017. Og det er dette biblioteket han skriv om, om korleis regjeringa no vil vengjeklippe tenesta endå meir: «Vi har allerede mistet tilgangen til The Lancet. Nå forsvinner BMJ, JAMA (Journal of the American Medical Association) og andre av verdens beste, medisinske tidsskrifter». Denne modellen med sentral opphandling av lisensar for alle dei registrerte brukarane, helsearbeidarar i heile landet, er ein modell der Helsebiblioteket har vore ein pioner, og som mange har snakka om å overføre til fleire felt.
Dette er altså ikkje eit vanleg bibliotek, men fekk likevel NBF-prisen Årets bibliotek i 2012. Les talen på regjeringa.no som dåverande statssekretær Ragnhild Mathisen heldt ved overrekkinga.
Er dette gullalderen for norske bibliotek?
Uavhengig av kor sterkt koronakrisa råkar biblioteka skal det sjølvsagt leggjast offensive planar for framtida. Då trengst det analysar om stoda i dag, basert på bibliotekstatistikken for 2019. Nasjonalbiblioteket tar no dette på alvor og har nyleg i tre kanalar (om ikkje fleire? Vi går jo ikkje på møte og konferansar med dei) kome med optimistiske og ganske skråsikre meiningar om stoda, men som nok vil overraske fleire. Vi vågar oss på denne kortversjonen, utan å karrikere altfor mykje:
Norske folkebibliotek har aldri hatt det betre; når vi ser heile landet under eitt har utlånsnedgangen stagnert og besøk og arrangement aukar i omfang, så no skal vi berre sjå opp og fram, både lokalt og sentralt. Dei framleis 49 prosentane ikkje-brukarar kan vi få med på laget om berre fagfolket sluttar å sutre og bruke krefter på uforståelege (for politikarane) detaljar som metadata, katalogar, fjernlån osv. Og om det likevel finst lokale negative avvik frå dagens gullalder-nivå (sjå nedanfor), er dei «så små at makrotallene ikke påvirkes».
>> Seinare innlegg om dette: 9.12.: Veronicha Angell Bergli, leiar av Bibliotekarforbundet. 11.12.: Vidar Lund: leiar av Norsk Bibliotekforening.
Men i ein påfølgjande, og truleg framleis pågåande, debatt i Bok og bibliotek på nett har (per 10.12.) to tunge aktørar protestert kraftig på både bruken av fleire av tala og på analysane.
Første NB-utspel av denne kaliberen var 2. oktober i det svenske Biblioteksbladet i eit større intervju med NB-direktør Aslak Sira Myhre. Redaktør (og intervjuar) Thord Eriksson skriv i ein leiarartikkel nokre dagar seinare:
«När jag intervjuade Norges nationalbibliotekarie Aslak Sira Myhre i Oslo i somras raljerade han om att norsk bibliotekspersonal har en omotiverat mörk syn på sina förutsättningar att vara relevanta i framtiden. ”De som jämt säger att det går åt skogen, är bibliotekarierna”» (det var fleire ting som overraska svensken, sjå nedanfor, og les intervjuet).
21. oktober heldt same direktør eit foredrag for NBs strategiske råd. Dette er i forma ein glimrande pep-talk til bibliotekarane om både strategiperioden og tida etter koronaen, men då må også skildringa av situasjonen vi står i stemme sånn omtrent. Men det er her han underbygger påstanden at vi no er midt i gullalderen til norske bibliotek, særleg karakterisert ved at …
Les mer «Er dette gullalderen for norske bibliotek?»Frå folkedjupet (det er fredag II)
I 2009 på Flashback skreiv ein svensk bibliotekar: «Jag får ofta intrycket av att folk i allmänhet inte har en aning om vad vi som jobbar på bibliotek faktiskt jobbar med. Därför får ni nu möjligheten att få reda på det. … Jag svarar på allt, men förbehåller mig rätten att vara sarkastisk».
På dei elleve åra har det gått i bølgjer, men det har blitt i alt 200 spørsmål, nokre dønn saklege, andre ikkje, men likevel lesbare, i alle fall ein fredag i november.
Takk til peterals.
Ute etter jobb? (det er fredag)
I USA er det tradisjon å byggje og innreie bibliotek tileigna avgåtte presidentar. Ein anonym arkitekt har alt eit prospekt klart for Trump sitt bibliotek, utført på svært profesjonelt vis. Og på ei nettadresse hen skal ha sikra seg alt i 2016: https://djtrumplibrary.com. Nettstaden Fastcompany skriv om dette og listar opp noko av innhaldet:
- The lobby is emblazoned with Trump tweets,
- a map of the countries included in his early Muslim ban, and
- a front desk where entrance fees double to $50 for “immigrants.”
- Exhibits include a selection of “alternative facts” delivered by multiple White House press secretaries,
- the “Wall of Criminality,” and a
- prison with a work-release program for members of Trump’s inner circle convicted of crimes.
- Outside, next to the rooftop Autocrats Gallery and the Felon’s Lounge cocktail bar, is a gravesite for Trump allies who succumbed to COVID-19.
Billegare sprit og sjokolade, men kva med biblioteka?
>> Oppdatering 3.12: DnF-leiar Heidi Marie Kriznik: «Det er ikke til å tro … Kuttet betyr i praksis realnedgang av fondet … ».
Rådsleiar Lars Petter Hagen går i dag ut på Kulturrådet si heimeside: «I budsjettforhandlingene på Stortinget i går ble det klart at Norsk kulturfond reduseres med 10 millioner kroner for 2021. – Dette er et kutt som vil gå ut over mange av de som er hardest rammet av pandemien. … – Norsk kulturfond dekker hele bredden av det frie kunstfeltet, … Det gjelder alt fra den enkelte kunstner, forfatter, musiker og danser, til store og små arrangører, festivaler og spillesteder. Det gjelder biblioteker og andre kulturformidlere, og ikke minst de mange konkrete tiltakene rettet mot barn og unge. Når disse satsingene svekkes går det ut over både kulturaktører og publikum (vår utheving)
>> Korreksjon mottatt om at avgifta på brennevin ikkje er redusert. Men då måtte vi funne ein annan illustrasjon. Skål.
Noko konkret seier han ikkje om litteraturfeltet og innkjøpsordningane.
I slutten av oktober var norsk sakprosa i biblioteka ei stor sak i media. Men så kom det …
Les mer «Billegare sprit og sjokolade, men kva med biblioteka?»Bibliotek og kjeldekritikk i Tegnell- og Nakstad-land
På ei svensk Facebook-gruppe, «Bibliotek i coronakris» (lukka, men ikkje vanskeleg å bli med i), kom det måndag eit innlegg av ein bibliotekar som etter grundig sjølvstudium, fortel ho, er blitt kritisk til den heimlege koronastratgien. Men kan ho på nokon måte gje uttrykk for dette i høve til publikum på biblioteket?
Ho spør seg blant anna: «Vi ska vara en fena på källkritik, är vi det, sätter vi om det i vårt arbete? Ska jag bära rollen som samhällsbärare genom att kopiera papper, … I utredningen om nationella biblioteksstrategin, … ställdes frågan om bibliotekarier skulle vara förberedda och vilja att bära detta ansvar som femte statsmakt. Vad tycker vi, ni, jag?»
Per måndag 1.12. kl 18.33 er dette blitt ein til dels god debatt (med ei avsporing til ja eller nei til munnbind) med heile 79 innlegg (vi har ikkje lese alt). Fleire meiner debatten er svært interessant og viktig, nokre må få tid til å tenkje, mens andre igjen er skråsikre på at:
Les mer «Bibliotek og kjeldekritikk i Tegnell- og Nakstad-land»NRK.no med stor reportasje frå Katta-biblioteket

Søndag kveld publiserte Nrk.no: «Dei skjulte bokskattane : Noregs eldste bibliotek ligg i kjellaren på ein vidaregåande skule». Det handlar om biblioteket på Oslo Katedralskole, grunnlagd i 1153, men då i eit anna lokale. Essensen er: «Her finn du mellom anna den eldste trykte boka om Noreg, kapitalismens bibel, eventyret om Askepott (ja, faktisk) som kappåt med trollet og hefte frå 1500-talet som ein inntil nyleg ikkje visste eksisterte».
Vi omtalte i juli boka «Bokhistorie. Bibliotekhistorie»:
Les mer «NRK.no med stor reportasje frå Katta-biblioteket»Nasjonalbiblioteket blir svensk – igjen?

Ifølgje Klassekampen fredag har regjeringa «godtatt å selge statens Entra-aksjer. Nå kniver de svenske eiendomsgigantene SBB og Castellum om kontroll over selskapet». Eitt av bygga til Entra (utskilt frå Statsbygg i 2000) er Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Og dette vil no «ofres på markedsliberalismens alter, tordner SVs næringspolitiske talsperson Torgeir Knag Fylkesnes».
Heilt einig med sistnemnde. Det sterkt tvilsame er jo at private skal gjere seg rike på husleiga vi alle betaler gjennom skatten. Men under Entra har dette alt vore børsnotert og big bissniss i fleire år. Og salet gjeld ikkje innhaldet og drifta. Og i tillegg har staten sikra seg gjenkjøpsrett. Så den heilt store skandaleoverskrifta blir det ikkje på ein bibliotekpolitisk blogg som denne.
Men på bloggen driver vi også med bibliotekhistorie, og vi blei nysgjerrige på korleis det var førre gong det norske nasjonalbiblioteket var «svensk»? Var det også ein nasjonalbibliotek-union som blei oppløyst i 1905?:
Les mer «Nasjonalbiblioteket blir svensk – igjen?»Materialistisk, litterær jul
Det er blitt advent, men utan julekalender her på bloggen. Og det er ikkje første gongen; vi har faktisk aldri hatt ein. Derimot har vi ei juleforteljing. Ei vi har lese nokre gongar dei siste førti åra, også høgt, nesten som folk les juleevangeliet. Men denne er både verdsleg og materialistisk, faktisk er ho eit varmt forsvar for spekulativ kremmarverksemd.
Samtidig som ho kjem frå hjartet av den nordiske arbeidarlitteraturen. Vi snakkar om eit kapittel i sjølvbiografien til Ivar Lo-Johansson, band 2, «Asfalt», frå ungdomstida hans på 1910-talet.
Her nærmar vi oss klimaks i arbeidargutens strålande debut som juletreseljar sentralt i den svenske hovudstaden (les heile på nb.no):
I skumringen kom en herre med pelskrage på frakken og med sigar i munnviken og forlangte brysk en tometers gran. Bilen han ble kjørt i stod ved fortauskanten, klar til å kjøre hjem både ham og granen. Innenfor bilrutene skimtet jeg sjåføren.
– La meg se! sa han.
Da belysningen på plassen ikke tillot å se noe, holdt han seg ute på det brede fortauet hvor det var en gatelykt. Han forlangte at jeg skulle bære granen ut i lyset.
Jeg betraktet mitt offer.
– To meter?
– Vi har det høyt under taket hjemme. Hit med et tre og det fort.
(Omsett av Nils Werenskiold).
Medmenneskeleg bibliotekbygging i Chicago
Vi blogga i går om at biblioteka må kunne gjere noko for å motverke einsemd for norske studentar – og for folk i tre forstadar i Chicago. Det siste hadde vi frå ei ny bok: «Ensomhetens århundre» av britiske Noreena Hertz. Men her fann vi berre uklare referansar, før vi no las boka grundigare:
Det interessante med Chicago er ikkje at dei har bygd nye bydelsbibliotek, noko som i seg sjølv fremjer sosial kontakt, jamfør PLACE-prosjektet, men at dei nyleg har fullført tre bustadprosjekt der bibliotek er sentrale og heilt integrerte.
I Noreg betyr nye, urbane bustadprosjekt typisk høg standard med tilsvarande prisnivå og påfølgjande gentrifisering. Men i nybygga i desse tre Chicago-bydelane er det ulike prisnivå, noko som bidrar til at biblioteka blir reelle fleirkulturelle og -sosiale møteplassar. Hertz skriv blant anna:
Les mer «Medmenneskeleg bibliotekbygging i Chicago»Hjarte og snøkrystallar
I går handla to av avisoppslaga i kongeriket om tildekking av bibliotekvindauge. Men med svært ulik bakgrunn:
Ifølgje Fjell-Ljom utlyser Røros bibliotek leseaksjonen «Nisseles»: «Alle som låner og leser bøker fram til 20. desember kan være med i trekninga av en premie, og for hver leste bok henges det opp en snøkrystall i vinduene på biblioteket».
Mens derimot iTromsø har eit lesarbrev frå to FAUar i Tromsdalen som startar slik: «Kjære politiker i Tromsø kommune. Visste du at: Vinduene på Tromsdalen bibliotek er fylt med 538 hjerter? Disse er laget i løpet av de siste ukene av store og små tromsdalinger. Selv om ordlyden og designet er ulikt, er beskjeden den samme: Bevar biblioteket i vårt! Engasjementet er så stort – og hjertene så mange – at det lille dagslyset Tromsø har å by på for tiden knapt klarer å lure seg inn i kjelleren på Ekornsenteret».
Student- og anna einsemd
Dette er sikkert ikkje noko nytt for norske UH-bibliotek, men vi vil berre nemne at Khrono.no no tar for seg ein rapport frå ei ekspertgruppe som blant anna meiner at bibliotek kan vere viktig for studentar under koronaen. Artikkelforfattaren nemner verken namnet på rapporten eller lenker til han, men vi fann han: «Tiltak for oppfølging av studenter ved fagskoler, høyskoler og universiteter under pandemien».
Punkt 5.2. heiter «Studentene trenger faglige og sosiale møteplasser hvor de kan overholde smittevernregler», og her kan vi lese: «Institusjonene bør så langt det er mulig også stille lokaler til disposisjon slik at studentene kan bruke lesesaler, bibliotek, kantiner og andre rom til faglige og sosiale aktiviteter innenfor de gjeldende smittevernrammene» (vår utheving).
Men dét er også alt.
Vidare har vi no for første gong lånt ei e-bok på Allbok: «Ensomhetens århundre« av britiske Noreena Hertz. Boka er så fersk at ho har med koronaen, men så har ho også preg av hastverk. Vi kjem ikkje til å lese heile. Det er ein flaum av …
Les mer «Student- og anna einsemd»Bibliotekhumor
Dette er ein kategori, stikkord eller tægg her på bloggen. Kvar tysdag (nesten) har vi sidan i sommar presentert ein slik, med tru på at bloggen (også) kan ha verdi som oppslagsverk. «Bibliotekhumor» har vi knytt til i alt 35 blogginnlegg. Her er det stort og smått. Men til dømes fann vi i april, i starten av koronaen, litt trøyst i ein nyare norsk klassikar. Men av ein forfattar som insisterer på at han ikkje driv med humor.
Bibliotek for filosofisk interesserte kurdiske flyktningar …

… og andre leselystne og kunnskapstørste flyktningar og huslause i Athen. Forlaget Verso har ein artikkel på bloggen sin om den venstreorienterte, fleirspråklege bibliotekbilen ECHO som køyrer rundt 400 km i veka til 11 stopp i og utanfor den greske hovudstaden der det finst flykningleirar. Nokre stader kjem dei ikkje inn; dette er kontroversielt i dagens Hellas. Dei baserer seg på spreidde løyvingar, bokgåver og frivillige. Du kan også støtte dei økonomisk.
PS: Det står at dei har fått bøker frå «a closing multilingual library in Sweden». Det må vere Internationella biblioteket i Stockholm som dei lokale styresmaktene presterte å dele opp og rasere i fjor. Då skreiv vi om dette og andre aktuelle bibliotek-trugsmål og kampmetodar i den svenske hovudstaden.










